PÅVIRKNING: Sosiale media, har stor påverknad i måten samfunnet bevegar seg på. Har du ei rekkje symptom på rastlausheit, tankekøyr og dårleg motivasjon, er det mogleg du har ADHD. Eller rettare sagt, i følgje sosiale media, skriv Jeswanthiny P. Mayooran. Foto: Emilie Holtet / NTB

Kvardagslege utfordringar blir sjukeleggjort

Det at psyken er i bølgjer, eller møter motstand i daglege livet, er ikkje alltid løyst med å yte etter profesjonell hjelp.

Publisert
Jeswanthiny P. Mayooran

«Eg er sikker på at eg har ADHD.» Mi 7 år gamle niese, hadde kome heim frå skulen, og meint på at ho hadde det.

Ei yngre og yngre befolkning, fangar opp fleire og fleire psykiske utfordringar og lidingar, som ei forklaring eller ei løysning. Som overlege i akuttpsykiatri, er eg vitne til dette dagleg. Akuttstraumen som kjem inn, har blitt høgare med åra. Livskriser, samlivsbrot, utfordringar i vennegjengen; kvardagslege utfordringar, blir sjukeleggjort, og lagt inn i psykiatrien. Terskelen har blitt utruleg låg for å kvalifisere ei plage, som ein del av ein psykiatrisk liding. Dette er urovekkjande.

Som tante, kan eg le litt av dei tankane niesa mi kjem heim med. Uskyldig, og noko ein absolutt ikkje trenger å legge for mykje bekymring i. Samtidig, tenkjer eg at dette er ein refleksjon av slik dette samfunnet er i ferd med å utvikle seg på.

Korleis har det gått så langt?

Alle har ein psykisk helse

Aldri har vi hatt meir behov av kompetanse innan psykiatri, enn per i dag. Adekvat kompetanse, tenkjer eg er utruleg viktig, da vi har eit ansvar ovanfor forma av denne utviklinga. Kunnskap og bevisstgjering, er essensielt.

Alle har ei psykisk helse. Til og med den beste av dei beste, kan gjennomgå tider, der denne ikkje er heilt på topp. Men det at psyken er i bølgjer, eller møter motstand i daglege livet, er ikkje alltid løyst med å yte etter profesjonell hjelp.

Diagnoser i sosiale media

Sosiale media har stor påverknad i måten samfunnet bevegar seg på. Har du ei rekkje symptom på rastlausheit, tankekøyr og dårleg motivasjon, er det mogleg du har ADHD. Eller rettare sagt, i følgje sosiale media. Løysningar er i veksande fart, uansett kvar du snur deg. Men årsaka til desse symptoma, er det sjeldan nokon snakkar om. Vi bur i eit samfunn, som lettare skriv frå seg ansvar, og leitar etter løysningar. Eksternaliserande. Dette er ei farleg gruve å falle i.

«Eg har hamna i ein krangel med veninnene mine. Føler meg deppa. Trur eg trenger ei pause, så hadde vore fint med ein innlegging,» var det ein 18 år gamal pasient som sa til meg. «Deppa» blir eit begrep brukt for ein psykiatrisk sinnsliding, nemleg depresjon. Ho trengte pause...pause frå livet, og den motstanden ho møtte på. Løysninga, blir akutt innlegging i psykiatrien. Kva er det vi som samfunn, er med på å skape? Korleis har det gått så langt?

Eg tenkjer på neste generasjon, og kjenner at eg oppriktig blir bekymra. Faren for å utvikle eit sjølvsentrert samfunn, er altfor stor. Mine plagar, mine vanskar og min terapeut. Dette kan ikkje vere den nye normalen.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS