Vi treng lokalsjukehusa

Vi treng alle dei sjukehussengene og lokalsjukehusa vi har i Norge. Og vi treng å styrke kapasiteten og kvaliteten, også ved dei større sjukehusa.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.

Kjersti Toppe, stortingsrepresentant (Sp), medlem av Stortingets helse- og omsorgskomité
REGJERINGA SKAL i haust legge fram en nasjonal helse- og sjukehusplan. Dette skjer i ein situasjon der norske sjukehus er fylt opp med pasientar og har ein beleggsprosent som er blant dei høgaste i vestlege land.
Berre Israel og Tyrkia har kortare liggetid på sjukehus enn oss. Faktum er at norske sjukehus har for få senger til for mange pasientar. Korridorpasientar er blitt eit vanlig fenomen og er ein alvorlig trussel mot pasienttryggleiken.
UFORSVARLEG. Gjennomsnittsbelegget i norske sjukehus er i dag på 93 prosent. Dette er åtte prosentpoeng over den internasjonalt anbefalte øvre grensa for forsvarlegheit. Høg beleggsprosent fører til redusert kvalitet og pleie, og auka risiko for uheldige hendingar. Ei stor tysk undersøking konkluderte nylig med at ein beleggsprosent på over 92,5 prosent gir markant auka dødelegheit blant pasientar og auka sjukdom blant dei tilsette.
Senterpartiet meiner at vi må innføre ei grense i Norge på 85 prosent belegg i ordinær sjukehusdrift, slik England har gjort. Men både regjeringspartia og Arbeiderpartiet har offentlig sett seg imot dette. Det gjev grunn til bekymring. Helseminister Høie har til dømes, i svar på spørsmål til Stortinget, slått fast at alle nye sjukehus i Helse Sør Øst, slik som nytt sjukehus i Drammen og nytt sjukehus i Oslo på Gaustad, no blir planlagt for beleggsprosent på 90 prosent – altså langt over grensa til kva som er forsvarleg. Korleis kan desse partia forsvare dette?
HANDLEKRAFT. Regjeringa opnar også opp for å sentralisere all pasientbehandling som krev akutt kirurgi. Problemet er at regjeringa ikkje har forklart kor desse nye pasientane skal behandlast. På overfylte sjukehus med pasientfarleg beleggsprosent i dei store byane?
Vi treng alle dei sjukehussengene og lokalsjukehusa vi har i Norge, og vi treng å styrke kapasiteten og kvaliteten, ikkje berre på lokalsjukehusa, men også på dei større sjukehusa. Vi treng ikkje privatisering og fritt behandlingsval. Vi treng politisk handlekraft for å få dei offentlige sjukehusa på fote igjen og ein aksept for at vi har ein befolkningsstruktur og eit busettingsmønster som krev eit desentralisert sjukehustilbod. Dette må inkludere kirurgar i akuttmottaka.
KVALITETSMODELL. Sjukehus er politikk. Senterpartiet inviterer til samarbeid med alle partia i opposisjonen om å ein modell for kvalitet som hindrar regjeringas sentralisering av folkets helsevesen. Der skal vi vere heilt tydelige på at norske sjukehus må styrast demokratisk og byggast på samarbeid i staden for konkurranse mellom sjukehus, og sjølvsagt ha ein beleggsprosent som ikkje er direkte pasientfarleg.
Ingen oppgitte interessekonflikter
Kronikk og debatt, Dagens Medisin 18/2015

Powered by Labrador CMS