Gratulerer: Vel fortent!
Med «Alle møter»-prosjektet har vi tatt eit stort steg i rett retning, og medarbeidarane i Helse Vest har bidrege til dette. E-helseprisen 2014 er vel fortent.
Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.
Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest RHF
NYLEG FEKK vestlandspasienten.no eHelseprisen 2014 for å ha skapt ein sikker og framtidsretta plattform for offentlege pasientretta tenester på internett. Dette er teknologisk nybrotsarbeid i helsesektoren. Men kanskje endå viktigare betyr løysinga ein betre kvardag for både pasientar, pårørande og helsepersonell.
Vestlandspasienten er ein portal kor helsepersonell blant anna kan ha effektiv kommunikasjon med pasientane. Målet er at sjukehusa i Helse Vest skal vere serviceinnstilte og framoverlente når det gjeld informasjonsdeling.
NYBROTSARBEID. Som pasient i eit av dei tre vestlandsfylka kan du no logge deg på vestlandspasienten.no og få oversikt over timane dine på sjukehuset, sjå røntgentimar, sjå timane til barna dine (under 12 år), bekrefte at du kjem til timen, leggje timeavtalen direkte inn i kalenderen din – og sende melding til sjukehuset om du har spørsmål eller ønskjer å endre timen. I løpet av 2014 vil du også kunne sjå status på tilvisinga di og sjå elektronisk versjon av innkallingsbrevet ditt.
Medan denne typen kommunikasjon tidligare har gått føre seg i brevform – kan pasientane no altså kommunisere med sjukehuset på ein heilt annan måte enn før – og det er heilt trygt. Dette er teknologisk nybrotsarbeid i helsesektoren – men prosjektet «Alle møter» handlar like mykje om organisasjonsutvikling. For det ligg mykje arbeid bak å få ei slik løysing implementert i sjukehusa.
Ein ting er å hente timane som ligg i pasientjournalsystemet og vise dei på vestlandspasienten. No blir i tillegg røntgentimar frå tre andre system henta ut og vist på portalen. Det er første gong sjukehusa på Vestlandet viser pasientinformasjon eksternt på denne måten, og det ligg utroleg mykje arbeid bak for å finne sikre løysingar.
KREVJANDE. Men det er ikkje berre teknologien som er krevjande. Vestlandspasienten har gått frå å vere eit pilotprosjekt i 30 avdelingar til å bli tatt i bruk av nesten alle avdelingar i alle sjukehusa og institusjonane på Vestlandet. Fleire tusen medarbeidarar i dei fire føretaka har fått, og skal få, opplæring i korleis dei skal føre timane i pasientjournalsystemet for at dei skal visast riktig på vestlandspasienten. Dei skal også få trening i korleis dei skal handtere innkomne meldingar slik at alle får svar og at ingen meldingar forsvinn.
I tillegg skal medarbeidarane på sjukehusa kunne nok om nettløysinga til at dei skal kunne svare på spørsmål som pasientar og pårørande måtte ha.
NED MED VENTETIDA! Det at ein går over til fleire sjølvbeteningsløysingar, håper vi også skal vere til hjelp for pasientane. Ei studie som ble utført i Helse Fonna, viser at brorparten av dei innkomne telefonane til sjukehusa handlar om status på tilvisinga. Pasientane har behov for å vite at dei ikkje er gløymde av systemet. Ved å kunne sjå status på tilvisinga til ei kvar tid, har ein oversikt over kva som skjer, og forhåpentlegvis vil dette gjere ventetida mindre prega av usikkerheit.
Andre løysingar som no blir rulla ut, er bruk av sms ved tildeling av time. Det vil sei at du som pasient på Vestlandet ikkje berre får påminning via sms rett før timen, du får også ein sms idet innkallingsbrevet blir sendt i posten. Dermed er det veldig lett å leggje timen rett inn i eigen kalender, og faren for å gløyme han blir mindre. Målet med «Alle møter»-prosjektet er at fleire skal møte til timen sin og at ventetida dermed skal gå ned.
BETRE PLANLEGGJING. Vestlandspasienten er ikkje berre til for pasientane. Nettstaden kan òg lette arbeidsdagen til medarbeidarane ved sjukehusa. Det at fleire pasientar går over til å sende melding i staden for å ringje, gjer at dei som svarar på førespurnader, kan planleggje arbeidsdagen sin i større grad. På den måten kan legane bruke meir tid til pasientbehandling og mindre tid på administrative oppgåver.
I tillegg arbeidar vi med betre intern planlegging på sjukehusa. Vi ønskjer at behandlarane skal planleggje lenger fram i tid, noko som vil bety at pasientane kan få tildelt time tidlegare enn før. Målet er at pasienten skal bli tildelt timen sin ved første gongs tilvising. Vi ønskjer at fleire skal møte til timen sin og at fleire skal ta den timen dei får tildelt. Det er veldig ressurskrevjande å re-planleggje ein time, særlig om det er ein time kor fleire behandlarar er involverte.
Med vestlandspasienten og dei andre tiltaka i «Alle møter»-prosjektet meiner vi at vi har tatt eit stort steg i rett retning. Som medarbeidar ved eit av sjukehusa eller institusjonane i Helse Vest har nett du bidrege til at dette er mogleg. Utan din innsats hadde vi ikkje vore der vi er i dag. Så gratulerer med eHelseprisen 2014. Den er vel fortent.
Kronikk og debatt, Dagens Medisin 16/2014