Århundrets bløff
KLIMAENGASJEMENT: – Politikarane har via CO2-hysteriet funne seg eit gullegg for skattlegging som dei aldri frivuljug vil gje slepp på, skriv Gunnar Saunes, spesialist i allmennmedisin.
Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.
TILLAT MEG EIN kommentar til artikkelen «Vil lege klimaet» i Dagens Medisin (03/2008), der temaet var CO2. Det er rett fram deprimerande å sjå kor mange kloke hovud som kastar vekk tid og pengar på den innbilte CO2-faren. Og vidare: Ynskjer Dagens Medisin å behalde ein snev av seriøsitet, bør ikkje avisa opptre som mikrofonstativ for spekulative klimateoriar.
Alle som har ni års skulegong bak seg, burde kjenne denne likninga: CO2 +H2O +sollys>> Karbohydrat + O2. Ho fortel i korte trekk at ved hjelp av CO2 lagar plantene på jorda sukker + oxygen.
CO2 er med andre ord ein livsnaudsynleg gass vi ikkje kan leve forutan.
Kva tid går CO2 frå å vere det – til eit trugsmål mot vår eksistens?
Drivhusgassane
I ein atmosfære er det 78 prosent nitrogen, 21 prosent oksygen, 0,93 prosent argon og andre edelgassar og 0.037 prosent CO2.
Vassdamp og skyer utgjer cirka 98 prosent av drivhuseffekten, CO2 står for mindre enn to prosent. Naturen sjølv står bak meir enn 96 prosent av CO2-omsetninga – brenning av kol, olje og gass mindre enn fire prosent.
Dermed utgjer menneskeprodusert CO2 mindre enn 0,0008 prosent, eller under én promille av drivhuseffekten. Med andre ord: Det er urimeleg å tru at det vesle musepisset av menneskeprodusert CO2 kan føre til klimaendring.
Henrys lov
Det er reikna ut at det fins om lag 2500 milliardar tonn CO2 i luft – og 50 gongar så mykje i hav/vatn. Henrys lov seier at konsentrasjonen av CO2 i vatn er temperaturavhengig på ein slik måte at vatnet gir frå seg CO2 når det vert oppvarma og omvendt når det vert nedkjølt.
Sagt på ein annan måte: Det er berre ein auke av temp i vatn/luft som kan gje høgare CO2 i atmosfæren. Ein CO2-auke er ikkje årsak til at temperaturen på jorda har gått opp med cirka 0,6 grader siste cirka 100 år, men ein følgje av dette.
Kunnskapslause politikarar
Vår politiske elite har bestemt at mest all gassen frå oljefelta skal sendast til utlandet, men det vert same CO2-utsleppet der. Det ein oppnår, er å kaste vekk masse energi/pengar på først å pumpe gasssen utanlands, deretter energitap på leidningsnettet tilbake. Det burde for lengst ha vore bygt fleire gasskraftverk her i landet for best mulig utnytting av energien.
Dei same politikarane har krevd CO2-reinsing frå framtidige gasskraftverk. Ein vil sløse vekk milliardar av kroner for først å forske fram, seinare bygge reinseanlegg som er heilt vekkasta: Offentleg sløsing på sitt verste.
I staden for å kaste vekk fellesskapet sine midlar på denne måten, burde desse pengane brukast til å forske fram og bygge ut nye energikjelder, eksempelvis thoriumkraftvek, vind- og sjøenergi.
Vil berge kloden, må vite
Kva har vi så her? Jau, som agenten i kva spelefilm som helst ville ha sagt: «We have a situation»: Godt ut frå land har vi ein båt lasta til ripa av «klimaforskarar» og «miljøvernarar» som har lurt med seg ei mengd politikarar i alle fargar og nyansar samt journalistar og mediefolk. Dei har sett seg som mål å berge kloden, må vite. På dette har dei satsa mykje prestisje.
Spørsmålet er no: Kven vil først innsjå at dei har teke feil, kven vil vere den første til å karre seg i land og vedgå at det heile var ei mistyding? Hender det ofte at slike folk vedgår at dei har teke i miss? Nei, det kan difor verte lenge å vente.
Ein vanheilag allianse
Sagt med andre ord: Vi har her ein vanheilag allianse av klimaforskarar, meteorologar, miljøvernarar, politikarar og mediefolk som alle er interesserte i at farsen skal halde fram.
Klima- og miljøfantastane har kvar skaffa seg eit solid sugerør i statskassa – og dermed ingen økonomiske suter i all overskueleg framtid. Politikarane har via CO2- hysteriet funne seg eit gullegg for skattlegging som dei aldri frivuljug vil gje slepp på. Journalistar og mediefolk sel på store overskrifter om komande klimakatastrofar – og kva sel betre enn trugsmål om verda sin undergang på grunn av CO2?
Kjære lesar, dette skal du vite: neste gong ein politikar/miljøfantast snakkar om kor viktig det er å redusere CO2-utsleppa for å hindre ein klimakatastrofe, kan du konkludere med: 1): Han har ikkje peiling. 2): Han mjølar kun si eiga kake.
GUNNAR SAUNES,
spesialist i allmennmedisin, Ulsteinvik
Dagens Medisin 07/08