Bjørg Bakkes blogg

Menneskerett å bli lege?

Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.

Bjørg Bakke

Bjørg Bakke er 6.års medisinstudent ved Universitetet i Bergen.
Hun var tidligere leder i Norsk medisinstudentforening (Nmf).

I dag kan du kjøpe deg ein plass ved eit ungarsk universitet for 42 000 kroner og 4 i karaktersnitt. Du er sikra fyrste året av medisinstudiet ved Bjørknes, medan dei fire neste åra i Ungarn og det siste året kan du hospitere ved eit norsk sjukehus. Dette reklamerer Bjørknes privatskule på sine nettsider.

Norske universitet utdannar omlag 3600 medisinstudentar totalt. Utanlandske universitet omlag 3000 - eit tal som stadig aukar. Ein bevisst strategi frå norske myndigheter, som peikar på at det er "så billig." (sitat Kunnskapsdepartementet)

Er det slik me vil ha det?

Er dette ei ordning som sikrar kvalitet?

Er det ei ordning som sikrar norsk helsevesen dei beste legane?

Skal nok pengar vere eit krav for å bli lege?

I løpet av dei 10 siste åra har norske statsborgarar som studerer medisin i utlandet auka med 50%. Det har på mange måtar blitt ein menneskerett å studere medisin – har du lyst, må du få lov. Slik bør det ikkje vere.

Me er no for mange, og det er oss sjølve som får kjenne på konsekvensane av denne politikken. Stadig fleire blir ståande utan turnusplass, og dermed utan moglegheit til å praktisere som lege, både i Noreg og utlandet. Som medisinstudent er du ikkje sikra å få ferdiggjort utdanninga di, sjølv om du gjer alt "rett".

Dette er ikkje noko me kan feie under teppet. Vel du å studere medisin i dag, må du ha tenkt på arbeidsmoglegheitene dine. Dei er ikkje så altfor gode. Dette til tross for at Noreg treng stadig fleire spesialistar og allmennlegar.

Dette fører oss automatisk over til ein diskusjon om kvar ein skal utdanne legane Noreg treng. Er legeutdanninga i Romania kvalitetssikra? Polen? Ungarn? Norge? Me må tørre å diskutere om utdanningane i Europa er likeverdige. Ei blemme som veks seg stadig større, men som ingen tør å nemne.

Det er ikkje slik at ein diskriminerar eller er nedlatande mot dei som har tatt utdanninga si her eller der ved å snakke om dette. Det er faktisk å forhalde seg til verkelegheita. I staden forheld me oss til ein draum om ei utopisk verd som ingen kan verken bekrefte eller avkrefte.

Ved mange utanlandske universitet, er ikkje dei norske studentane ein del av det lokale utdanningssystemet for medisinstudentar. Dei har eigne klasser på engelsk, der studentar frå heile Europa betalar skulepengar for å få ei medisinutdanning. Dette finansierar igjen dei lokale medisinutdanningane. Kva gjer det med insentiva for å stryke studentar, når inntektene aukar for kvar kandidat som uteksaminerast?

Dette er spørsmål ingen vil snakke om. Nmf, Legeforeiningen, ANSA og myndighetene. Me har alle vore feige i fleire år, og nå bankar det på døra. Alle som har blitt fortalt at det er berre å reise til utlandet viss du ikkje kjem inn i Noreg. Du har jo rett på turnus uansett.

Spelet har endra retning. Me må diskutere dette utan at diskusjonen skal avfeiast med argument som diskriminering og at det er bra med mangfald. Me må diskutere dette slik at alle dei som vurderer å studere medisin tek eit val basera på korrekt informasjon. Slik at dei ikkje står klare om seks år, men får verken turnus eller jobb.Det er ikkje slik at til fleire me blir, til betre blir det.

Norske studentar må nå forhalde seg til det europeiske studentar også slit med – arbeidsledighet. Som fagforeiningar eller interesseorganisasjon må me slutte med populismen og vere ansvaret vårt bevisst. Det er å komme med korrekt informasjon - ikkje måle eit glansbilete som blir meir og meir uklart for kvart år.

Det skuldar me framtidige studentar.

Det skuldar me oss sjølve.

Og ikkje minst, det skuldar me pasientane.

PS: Ynskjer du å kommentere eller diskutere under - oppfør deg som eit vaksent menneske. Ikkje som ein liten dr..ttunge som fleire andre trådar vitnar om.

Powered by Labrador CMS