Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Anti-aldringsbransjen – og meininga i tilværelsen?

Ungdoms-enzymet telomerase påverkar aldringsprosessen og er eit av dei heitaste forskingsfelta i den såkalla anti-aldringsbransjen for tida. Men kva er poenget med å streve konstant for å leve lengst mogleg?

Annons:
Lisbeth Homlong

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, fastlege ved Kurbadet legesenter i Oslo og seniorrådgiver i Helsetilsynet

FOR EI TID tilbake datt det inn ein invitasjon til 30-års reunion for ungdomsskulen. Det var eit lite sjokk, det må eg innrømme. Ein heil generasjon har vakse opp etter at eg gjekk ut av den døra for siste gong. 30-årskrigen varte like lenge som det har gått sidan eg var 16 år og hadde heile livet framfor meg.

Kvar har det blitt av oss alle? Korleis har det gått? Mange reiste frå bygda, andre blei, nokre kom tilbake. Ein handfull er borte for alltid. Nokre er trygge, andre i midtlivskrise. Vi har små og store barn og nokre har blitt besteforeldre. Alle har tapt – og alle har vunne. No er vi halvvegs.

EIN SJUKDOM. I sommar las eg eit intervju i A-magasinet (13. juli 2019) med ein ung lege som planlegg å leve så lenge som mogleg. – Aldring er ikkje ein naturleg prosess, meiner han, men ein sjukdom. Han viser til at mange sjukdomar er ei direkte følgje av aldringsprosessar, som til dømes Alzheimers, hjarte- og karsjukdom og kreft. Dersom vi klarer å løyse problemet med aldring, så løyser vi alt saman.

På medisinstudiet skreiv denne legen ei oppgåve om «ungdoms-enzymet», telomerase. Tuppane på DNA-trådane våre, telomerane, vernar arvestoffet vårt mot skade. Telomerase motverkar at telomerane vert kortare når celler deler seg. Høge nivå av telomerase er forbunde med kreftrisiko. Men enzymet påverkar også aldringsprosessen og er eit av dei heitaste forskingsfelta i den såkalla anti-aldringsbransjen for tida.

LØYSINGAR. Legen forsøker å finne dei optimale løysingane for å utsetje aldringsprosessen – for å ta vare på telomerane sine. Fysisk aktivitet er bra. Frukt og grønt er bra. Bacon er dårleg. Stress forkorter telomerane og er ikkje bra. Røyk og alkohol er sjølvsagt «no og».

I vår levetid er det sannsynleg å kunne bli rundt 130 år, meiner han. Kanskje med god helse i 100–120 av dei. Ser vi lengre fram, kan vi kanskje leve i 200 år. Han innrettar livet sitt for å bremse aldringa så mykje som mogleg inntil nye behandlingar kjem på marknaden. «Kome over kneika», som han seier. Dei som er merka av tida si tann utvendig, har ofte slitasje på innsida også. Kor ung du ser ut for alderen, er derfor ein god indikator på kor lenge du kjem til å leve. Sjølv blir legen ofte tilbydd barnebillett på bussen. Det tek han som eit godt teikn.

SJØLVBEDRAG. For min eigen del vert eg stadig overraska i møtet med pasientane mine på kontoret, når eg brått innser at desse folka framfor meg med rynker, grått hår, blanke issar, tunge augelokk, progressive briller og kroppar som kjempar mot tyngdekrafta, er på min eigen alder.

I mitt middelaldrande legeliv kjem sjølvbedraget for ein dag når eg ser meg sjølv i spegelen. Det er som om eg kan sjå telomerane mine smuldre vekk dag for dag. 30-årsfesten, som viste seg å bli storveges, tok sjølvsagt knekken på ein del. Elles kvardagsstress, for lite søvn, ein krevjande jobb, livet som treff deg i fleisen.

“Dei fleste av oss ønskjer oss eit langt liv, med god helse, med meining, saman med dei vi er glad i. Men blir vi ikkje mett av dage før eller seinare? Vil vi ikkje gå lei?”

Dei fleste av oss ønskjer oss eit langt liv, med god helse, med meining, saman med dei vi er glad i. Men blir vi ikkje mett av dage før eller seinare? Vil vi ikkje gå lei? Eit konstant strev for å gjere det rette for å leve lengst mogleg – kva er poenget med det? Kva med å nyte augeblinken her og no? Vi veit aldri kva som ventar bak neste sving. Same kor mykje vi førebur oss, tek forholdsreglar – så kan vi likevel bli overkøyrd av ein buss eller falle død om fordi ei blodåre sprekk i hjernen.

AUGNEBLINKEN. Den polske poeten Wisława Szymborska (1), som fekk Nobels litteraturpris i 2012, har eit skarpt auge for små ting – eit haustlauv, eit tyttebær, regndropen – sett opp mot dei store, avgjerande spørsmåla i livet. «Hun klarer å fange tilværelsens meningsløshet og tristhet, men er likevel livsbejaende», har Woody Allen sagt om Szymborska. Ho fanga augeblinken, samtidig som ho fatta det umoglege i augeblinken. Fordi ein augeblink er fortid i neste augeblink. Liva våre kan innehalde mange definerande augeblink; anekdotiske, ironiske, tilfeldige.

I eit av dei mest kjente dikta til Szymborska heiter det: «Livet er den eneste måten / å dekkes med løv på, / hive etter pusten i sanden, stige til værs på vinger».

Eg har hatt mange definerande augneblink i livet mitt i åra som har gått etter at eg gjekk ut av ungdomsskulen. Men eg kan framleis så levande sjå meg sjølv gå rundt der; den tynne hengslete kroppen. Dei kjøpte krøllane, i Levis 501-bukser og ei svær rosa dunjakke. Med eit ope, framtidsretta andlet.

Referanser
1) Szymborska, Wislawa: «Livet er den eneste måten – dikt 2002-2012», Tiden forlag, 2013.

Kronikk og debatt, Dagens Medisin 17/2019

 

Kommentarer

Nyheter fra startsiden

Helseministeren om IKT-kritikk

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!