Alle har ansvar for at vi har eit sunt helsevesen

Vi bør ikkje tillate oss å vere ein passiv tilskuar og bidragsytar til den neste store pandemien. Klimaavtrykket til helsehjelp må fram i lyset.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.

Ola Løkken Nordrum


Kronikk: Ola Løkken Nordrum, folkehelseansvarlig Norsk medisinstudentforening (Nmf) Utland

Sara Soraya Eriksen, folkehelseansvarlig i Nmf

DET MODERNE helsevesen er ein klimaversting. Dersom den globale helsesektoren hadde vore eit land, hadde den vore den femte største klimagassutslepparen,
berre slått av Kina, USA, India og Russland.

Som helsearbeidarar burde vi ikkje slå oss til ro med dette. Det er på tide å utvikle eit meir bærekraftig helsevesen— for både menneske og planeten.

Sara Soraya Eriksen

TILLITEN. Helsevesenet må gå foran. «Tillit er det beste vi kan investere i»,skriv Marit Hermansen i Tidsskriftet. «Det vil gjere oss sterkare til både å handtere kriser og tida som kjem etterpå», påpeikar presidenten vår. Men skal dette vere truverdig, må vi også, som sektor, ta ansvar i den pågåande klimakrisa. Det norske helsevesenet står for 4.3 prosent av det totale norske klimaavtrykket, meir enn all innanriks flytrafikk.
Vi burde ikkje tillate oss å vere ein passiv tilskuar og bidragsytar til den neste store pandemien. Klimaavtrykket til helsehjelp må fram i lyset.

INNKJØPSMAKT. Helseforetak har ei enorm makt i form av store innkjøp – ei makt som kan brukast til å endre produksjon- og leverandørvirksomhet. For kvart pund den britiske helsetenesta brukar på anskaffing av produkt, produserast det i gjennomsnitt 539 g CO2.

I den offentlege debatten går helse og pengar hand i hand, men klimaavtrykket nevnast sjeldan.

Ved å legge press på leverandørar, kan ein utvikle meir miljøvennlege og fornybare produkt. Region Skåne helseforetak har blant annet gjennom forhandlinger med leverandør bytta ut vanlege plastforkle med forkle laga av 91% resirkulert materiale. Region Skåne helseforetak har blant annet gjennom forhandlinger med leverandør bytta ut vanlege plastforkle med forkle laga av 91 prosent resirkulert materiale.
Burde også det norske helsevesenet stille strengare krav til sine leverandørar?

KLIMAAVTRYKKET. Det er enkelt å finne ut at 30 tablettar 40 mg atorvastatin kostar 140 kroner på blå resept, men veit du kva klimaavtrykket til denne behandlinga er? Visste du at klimaavtrykket til ein astmatikar kan være like stort som å ete kjøtt? Eller at anestesigassar er to–tre gonger meir effektive, eller verre, klimagassar enn CO2?

Det visste ikkje vi heller!

Kva behandling og medikament vi vel, spelar ei viktig rolle. Vi burde gi pasientar og helsepersonell enkel tilgang til denne type informasjon. Ved å endre vanar, der det er klinisk mogleg, kan vi sikre best mogleg behandling til våre pasientar – men også ved å ha planeten vår i tankane. Kanskje er løysinga eit rangeringssystem for medikament som også tar hensyn til klimaavtrykk?

KVA ER I SØPPELKASSA? Som helsepersonell generer vi enorme mengder avfall gjennom arbeidet vårt. Dette medfører eit stort ansvar for kjeldesortering og gjenvinning. Ved Aarhus universitetssykehus har det blitt vist at 18 prosent – eller 400 tonn – av alt avfall, var «rein» plastforpakning.

Eit sunt klima og sunne menneske går hand i hand og treng ikkje å gå på akkord med kvarandre

Kun ein minimal andel av dette blei gjenvunne – ein dyr (u)vane.

Kjeldesortering ved norske sjukehus går også i sneglefart. I ein kvardag der det står mellom liv og død, er det naturleg nok ikkje kildestortering som sit i førarsetet.

Vi har ofte blitt gåande rundt på sjukehuset med ei lomme dedikert til plast og ei til papir, i eit tungvint forsøk på å kjeldesortere. Helsesektoren må sette press på produsentar gjennom å krevje smarte forpakningar og løysingar, men vi må også legge betre til rette for at kjeldesortering lar seg gjennomføre innanfor veggane til norske sjukehus. Det må bli enklare for helsepersonell å bidra— også i ein hektisk kvardag.

TELEMEDISIN. Etter årevis på trappa, eller ute i kulda, har telemedisinen endeleg fått sin introduksjon. Ikkje berre er dette ein praktisk alternativ måte å kommunisere med pasientar på, men det er også ein effektiv måte å redusere utslepp på.

Men for å få effekt, krevjast det eit paradigmeskifte: Telemedisin skal ikkje ta over, men kanskje det er på tide å anerkjenne dette som eit viktig supplement til helsetenesta— ikkje berre noko som tas i bruk i ny og ne?

Og kva med medisinstudentane? Eit helsevesen som tar klimakrisa på alvor, krev legar med kunnskap om klima og helse. For å oppnå dette, har vi eit ansvar for å innlemme effektar av klimakrisa i større grad inn i det medisinske pensum. Vi ynskjer – og treng – å lære meir.

OMSORG FOR PLANETEN. Noko har byrja å skje globalt. I Tyskland har ein trent opp «klimaforvaltarar» til å drive eit grønt skifte frå innsida av helseforetaka.
Resultatet av desse tiltaka blir ein utruleg reduksjon av CO2-utslepp (34.500 tonn) på få år, i tillegg til ein reduksjon av energikostnadar på ni millionar euro. Grønne tiltak treng ikkje koste skjorta – tvert om. Sjukehusa i Noreg blir stadig sunnare, men potensialet for ein grønnare helsesektor er enormt.

Eit sunt klima og sunne menneskjer går hand i hand og treng ikkje å gå på akkord med kvarandre. Vi må sjølv lede an, endre våre vanar og spreie kunnskap. Den beste måten å ta vare på oss sjølve på, er å ta vare på planeten vår!

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS