For mykje av det gode
Omsorg i både yrket og i private relasjonar, suger ut mykje eigenomsorg. Dette har eg sjølv merka.
Eg høyrer telefonen min dirre. Gud! Kven er det no? Eg kjenner meg heilt avflata og likegyldig. Nesten på kanten til irritasjon over at nokon trenger meg. «La meg berre vere i fred,» får eg lyst å seie. Men eg seier det ikkje. Etter eit digert sukk, svel eg den bitre irritasjonsklumpen, og trykkjer på den grøne knappen.
Dette har vi snakka om. Mange gongar. Men så er eg her att. Syting og klaging. Alt eg skal få til, alt eg skal rekkje. Er det ikkje på tide å endre dette mønsteret? Vere takksam for at eg faktisk kan klage og syte.
Frå alarmen går 04:35 på morgonen, er eg fullt påkobla. Hjernen min er aktivert, og kroppen min går programmert til hovudet mitt fell på puta att.
«Eg skulle ønskje at eg berre var død. Barna mine ville hatt det betre utan meg.» Eg kjenner at pasient historier setjer seg på kroppen min, markerer seg fotspor, som blir vanskeleg å viske vekk. Frå pasientar som vil ta livet sitt, til vald og belteleggjing. Eg gjev og gjev. Problemet er berre at det er så mange andre som også trenger meg.
«Mamma! Mamma! Sjå på meg! Mamma!» Dei viktigaste eg har. Den aktiverte hjernen, får fyr på seg. Det begynner å brenne. Men eg held ut. Berre litt til. Ja, og akkurat då, bestemmer telefonen seg for å ringe….
Omsorg i både yrket og i private relasjonar, suger ut mykje eigenomsorg. Dette har eg sjølv merka. Når eigenomsorg og grensesetjing blir teken bort, er det ikkje berre ein sjølv, men også folk rundt ein som vil bli påverka. Som både overlege i akuttpsykiatri, mor til to små, ektefelle og den eg er i alle andre nære relasjonar, kjenner eg at kapasiteten til å gje, er begrensa. Eg validerer barna mine, sikrar at dei føler seg sett og høyrt. Går på jobb, lytter og gjer det eg kan for å sikre adekvat behandling. Det varme gode teppet eg sjølv går rundt med, blir stadig lånt bort. Så veit eg jo kva eg må gjere for å kjøpe eit like så godt teppe til meg sjølv. Men etablerte mønster, blir vanskeleg å kome seg ut av. Omsorgstrøytthet i eit samfunn som stadig forventar at ein presterer, i kombinasjon med personlegdomsstruktur som strekkjer seg for å nå visse ideal (som ofte vel slike yrke), er nok uheldig.
Så eg syter og klagar litt til. Forhåpentligvis vil eg snart kunne kjøpe meg eit nytt, tjukt teppe, som kan halde meg også varm.