Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Abonnere
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Helseberedskap for framtida

Krisescenario viser at helsekriser er dei som mest truleg kan ramma oss. Dette betyr at Noreg bør arbeida målretta for å rusta samfunnet for ei framtid som kan verta prega av større uvisse enn vi har opplevd tidlegare.

 

Publisert: 2022-01-21 — 19.20

Hans Inge Myrvold

Innlegg: Hans Inge Myrvold, stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson for Senterpartiet (Sp)

SENTERPARTET HAR gjennom lang politisk kamp på Stortinget, og no som del av ny regjering, fått gjennomslag for at Noreg på ny skal gjennomgå den totale nasjonale beredskapen i ein Totalberedskapkommisjon. No startar arbeidet, som vil bli avgjerande for blant anna vår helseberedskap: Akutt medisinsk hjelp når livet er sårbart og faren trugar.

I kvardagslivet handlar det om ambulanseteneste nær folk, lokalsjukehus med god stadleg leiing og akuttfunksjonar, robuste kommunar som på kort varsel til dømes kan forsyne innbyggjarar med vaksine, smittevernutstyr og anna livsnødvendig hjelp. Sjeldan debattert, men avgjerande for vår eksistens.

SAMANHENGEN. Verdsbiletet fortel oss auka sårbarheit, med dei erfaringar som nær to år med pandemi har gitt oss.

Beredskap er sektorovergripande. Sjølv om mange samfunnssektorar har gode planar for beredskap i eigen sektor, er det behov for i større grad å sjå dei samla beredskapsressursane i samfunnet i samanheng.

Øvingar på tvers av sektorar er viktige for å sikra at beredskapsressursane i samfunnet vert utnytta best mogleg. Både for å avdekka kvar beredskapen er svak, men også for å visa kvar det er mangel på samhandling

Øvingar på tvers av sektorar er viktige for å sikra at beredskapsressursane i samfunnet vert utnytta best mogleg. Både for å avdekka kvar beredskapen er svak, men også for å visa kvar det er mangel på samhandling som er problemet.

DET HASTER. Eit breitt spekter av truslar og utfordringar møter fellesskapet. Krisescenario i Noreg viser at helsekriser er dei krisene som mest truleg kan ramma oss. Det viser viktigheita av ein god nasjonal helseberedskap. Dette betyr at Noreg bør arbeida målretta for å rusta samfunnet for ei framtid som kan verta prega av større uvisse enn det vi har opplevd tidlegare.

Det er nær 20 år sidan nasjonen sist hadde ein slik nasjonal og sektoroverbyggjande kommisjon. Difor haster arbeidet.

NY RETNING. Me kjenner godt til den politiske linja som over tid har bygt ned naudsynt infrastruktur. Den same linja som har ført til auka sentralisering, og større avstand mellom folk og det offentlege.

No startar grunnarbeidet med ein ny kurs og retning for vår helseberedskap, der fellesnemnaren vert nær folk i heile landet.


Ingen oppgitte interessekonflikter

Nyhetsbrev
Følg med på siste nytt fra Dagens Medisin ved å abonnere på vårt gratis nyhetsbrev og følge oss i sosiale medier.
Del:

Kommentarer

Nyheter fra startsiden

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!