AKSEPT: Trass i at Helse Førde seier at ingenting er avgjort, verkar det som om vi står midt i ein prosess som endar med nedlegging av Skadepoliklinikken – og det med aksept frå Helse Vest og helseministeren, skriv Marius Solbakken og Rune Nordpoll.

Skadepoliklinikken på Nordfjord sjukehus er meir enn «svenske vikarar»

Valget er overstått, Ap fekk fornya tillit og økonomien i Helse Førde er no endå dårlegare, men behovet for skadepoliklinikken er det same.

Publisert Sist oppdatert

Skadepoliklinikken på Nordfjord sjukehus står enno ein gong på kuttlista til Helse Førde. Legane blir av administrasjonen omtala som «svenske vikarar». Men er det rett – og kven er dei i så fall vikarar for?

Sanninga er ei anna: Dei fleste ortopedspesialistane har gått vakt ved klinikken ei veke om gongen i mange år. Dei har vore heilt avgjerande inn i tilbodet sidan Helse Førde ikkje har klart å skaffe legar til tilbodet frå eigne rekker.

Å kalle desse legane for «vikarar» er feil

Svekker tilliten

Legane kjenner sjukehuset, området og kommunane – og samarbeidet med fastlegar og legevakt fungerer svært godt. Å kalle desse legane for «vikarar» er feil. Slik omtale vil gjere kutt enklare, og det verkar å vere poenget. Å omtale dei som «svenske vikarar» er ikkje berre feil – det kan også svekke tilliten til lokalsjukehuset og tilbodet det gjev i Nordfjord.

I 2011 gav regjeringa Helse Vest i oppdrag å utvikle Nordfjord sjukehus til «framtidas lokalsjukehus», med eigne øyremerkte midlar. Dåverande helseminister Jonas Gahr Støre presiserte at tilbodet også skulle omfatte skadepoliklinikk. Helse Førde har sjølv skrive at modellen med skadepoliklinikk og stabiliseringsteam, kombinert med akuttkjeda til Førde sentralsjukehus og Haukeland, gir eit «fullgodt akuttilbod for befolkninga i Nordfjord».

I fylgje Helse Førde sin eigen statistikk er det i gjennomsnitt mellom 50-60 konsultasjoner ved Skadepoliklinikken pr veke. Halvparten av desse er augneblikkeleg hjelp, resten er kontrollar. I tillegg kjem telefonisk rådgjeving til fastlegar og legevaktslegar, samt vurderingar knytt til pasientar innlagt med Medisinsk avdeling ved Nordfjord sjukehus og ØHD ved Nordfjord legevakt.

Betydeleg auke i reiseveg

Gjennom kuttprosessen som vart gjennomført i fjor kom det for dagen at Helse Førde i liten grad evna å kome med relevante forslag til avbøtande/kompenserande tiltak om Skadepoliklinikken vart nedlagt, utover at pasientane kan rutast til Førde sentralsjukehus.

Reisetida mellom Nordfjordeid og Førde er rundt 1 time og 50 minutt og inkluderer ein ferjetur. Mange i opptaksområdet bur 45-60 minutt unna Nordfjordeid.

Det er såleis eit betydeleg tal pasientar som må reise til Førde for ortopedisk vurdering og behandling, med reisetid på over 3 timar, ein veg. Fleire av desse turane vil vere i ambulanse.

Dette skjer i ei tid der talet på eldre – dei som er mest utsette for fallskadar og som toler lange reiser dårlegast – aukar kraftig. Meir transporttid for eldre, skrøpelige pasientar kan gje auka risiko for til dømes forvirringstilstandar. Er dette verkeleg eit «fullgodt akuttilbod»?

Planane om nedlegging i fjor vart stoppa av Helse Vest 27. november 2024 etter instruks frå helseminister Vestre. Styret vedtok at:

  1. Det skal setjast i verk arbeid for å rekruttere fast tilsette spesialistar ved Skadepoliklinikken.
  2. Drift av Skadepoliklinikken skal inntil vidare oppretthaldast. 

Legg ansvaret på helseforetaka

I samband med handsaminga av saka kom styreleiar Landstad med uttalen : «Vi må snu alle steinar for å få ein meir robust skadepoliklinikk». 

Kva som faktisk er gjort for å rekruttere faste spesialistar, er uklårt. Slik saka har utvikla seg sidan i fjor, verkar innsatsen å ha vore avgrensa.

Tolv Ap-ordførarar har bedt helseministeren gripe inn mot kuttplanane for lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid. Svaret frå departementet, denne gongen frå statssekretær Bekeng, gjev lite von: «Drift av sjukehusa og naudsynte tiltak for å tilpasse drifta til rammene ligg til helseføretaka. Vi meiner det er riktig og naudsynt at helseføretaka gjer tiltak for å sikre at sjukehuspersonellet blir nytta på ein best mogleg måte.»


Kva har skjedd sidan det ekstraordinære styremøtet i Helse Vest 27. november 2024? Valget er overstått, Ap fekk fornya tillit og økonomien i Helse Førde er no endå dårlegare, men behovet for skadepoliklinikken er det same. Etter det vi kjenner til, har ortopedspesialistane ved Skadepoliklinikken enno ikkje fått nye kontraktar, og vaktplanen for 2026 er ikkje lagt. Det er vanskeleg å ikkje sjå dette i lys av kuttarbeidet som pågår. Trass i at Helse Førde seier at ingenting er avgjort, verkar det som om vi står midt i ein prosess som endar med nedlegging av Skadepoliklinikken – og det med aksept frå Helse Vest og helseministeren. Vi håpar vi tek feil.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS