Ungt utanforskap – politiske ambisjonar omsett til praksis

Statsministeren har kalla til ein nasjonal dugnad mot utanforskap. Dugnad er viktig, men dugnad er ikkje nok. Vi treng tiltak som spelar saman med øvrige tiltak.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn to år gammel.

Solveig Svardal

Kronikk: Solveig Svardal, spesialrådgjevar i Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering
Elisabeth Swensen, spesialist i allmennmedisin og overlege ved Rehabiliteringssenteret AiR, Rauland

REGJERINGA HAR nettopp lagt fram ei stortingsmelding om utanforskap. Å få fleire i arbeid, og då særleg unge, er ein av nasjonens største utfordringar framover.

Utfordringane dei unge står framfor er samansette. Psykiske helseproblem, mangelfull utdanning – og det å stå utanfor arbeidslivet – heng gjerne saman.

Elisabeth Swensen

Difor må også tiltaka vi set inn, vere samansette, og på tvers av tradisjonelle sektorgrenser og fagdisiplinar.

UTMATTANDE VANDRING. I møte med hjelpeapparatet opplever mange unge vaksne å ikkje bli sett som heile menneske, men som ei samling av enkeltproblem. Dei opplever å bli sendt frå den eine spesialisten til den neste og at dei ulike tiltaka som blir sett i verk ikkje verkar, verken enkeltvis eller samla. Dette kan tverrfagleg tilnærming gjere noko med.

 Arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta har arbeid som mål, ser helse og arbeid i samanheng og varer over tid. Sentrale element i rehabiliteringa er å løfte fram deltakarens ressursar, la ho eller han oppleve meistring, utvikle meistringsstrategiar og sette seg i førarsetet for eige liv, gjennom mellom anna fysisk aktivitet og trening, undervisning, rettleiing og samtalar.  Denne heilskaplege og tverrfaglege tilnærminga står i kontrast til ei utmattande vandring frå ein spesialist til neste for å bøte på enkeltproblem.

KVA KAN GJERAST? Kjenneteikn ved unge vaksne som fell utanfor, er at dei har samansette diagnosar, ofte med lettare psykiske lidingar, dei har lite utdanning og svak tilknytting til arbeidslivet. Fleire av utfordringane kan vi omtale som livsstilsutfordringar, knytt til døgnrytme og søvn, inntak av mat og drikke, samt lågt aktivitetsnivå og dekondisjonering.

Mange manglar meistringserfaring og meistringsglede. I tillegg manglar dei kunnskap om arbeidslivet og kompetanse som kan gjere dei i stand til å søke og få arbeid, og bli i arbeidslivet.

Å bryte dårlege kvardagsmønster, få struktur i livet og nye vanar, krev samanhengande tverrfagleg behandling eller rehabilitering som går over tid. Det er særleg naudsynt å sjå helsesituasjon, kompetanseheving og arbeidsdeltaking i samanheng.

Arbeidsretta rehabilitering som ser arbeid, helse og utdanning i samanheng, som fokuserer på meistring og personlege ressursar framfor diagnosar og problem, kan vere eit viktig tiltak mot ungt utanforskap

VERST FOR DEI UNGE. Fleire i arbeid er avgjerande for velferdsstaten. Andelen som av ulike årsaker fell utanfor arbeidslivet, aukar. I 2019 var 19,2 prosent av personane mellom 20 og 66 år utanfor arbeidsstyrken. Over 40 prosent av desse mottar uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar (AAP). Samtidig aukar arbeidsløysa og levealderen går opp. Vi blir stadig færre til å forsørge befolkninga.

Dei sterke endringane slår hardast ut for unge vaksne. Talet på unge uføre er dobla dei siste sju åra, og vi har no om lag 40 000 personar under 30 år som mottar uføretrygd eller AAP. Til samanlikning vart det fødd 54 500 barn i Noreg i 2019.  

STRUKTUR I KVARDAGEN. Ved Rehabiliteringssenteret AiR er det no utvikla eit nytt tilbod for unge vaksne, som byggjer på klinikkens 35 år lange erfaring med arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Forsking viser at tilbod som går over tid, med tverrfagleg behandling for å ruste pasienten til å leve med utfordringane sine og endre sjølvbildet sitt frå å vere eit offer til eit menneske med, og med ansvar for, sin eigen autonomi, gir resultat og effekt.

Dagleg fysisk aktivitet, struktur i kvardagen og gruppeaktivitetar er elementa i opplegget, saman med undervisning om spelereglar og rettigheiter i arbeidslivet. Slik blir grunnlaget lagt for å byggje ein ny CV, og for å bli i stand til å gjere seg nytte av andre verkemiddel og tiltak som er tilgjengelege gjennom lokale tilbod frå helsevesen og Nav.

POLITIKK MOT UTANFORSKAP. Statsministeren har kalla til ein nasjonal dugnad mot utanforskap. Dugnad er viktig, men dugnad er ikkje nok. Vi treng tiltak som spelar saman med øvrige tiltak, slik at det samla tilbodet frå ein ungdom fell ut til ho eller han er i aktivitet eller utdanning att, på veg inn i arbeidslivet, verkar saman og forsterkar kvarandre.

Dette er også gjennomgåande i stortingsmeldinga om utanforskap. Tverrsektoriell hjelp vil vere eit viktig bidrag for å motverke at grupper som har omfattande og samansette utfordringar knytt til manglande kvalifikasjonar, til å få eller halde på jobbar og som har utfordrande helseproblem, fell varig utanfor arbeidslivet.

RETT BEHANDLING. Det samfunnsøkonomiske tapet av at ein person fell ut av arbeidslivet tidleg i 20-åra, er kanskje på 15 millionar kroner. Då kan vi koste på oss ganske omfattande (re)habiliteringsprogram retta særskilt mot dei behova unge vaksne har.

Helsetenestene skal gi oss rett behandling på rett stad til rett tid. Arbeidsretta rehabilitering som ser arbeid, helse og utdanning i samanheng, som fokuserer på meistring og personlege ressursar framfor diagnosar og problem, kan vere eit viktig tiltak mot ungt utanforskap.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS