Bjørg Bakkes blogg

Systematisk nepotisme eller berre tilfeldighetar?

Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.

Bjørg Bakke

Bjørg Bakke er 6.års medisinstudent ved Universitetet i Bergen.
Hun var tidligere leder i Norsk medisinstudentforening (Nmf).

Når turnuslegevikarar skal tilsettast er det viktig med gode og gjennomsiktige prosessar. Dette er noko Nmf har sett fokus på dette året, nettopp fordi det får følgjer for tilsetting i turnuslegestilling, som no baserar seg på søknad. Sjølv om ein nå har stort fokus på at turnuslegestillingar skal utlysast, gjennomføre intervju og ha klare kriterier, så er ikkje det like sjølvsagt i vikariata.
Diverre er det slik at desse vikariata får meir å seie i den nye ordninga. Ein kan då vise til legeerfaring, noko arbeidsgjevar sjølvsagt vil verdsette. Men viss dette skal vere eit positivt fortrinn, må også tilsettingsprosessen til vikariata vere etter protokollen. Om regelverket seier at desse vikariata ikkje treng å utlysast, så bør regelverket endrast.
Nmf har etter tips frå studentar, undersøkt fleire sjukehus og korleis medisinstudentar med lisens har fått turnuslegevikariat. Resultata er bekymringsfulle. Fleire studentar rapporterer om at sjukehusa har tilsett lenge før utlysninga kjem, dvs at utlysninga er for å vise utad at ein har ein "open" prosess. Andre fortel om foreldrekontaktar, turnuslegar som tilsett eller tilfeldige møte med legar på gangen. Det er med andre ord ein svært uregulera prosess.
Det er likevel viktig å presisere at dette ikkje er ei jakt på folk som tilsett i grenseland av det som er lovleg. I dei fleste tilfella er nok tankelaushet og dårleg tid det som fører til at ein nyttar seg av dei kjenskapane ein har. Intervju og vurdering av søknadar er eit tidkrevjande arbeid. Nepotisme i helsevesenet er ikkje positivt for nokon, verken dei som blir tilsett, dei som ikkje blir tilsett og ikkje minst ikkje for dei som har ansvar for dette. Nepotisme er faktisk definert som korrupsjon, og dette er noko ein ikkje vil bli stempla med.
Nmf er opptatt av at denne (u)kulturen i helsevesenet må vekk. Me må saman etablere nye rutinar. Alle stillingar bør utlysast og ein bør lage klare krav i forkant, så tilsettinga kan gjerast raskast mogleg. På denne måten blir heile systemet betre for både arbeidsgivar og arbeidssøkar. I fyrste rekkje bør krava verdsette kompetanse.
Når det gjeld alle medisinstudentar som har legeforeldre eller alle legane som har born som er medisinstudentar, så er det viktig at desse ikkje blir diskriminera. Sjølvsagt skal ein kunne få moglegheit til å bli tilsett ved same sjukehus der sine eigne foreldre arbeider, men det må vere eit krav om at det skjer fordi ein er mest kvalifisera. Det skal vere mogleg å gå inn i ein tilsettingsprosess i etterkant og sjå via søknad/CV/intervju at kandidaten er meir egna enn andre søkjarar.
Norsk helsevesen har i mange år vore prega av at alle får jobb. Kulturen har til tider vore slik at arbeidsplassar gjeng i arv, men dette er ikkje mogleg lengre. Me må innføre nye rutinar slik at ikkje tilsettingar blir prega av rykteflom, diskriminering og lite gjennomsiktige prosessar. For oss som profesjon, så må me krevje meir ressursar i tilsettingsprosessane. Det skal og bør vere slik at etternamn ikkje har noko å seie.
Saka som omhandlar Stavanger Universitetssjukehus er på ingen måte ei einskild sak. Denne saka dreier seg ikkje om kven som har gjort feil, men handlar om ein tenkemåte som er prega av at kjennskap til personar gjev nokre søkarar eit fortrinn. At det blir tilsett 8 av 12 turnuslegevikarar som tilfeldigvis er, enten i slekt eller har legeforeldre i nær tilknyting til SUS, er litt merkeleg. Kanskje er det ein tilfeldighet, kanskje er det ikkje. SUS bør ettergå sine rutinar. Nmf stiller spørsmålsteikn ved prosessen basera på tilbakemeldingar frå våre medlemmer.
Me håpar eit auka fokus på tilsettingsprosedyrer i helsevesenet kan bidra til eit meir rettvis system for oss alle.

Powered by Labrador CMS