Stå opp for abortlova!

Kvinner har rett til abort. Legar har på si sida rett til å nekte å utføre abort, men dei har derimot ikkje rett til å nekte ei kvinne henvisning slik regjeringa vurderer å opne for.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.

Tord Dale, Oslo Arbeiderparti. Sykepleier og tidligere politisk rådgiver i HOD
EI UTHOLA abortlov kan bidra til å svekke den nødvendige legitimiteten og konsensus ei slik krevjande lov må ha. Difor er det eit klokt og riktig val når regjeringa no går inn for ei tydeleg 22 vekers grense for seinabortar.
22 veker er nær eit halvt år. Dersom ei kvinne på grunn av incest, valdtekt, psykiske lidingar eller andre grunnar har behov for seinabort, bør både hjelp, støtte og vurdering bli gjort før det har gått så lang tid som eit halvt år.
UPARTISK TENESTE. Nøkkelen er ei god offentleg helseteneste som blir oppfatt som verdinøytral, upartisk og ikkje dømmande. Terskelen for å søke hjelp, særleg om det er ein vanskeleg situasjon, må opplevast som låg. Hjelp må giast utan atterhald. Kvinner skal kunne oppsøke eit offentleg fastlegekontor, og kvinna skal vere viss på at ho får den hjelpa ho har rett og krav på, som til dømes å få det prevensjonsmiddelet ho ynskjer. Dette burde vere sjølvsagt.
Det er eit føremon at grensa på 22 veker blir ei absolutt og tydelig grense. At avgjersla blir fatta eit stykke unna, lettar den einskilde og helsepersonell for krevjande vurderingar. Det gir ingen garanti for at den einskilde ikkje opplever det som vanskeleg, men avgjersla er overlaten til andre. Den får legitimitet ved at den blir forankra blant landets folkevalde, slik abortlova også er.
PARADOKSET. Difor burde regjeringa ha hatt mot til vere like tydeleg på at det går ei grense for kor langt legar i offentleg teneste kan gå i å sette eigne behov føre pasientane sine. Konsekvensen av mangelen på tydelegheit til dette får vi stadfesta gjennom historia om fleire fastlegar ved same kontor som vil nekte kvinner innsetting av spiral.
Når vi veit at tilgangen på prevensjon er avgjerande for å hindre abort, blir dette eit uforståeleg paradoks.
KNEFALL. Med halvhjerta støtte frå Legeforeningen har helseminister Bent Høie og regjeringa tatt knefall for ei mindre gruppe legar som vil ha velsigning til å sette omsynet til eiga tru føre pasientrettar.
Einskilde meiner at det at ein ikkje opnar for samvittigheitsfritak for fastlegar, kan svekke abortlova. Tilfellet er det motsette. Abortlova tek omsyn til ein krevjande balanse mellom ulike syn, og er ikkje til å missforstå.
Kvinner har rett til abort. Legar har på si sida rett til å nekte å utføre abort, men dei har derimot ikkje rett til å nekte ei kvinne henvisning slik regjeringa vil vurdere å opne for.
KONSENSUS. Utholing av lova slik den er vedteken av Stortinget, kan bidra til å svekke den legitimitet og konsensus ei slik lov må ha. Å ha tydelige grenser som er satt av våre folkevalde, bidrar til ein slik nødvendig legitimitet. Det bidrar til at folkevalde kan forsvare lova. Ei innstraming som seier at seinabort seinast kan skje i veke 22, styrkar konsensus om abortlova.
Utholinga regjeringa legg opp til når fastlegar skal kunne sette tru foran pasientrettar, bidrar til å svekke den, og til å svekke kvinners rettar. Norsk gynekologisk foreining, som kritiserer ei grensa på 22 veker, bør difor rette energien mot sin moderforening, Legeforeningen, og deira støtte til at fastlegar skal kunne nekte kvinner henvisning til abort. Og mot regjeringa, som på sikt kan bidra til å svekke abortlova og kvinners rett til reproduktive helsetenester.
Ingen oppgitte interessekonflikter
Kronikk og debatt, Dagens Medisin 03/2014

Powered by Labrador CMS