Montasje med seks nærbilder av smilende personer side om side
DET VIKTIGE FØRSTEINNTRYKKET: Sjukehusa våre har dyktige fagfolk som kvar dag leverer behandling og omsorg av god kvalitet. Difor bør også omgivnadene rundt dei spegle den profesjonaliteten fagfolka står for, skriv Eva Biringer, Morten Nordal, Heiko Bratke, Carlo Volf, Sofie Kinch og Heidi Bringsvor.

Førsteinntrykket betyr meir enn du trur

Det første møtet med sjukehuset avgjer raskt kor trygg og ivaretatt pasienten kjenner seg. Blir dette første møtet nedprioritert, risikerer vi å undergrave tilliten før behandlinga i det heile har starta.

Eva Biringer, lege og seniorforskar, Helse Fonna HF / 1. amanuensis, Høgskulen på Vestlandet

Morten Nordal, lege i spesialisering, Helse Fonna HF

Heiko Bratke, barnelege og forskar, Helse Fonna HF / 1. amanuensis, Universitetet i Bergen

Carlo Volf, arkitekt og seniorforskar, Psykiatrisk Center København / Kompetencecenter for affektive lidelser, Region Hovedstaden, Københavns universitetshospitaler, København, Danmark

Sofie Kinch, arkitekt og lektor, LAB for Play Design, Kolding School of Design, Kolding, Danmark

Heidi Bringsvor, intensivsykepleier og postdoktorstipendiat, Helse Fonna HF / 1. amanuensis, Høgskulen på Vestlandet

For mange pasientar startar sjukehusopphaldet gjennom ei bakdør frå parkeringshuset. Dette er eit område som er mørkt, uoversiktleg og lite imøtekommande. Inne er det ikkje så mykje betre. Triste korridorar med dårleg lys og mangelfull skilting inviterer ikkje til ein god start på noko pasienten kanskje har grua seg til. Slike førsteinntrykk er ikkje uvanleg i helsetenesta. Og –ja–sjølvsagt er dei tilsette pasienten møter oftast både hyggelege og dyktige. Og –nei– det er ikkje sikkert at dei litt «shabby» inngongspartia og fellesareala representerer ei generell haldning til orden og kvalitet blant dei tilsette. Men førsteinntrykket påverkar pasientar og besøkande si oppleving. Eit dårleg førsteinntrykk kan medføre ein viss skepsis og utrygghet, i tillegg til frustrasjon når skiltinga ikkje er til å finne ut av.

Det kan vere mange årsaker til det litt ustelte inntrykket pasientar og besøkande kan få i ein del norske sjukehus.

Forsking på «finishen»

Forskarar i Helse Fonna, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Stavanger undersøker pasientane sine inntrykk av sjukehusutforming, funksjon og sansbare estetiske kvalitetar, slik som tilgong til lys og veggfarge. Pasientar i to sjukehus er spurt om sine møter med sjukehusa. Svara viste at pasientane var lite tilfredse med fargar, interiør og arkitektur. Dei var middels nøgde med den fysiske tilstanden sjukehusa var i. Det samme gjaldt skilting og informasjon, og kor lett det var å finne fram på sjukehuset. I prosjektet ser ein og på pasientane sine opplevingar av omgjevnadene når dei flyttar frå eldre til nye sjukehusavdelingar.

Å sjå sjukehuset med nye auger

Det kan vere mange årsaker til det litt ustelte inntrykket pasientar og besøkande kan få i ein del norske sjukehus. Marginale vedlikehalds- og reinhaldsbudsjett over mange år er ei årsak. Det er klart at detaljar kring uteområder, inngongsparti og visuelle kvalitetar i resepsjon og andre områder blir nedprioritert når større viktige arbeid, f eks på oppvarmingsanlegg og medisinsk utstyr, krev sitt. Vi treng meir bevisstheit om det som møter pasienten, og her har leiarar eit særleg ansvar: Dei må prioritere vedlikehald og brukarvenleg utforming. Sjølv små grep som god belysning, oppdatert skilting og systematisk gjennomgong av informasjonsmateriell betyr noko.

Men ansvaret stoppar ikkje hos leiarane. Alle som jobbar i sjukehus, kan påverke førsteinntrykket. Difor er vår oppmoding enkel: Prøv å sjå sjukehuset med pasienten sine auger. Ta ein liten runde på veg til jobb: Kva ser du? Ser det ryddig og reint ut? Er gårsdagens plakatar fjerna? Går klokkene på veggene riktig? Flassar malinga? Er skiltinga slik at pasienten finn vegen dit han skal? Hadde du følt deg velkommen dersom du kom hit som pasient? Dersom noko ikkje er på stell, rydd opp sjølv, eller ta det opp med leiaren din. Dei små forbetringane kan gjere både pasientane og tilsette sin dag fleire hakk betre. Sjukehusa våre har nemleg dyktige fagfolk som kvar dag leverer behandling og omsorg av god kvalitet. Difor bør også omgivnadene rundt dei spegle den profesjonaliteten fagfolka står for.

Ingen opgivne interessekonfliktar

Powered by Labrador CMS