Bjørg Bakkes blogg

Den alternative legen

Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.

Bjørg Bakke

Bjørg Bakke er 6.års medisinstudent ved Universitetet i Bergen.
Hun var tidligere leder i Norsk medisinstudentforening (Nmf).

Knirk. Døra gjekk stille opp. Skorne hans laga våte flekkar på golvet. Stokken knirka for kvart steg saman med ledda som skreik av alderdom. Mannen, kledd i ein dress frå mellomkrigstida, smilte og blottla ei manglande tann. Eimen av gamal parfyme seig inn på kontoret. Han sette seg ned i stolen og såg forventningsfullt opp.

''Det er du som bestemmer, doktor. Eg gjer det du vil eg skal gjere. Kva hadde du gjort?''

Mannen som kom inn var ein av mange. Ein av mange som opplever det å gå til legen som ei viktig hending i kvardagen. Respekten for legen, respekten for kunnskapen og respekten for sjukdom er hjå mange større enn det som kanskje er sunt. Viktigheita for helsevesenet blir dermed å behandle denne tillitserklæringa med stor forsiktighet og respekt. Som lege har ein eit stor ansvar for pasienten, men også for sin eigen integritet. Ein lærer seg evidensbasera kunnskap om kroppen, frisk som sjuk. Ein lærer seg eit kritisk blikk og ein lærer seg å måle det ein gjer. Dette for å sikre pasienten som er i ei sårbar stilling.

Kommunehelsetenesta
Fyresdal kommune ligg i Vest-Telemark. I følgje lokalavisa Vest-Telemark Blad har ordføraren i denne kommunen ei personleg tiltru til det som blir kalla som "austleg medisin". Han har faktisk så stor tru på dette at han har fått med seg kommunestyret til å utlyse ei stilling etter ein kommunelege som kan kombinere desse to greinene innanfor helsesektoren.

Kommunen, med ordføraren i spissen, ynskjer ein ny kombinasjon i helsevesenet. Utlysinga peikar spesifikt på målet deira "ynskjer å gå nye vegar i helsearbeid og førebyggjande arbeid, særskild i forhold til barn og unge." Vidare seier utlysinga " Legen vil få ansvar for å bygge opp eit godt førebyggande helsetilbod som foreinar det kommunale tilbodet med alternativ medisin. Tilbodet skal vera førebyggande og retta mot barn og unge. Legen vil sjølv få moglegheit til å arbeide med akupunktur ein dag i veka. "

Tryggleik og ansvar
Som legar har me eit stort ansvar for pasientane våre. Me har ansvar for å formidle kunnskap, behandlingsmetodar og sannsyn. Me har også ansvar for å ikkje presse pasientane våre til noko som kanskje ikkje er i deira beste interesse. Det same kan ein seie om Fyresdal kommune, med ordførar Skjervagen i spissen. Dei har det same forvaltningsansvaret. Eit ansvar for tryggleik. Eit ansvar for fornuft. Og også eit ansvar for forsvarleg bruk av offentlege midlar.

Dette ansvaret er ikkje Fyresdal kommune seg bevisste på. Dei nyttar kommunelegen som eit middel for ei personleg tru på alternativ medisin. Og om ikkje det var nok, vil dei rette det inn mot barn og unge. Barn og unge som kanskje ikkje ein gong er myndige eller klar over kva behandling dette faktisk er.

Me forvaltar alle eit ansvar. På same måte som eg må la pasientane få eit reelt val i ein vanskeleg situasjon, så må også ordføraren og kommunen gje sine innbyggjarar moglegheita til å ikkje nytte skattepengane sine på ein kommunelege som driv med "alternativ medisin" – og kva nå enn det faktisk inneber. Me kan alle ha vår personlege oppfatning og syn på helse, men yrket vårt og profesjonaliteten vår gjer at me held dette for oss sjølv i møte med ein tillitsfull pasient eller innbyggjar.

Førebyggjande helsearbeid
Fyresdal kommune set fokus på førebyggjande helsearbeid og nyttar dette som primær årsak for si auka satsing på "alternativ medisin". I staden for å nytte offentlege midlar til fornuftig opplysningsarbeid, auka fokus på aktivitet, sunt kosthald og andre helsekampanjar, vel dei å gje sine barn og unge tilgang på alternativ medisin og akupunktur.

Kva skal eigentleg skje med helsevesenet vårt når dette blir tillat? Kva skjer med tilliten pasientane har til helsevesenet når alternativ medisin blir blanda med evidensbasera medisin?

Helsemyndighetene må bli flinkare til å følgje opp saker som dette. Om ei slik utlysing og ei slik stilling faktisk er juridisk lovleg, så bør me endre på loven. På den måten kan born, ungdom og vaksne vere sikre på at det offentlege helsevesen er ein trygg og evidensbasera arena. Den alternative sfæren som finnast der ute kan fortsatt bli nytta, men det får dekkast av den alternative pasient.

Powered by Labrador CMS