Audiografane sin autonomitet i hørselsomsorga i Norge

Audiografar bør få eigenandel og refusjonstakst frå det offentlege ved konsultasjonar med høyreapparatbrukar der utredning og diagnosesetting er gjort av ØNH-spesialist.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Einar Solheim, ØNH-spesialist på kompetanseområdet allergologi og overlege ved ØNH-avdelinga ved Førde Sentralsjukehus
Harald Miljeteig, dr.med./avtalespesialist ØNH, Nesttun
Elin Myrvoll, ØNH-spesialist ved Bogstadveien ØNH
Bianca Lorntzen, lege i spesialisering, Klinikk for kirurgi og nevrofag ved ØNH- avdelingen, OUS Rikshospitalet
Torunn Forbord, overlege ved ØNH-avdelingen, Lovisenberg Diakonale sykehus,
alle i styret i Norsk forening for otolaryngologi/ hode- og halskirurgi
HØRSELSOMSORGA I NORGE står framfor store utfordringar i komande år, speseielt grunna auken i den eldre delen befolkningen.
Mange fleire vil trenge hørselsutredning, tilpassing av hørselstekniske hjelpemiddel, herunder høyreapparat, og ikkje minst oppfølging, herunder høyreapparatjustering.
Dei sentrale yrkesgruppene i dette arbeidet er øyre-nase-halsspesialisten og audiografen.
LANG VENTETID. I dag blir hørselsutredning og høyreapparattilpassing utført i spesialisthelsetenesta, enten ved hørselsentralar på sjukehus eller hos privatpraktiserande ØNH-spesialistar.
Begge stader samarbeider ØNH-spesialist og audiograf om dette, og refusjonstakstar og eigendelar til audiografen vert utløyste fordi det er eit registrert og lovleg samarbeid mellom lege og audiograf.
Med dette systemet er det i deler av landet lange ventetider både for utredning, behandling og oppfølging av pasientar med hørselstap.
ENDRINGAR. Styret i Norsk forening for otolaryngologi/ hode- og halskirurgi ser at det bør gjerast endringar for å øke kapasiteten i dette systemet. Vi er difor interesserte i å vere med på å utforme dette på beste måte for pasienten og dei involverte yrkesgruppene: ØNH-spesialisten og audiografen.
Vi meiner at det vil vere bra med ei endring av regelverket slik at audiografar kan arbeide sjølvstendig og få eigenandel og refusjonstakst frå det offentlege ved konsultasjonar med høyreapparatbrukar der utredning og diagnosesetting er gjort av ØNH-spesialist. Dette vil i praksis gjelde oppfølging av personar med høyreapparat.
RETNINGSLINJER. Det må imidlertid utarbeidast retningslinjer for korleis – og kor tid – audiografen skal tilvise attende til ØNH-legen ved hørselsendring/endra symptom slik at ein opprettheld tverrfagleg og god standard i hørselsomsorgen.
Styret i Norsk forening for otolaryngologi/ hode- og halskirurgi meiner det ikkje må vere tvil om at primærutredning og diagnosesetting skal vere ØNH-legen, og berre denne, sitt ansvar.
Styret meiner også at ved behov for nytt høyreapparat etter første tilpassing, det vil si vanlegvis etter fem seks år, skal det igjen vere obligatorisk med konsultasjon hos ØNH-spesialist før nytt høyreapparat kan rekvirerast.
Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS