Den nye normalen

Ein ny normal ligg der framme ein plass, kanskje ikkje rundt første sving, men den kjem: Ei tid der vi igjen skal stå tett i tett, kysse, klemme, le, drikke, skåle, tulle, tøyse – og reise fritt utan frykt for smitte.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.

Lisbeth Homlong

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, spesialist i allmennmedisin og seniorrådgiver i Statens helsetilsyn

EG HAR OMSIDER begynt å bruke munnbind når eg tek offentleg transport. Det sat langt inne. Det må eg innrømme. Eg likar å sjå på meg sjølv som ein lojal medborgar, med eit rimeleg godt forhold til staten. Og eg vil ikkje ha på meg at eg ikkje er pliktoppfyllande når det trengst. Men på innsida har eg ein eigenrådig sunnmøring som boblar fram når folk kjem med moralske peikefingrar og offentlege påbod.

Sunnmøringane vil ha pengane sine i fred og færrast mogleg reguleringar, seiast det. Eg kan kjenne meg att i det.

TRONGEN TIL OPPRØR. Men i den nye normalen tilpassar eg meg. Fornufta hentar meg inn. Og ansvaret mitt som fagperson forpliktar.

Eg trur likevel ikkje eg er den einaste som kjenner på ei viss trong til opprør, når vi etter kvart har trøtna av alle tiltak og omsyn som påverkar kvardagslivet vårt. Dei aller fleste av oss lengtar tilbake til kvardagen vi kjente før 12. mars 2020. Før innføring av meteren, albogehelsing, antibac, nevrotisk handvask, heimekontor, kohortar, raude byar og bydelar og smitteutbrot i ei kommune nær deg. Før testing, isolasjon, smitteoppsporing og karantene.

Eg kjenner at eg er trøytt. Og alt som høyrer fortida til, kjennest fjernare enn nokon sinne.

«CHERRY PICKING». Ny forsking viser at ni av ti av dei som døyr av covid-19, har underliggjande sjukdom. Gjennomsnittsalderen på dei døde er 82 år. I Noreg har berre eit fåtal mist livet av covid-19 etter ferien, og dei fleste som har vore sjuke, har ikkje trengt innlegging på sjukehus. Dette medfører naturleg nok at yngre, friske senker skuldrane.

I samfunnsdebatten ser eg ein tendens til at både fagpersonar og lekfolk vel å legge vekt på fakta som støttar oppunder deira syn på korleis ein skal handtere viruset og smittesituasjonen - såkalla «cherry picking». Er du for strengast mogleg smitteverntiltak for å slå ned viruset, vel du ut den informasjonen som støttar dette synet. Andre konsekvensar av pandemien, som einsemd, isolasjon, arbeidsløyse, dårleg økonomi, psykisk sjukdom og avgrensingane som spesielt born og unge opplever med tanke på livsutfolding, vert vektlagt i mindre grad.

Eg trur ikkje at eg er den einaste som kjenner på ei viss trong til opprør, når vi etter kvart har trøtna av alle tiltak og omsyn som påverkar kvardagslivet vårt

BAGATELLISERING. I motsett ende av debatten finn vi dei som bagatelliserer kor farleg viruset kan vere. Vi er ulike med tanke på korleis vi vurderer pandemien og konsekvensane av den, for oss sjølve og andre. Vi legg ulike verdiar til grunn.

I dette landskapet skal helsestyresmaktene og politikarane navigere og gjere dei rette tinga, innføre passe strenge tiltak som gjer at flest mogleg følgjer opp og gjer det som trengst for å avgrense smitte, alvorleg sjukdom og død i størst mogleg grad.

PERSPEKTIV. Menneske er sosiale skapningar, og når ei effektiv vaksine mot covid-19 stadig er eit usikkert kort, må vi etter mitt syn sørge for tiltak som vi kan leve med i eit langtidsperspektiv.

For min eigen del har legelivet anno 2020 ikkje berre handla om covid-19 tilpassingar. Min nye normal er også ny jobbkvardag, endra sivilstatus og barn på deltid. Midtlivskrise og ein ny veg. Ein kan bli svimmel av mindre. Fastlegelivet er over, no er det seniorrådgjevarlivet som gjeld. Offentleg forvaltning, tilsynssaker, saksbehandling og helsejuss. Fleksitid, kjernetid, fast løn og Statens pensjonskasse.

Eg har tatt farvel med klinikken, «hands on»-kontakt med folka og livet der ute, flyten i fastlegekvardagen, kjensla av at det eg gjer, er nyttig her og no, gleda over å klare å løyse opp tilsynelatande uløyselege knutar.

IDENTITET. Det var ein større terskel å seie opp fastlegeheimelen enn å ta på munnbind på T-banen – det må seiast. I retur har fått eg sjukepengerettar og pensjon. Eg har likevel avslutta noko som har vore ein del av livet og identiteten mitt sidan tidleg på 2000-talet. Eg er på gyngande grunn og må stadig kaste terningen på nytt. Er eg heldig, landar den innimellom på seks.

Og det kjem ei tid der vi igjen skal stå tett i tett, kysse, klemme, le, drikke, skåle, tulle, tøyse – og reise fritt utan frykt for smitte. Ungdomen skal få «hooke» utan dårleg samvit, hoppe opp og ned i trengselen på ein konsert, rase, rope og hoie, kaste seg rundt halsen på vener og gamle kjente.

Ein ny normal ligg der framme ein plass, kanskje ikkje rundt første sving, men den kjem.

Dagens Medisin 17/2020, fra Kronikk og debattseksjonen, Legeliv-spalta

Powered by Labrador CMS