Trøste – og bære meg

Korleis har du det, kjære kollega? Eg spør fordi paradokset stadig slår meg: Å jobbe i helsevesenet utfordrar helsa. Nokon må også trøste og bære meg.

Publisert
Kjersti Jekteberg Nordpoll

UNGE STEMMER-KOMMENTAREN: Kjersti Jekteberg Nordpoll, lege under spesialisering (LIS 2) i akutt- og mottaksmedisin ved Stavanger universitetssjukehus (SUS)

NYLEG STILTE EIN nær og kjær slektning meg eit spørsmål som har gitt gjenklang sidan. Vi snakka om arbeidskvardagen min som lege. Om dei tøffe pasientskjebnene på jobb. Korleis vi som helsearbeidarar best kan forsøke å hjelpe pasientane.

Ho var stille ei stund, før ho til slutt spurte: – Men Kjersti, kven tar vare på deg?

PRESS. Vi legar jobbar under kontinuerleg indre og ytre press. Vår yrkesgruppe har mykje høgare sjølvmordsrate enn grupper det er naturleg å samanlikne med. Vi sjølvdiagnostiserer, og vi medisinerer helseplager, livssmerte og yrkesrelaterte påkjenningar.

Det sit langt inne å søke hjelp og støtte. Vi har få eller ingen trygge arenaer for ærleg tilbakemelding og ventilering. Vi går på jobb når vi er sjuke. Vi har vanskar med å stole på at det helsevesenet vi er ein del av, kan ta vare på oss. Vi er redde for ikkje å strekke til, erkjenne og innrømme at også vi er sårbare. Ofte er det ikkje rom for det heller. Direkte uklokt og farleg. «Ikkje svøm med hai viss du blør», som patolog Olav Hilmar Iversen (1923–97) skreiv i sin legendariske artikkel «Kunsten å svømme blant hai».

Tar du vare på deg sjølv, og lar du andre ta vare på deg slik du ville råda din pasient til å gjere det?

I boka «Healing the Wounds; A Physician Looks at His Work», skriv allmennlegen David Hilfiker: «Det er no ein av verdas dårlegast bevarte løyndomar at angst, depresjon, einsemd og utmatting er avgjerande faktorar i liva til mange legar.»

EGENOMSORG. Det er godt at vi som medisinstudentar og legar er opptekne av å ta vare på heile mennesket i møte med pasienten. Imidlertid opplever eg at ubalansen er påtakeleg i møte med oss sjølve. Eg er redd det er ein ganske annan kultur som formar oss legar, og at både vi og pasientane våre lid under dette.

Ikkje berre er vi «oppvaksne» med ein arbeidskultur eg meinar konsistent bryt med gode grenser for både fysisk, psykisk og åndeleg helse. Det er etter mi oppfatning også ein ukultur blant oss legar som idealiserer denne grenseoverskridinga.

Tar du vare på deg sjølv, og lar du andre ta vare på deg slik du ville råda din pasient til å gjere det?

«TRØSTE OG BÆRE MEG». I heimdistriktet mitt i Nordfjord har vi eit uttrykk for sympati i møte med opprivande nyhende: «Trøste og bære meg!» Lat oss som legar tillate oss å seie nettopp det: Nokon må også trøste og bære meg. Eg er ikkje berre ein profesjonsutøvar. Eg er ein heil person.

Det vil gi grobotn for sunn menneskeleg vekst og profesjonsutøving.

Den kjende legen Paul Tournier sa det allereie på 60-talet: «Good medical practice does not depend only on the technical competence of the doctor, but also on his personal influence. It does not finally depend on what we do for a person, but on what we are ourselves».


Tilleggsopplysning: Artikkelforfatteren har tidlegare vore turnuslege i Troms og jobba som fastlege.


Dagens Medisin, fra Kronikk- og debattseksjonen i 10-utgaven

Powered by Labrador CMS