Vi treng ei kvalitativ god legeutdanning

Vi treng ei felles satsing på medisinerutdanning – både nasjonalt og regionalt. Folket, sjukehusa og primærhelsetenesta i Helse Vest treng ei samlande og kvalitativ god utdanning.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fire år gammel.

Eivind Hansen Foto: Katrine Sunde/Flickr

Innlegg: Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus

ANALYSANE TIL Grimstad-utvalet viser at vi har for få utdanningsplassar i Noreg – og i vest. Dette er det vilje til å gjere noko med. Stortinget har i 2020 løyvd midlar til ein auke der mellom anna Universitetet i Bergen (UiB) har fått nye studieplassar. Det er gledeleg.

Medisinerutdanning er ei av dei mest ressurskrevjande utdanningane vi har. Det trengs robuste og breie fagmiljø, og læringsarena med stor pasientaktivitet, for både teoretisk og praktisk utdanning av gode legar. Dette er noko av grunnen til at det er berre eitt medisinsk fakultet i kvar helseregion.

FRAMTIDSRETTA LØYSING. Samtidig som vi har eit medisinsk fakultet i Helse Vest, lagt til Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB), med sterk tilknyting til regionsjukehuset, Haukeland universitetssjukehus, er det svært gode grunnar til å utvikle meir desentraliserte utdanningsmodellar slik at ein tek fleire av sjukehusa i bruk for utdanning av legar. UiB har gjennom etableringa av Vestlandslegen ved UiB utvikla ei slik løysing. Utdanninga vil gjennom dette skje ved alle helseføretaka i regionen, både i Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Førde og Helse Bergen.

Eg meiner dette er ei god og framtidsretta løysing. Vi får tatt endå betre i bruk dei mange gode utdanningsarenaene i Helse Vest. Fleire studentar får ein større del av utdanninga nær eit sjukehus eller nær ein kommune der dei kanskje vil etablere seg i for framtida. Samtidig får vi ei samla utdanning innanfor ramma av eit sterkt medisinsk fakultet som fortsatt vil være det nest største medisinske fagmiljøet i Norge.

TETT SAMARBEID. Helse Vest er ein samla helseregion med hovudkontor i Stavanger. Det har fungert godt sidan helseføretaksreforma i 2002. Føretaka i regionen står samla og har eit tett samarbeid, og vi har eit tett og godt samarbeid med utdanningsinstitusjonane i regionen.

Helse Vest treng fleire strukturar som held regionen saman

Styret i Helse Bergen har handsama spørsmålet om medisinerutdanning i Vest og ynskjer eitt fakultet som er med å halde regionen samla, og som samtidig utviklar framtidige desentrale utdanningsmodellar som «Vestlandslegen».

Se også: Det er plass til fleire i medisinutdanninga

RISIKO FOR FRAGMENTERING. Dekan Per Bakke påpeikte nyleg i Dagens Medisin at to medisinske fakultet i vest vil føre til eit lite fakultet i Stavanger og eit svekka fakultet i Bergen. Det kan i neste runde gå ut over sjukehusa og føre til fragmentering av forskningsmiljøa. Ein allereie vanskeleg rekrutteringssituasjon kan bli enda vanskelegare. «Heile Vestlandet blir taparen», uttalte dekanen.

Eg er samd med Bakke.

Helse Vest treng fleire strukturar som held regionen saman. Vestlandslegen vil styrke samarbeidet mellom helseføretaka og utvikle helsetenestene til det beste for pasientar, studentar – og alle som er opptekne av å utvikle denne regionen.


Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS