PRØVER: Mine leiarar og eg prøver etter beste evne å legge til rette for at folka våre - legar, barnepleiarar, sjukepleiarar, jordmødre, helsesekretærar og andre - skal trivast i jobben, skriv Marit Halonen Christiansen.

Kvar vart det av tillitsreformen?

Skal regjeringa kutte blant byråkratane er det min jobb som ryk. Men, skal dei kutte byråkratiet kan dei heilt enkelt sjå attende til Hurdalsplattformen og skrote noko av rapporteringa.

Publisert Sist oppdatert

Valkampen er over, og fleirtalet i Noreg stemte for at Støre og hans team skulle halde fram.

I Hurdalsplattformen sto det eit punkt om tillit i helsvesenet. Spesifikt skal ein Redusere mål- og resultatstyring og fjerne unødvendig rapportering i helsesektoren, sammen med partene i arbeidslivet.

 Både Dagens Medisin og andre har vist at sjukehusa bruker enormt med tid på rapportering. 2. oktober les eg hos Nrk at statssekretær Bekeng forklarer at regjeringen skal legge opp til eit program for effektivisering av byrakratiet i helsevesenet. Dette høyres jo ut som den gode gamle ABE-reformen. ABE-reformen sikra at dei fleste helsesekretærar og støttepersonell forsvann frå sjukehusa, sånn at rapporteringa framfor alt gjerast av pasientnære leiarar. Den framste byråkraten i mi avdeling er meg sjølv, og leiargruppa mi.

Kutt i rapportering gir bedre effektivitet

Helsepersonellkommisjonen sa det vi alle veit – vi går tom for folk før vi går tom for pengar. Mine leiarar og eg prøver etter beste evne å legge til rette for at folka våre - legar, barnepleiarar, sjukepleiarar, jordmødre, helsesekretærar og andre - skal trivast i jobben. Vi prøver å plukke stein ut av skoa, legge til rette for livsfasepolitikk, ha medarbeidersamtalar og implementere endringsforslag frå dei som møter pasientane kvar dag. Samtidig prøver vi å førebu flytting inn i nytt sjukehus der alle skal kjenne seg trygge, dekke ledige vakter, gjennomfør debrief etter alvorlege hendingar eller nesten-hendingar, og kanskje til og med ta ei vakt sjølv i ny og ne.

Skal regjeringa kutte blant byråkratane er det min jobb som ryk. Men, skal dei kutte byråkratiet kan dei heilt enkelt sjå attende til Hurdalsplattformen og skrote noko av rapporteringa. Så kan mine folk og eg konsentrere oss om å lage dei beste arbeidsvilkåra vi kan innanfor våre rammer i det offentlege helsevesenet.

Ingen oppgitte interessekonfliktar

Powered by Labrador CMS