Operette i kampen om Covid-19

Etter Covid-19-pandemien håpar eg at forskjellar mellom folk vert mindre – og at vi kan verdsetje kvar og ein sin kompetanse på andre måtar enn gjennom hierarkiske strukturar.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.

Rolf Horne


Innlegg: Rolf Horne, førsteamanuensis og spesialsjukepleiar ved Fagseksjon master i klinisk sykepleie, barnesjukepleie ved Institutt for Helse- og Sosialfag/Fakultetet for helse- og sosialvitskap, Høgskulen på Vestlandet

KULTURELLE INNSLAG gjer godt for både sinn og kropp. I beste sendetida på NRK fekk vi alle sjå at anestesilegane ved Ahus fekk ein velfortent inspirasjon i det krevjande arbeidet med Covid-19-pasientar. Eit godt initiativ og tiltak som er velfortent.

Det er berre det at pasientane som låg att i sengene på intensivavdelinga med eller utan respiratorhjelp, ikkje var åleine under konserten. Dei var i gode hender. Dei vart overvaka og stelt av sjukepleiarar som myndigheitene kallar frontpersonale og som arbeidar hardt 24 timar i døgnet iført smittedrakter, munnbind og visir, både under den pågåande pandemien og elles i kvardagen.

FORSKJELLAR. Dette er ei gruppe fagpersonar som får ei anna kulturell oppleving til inspirasjon i det krevjande arbeidet dei utfører kvar dag. Denne gruppa får offentlege klappsalver eller til og med allsong frå eit blanda kor rundt om frå altanar i bakgardar og bustadblokker. Det er forskjell på folk.

Forskjellane kjem til syne på fleire måtar no i desse koronavirus-tidene. Erna Solberg nemner opp ein granskingskommisjon som skal evaluere den nasjonale dugnaden initiert av dei politiske tiltaka vi alle er oppdratt til å bøye oss for og som handlar om innsatsen som vert forventa av frontpersonalet.

I denne granskingskommisjonen er sjukepleiarar ikkje representert, slik dei heller ikkje var på operakonserten for anestesilegane på A-hus.

MAKTHIERARKI. Helsevesenet og det politiske feltet er kjenneteikna av å vere strukturert som eit makthierarki. Her har ulike yrkesgrupper erobra ulike posisjonar som har sitt opphav langt tilbake i tid. Det manifesterer seg gjennom forskjellig ansvar og arbeidsdeling. Det som er felles, ser ut til å være at dei finn seg til rette i at dei innehar ulike sosiale posisjonar i hierarkiet – og at retten til å tale si sak, er forskjellig. Reinhaldarane for eksempel, er det vel knapt nokon som kjem på å gje taletid.

Media bidreg derfor også til å underbyggje desse forskjellane ved å favorisere kven som får uttale seg om Covid-19, enten det gjeld smitte, smittevern, behandling, utstyr eller erfaringar frå innsatsen til det norske teamet som var i Italia.

PROBLEMATISK. Privilegium kjem ikkje heilt av seg sjølv. Sosial status handlar blant anna om posisjonar og talerett, eller privilegium om ein vil. Kanskje viser dette seg særleg godt no i det politiske og det medisinske felt slik eksempla i denne teksten her har sitt opphav frå. Slik helsevesenet fungerer i dag, er tufta på ei lang historie og kampar kor staten har bidrege til å dele ut autorisasjonar og kapital som kan omsetjast til privilegium som viser seg fram gjennom at nokon har forrang framfor andre.

Ein kan spørje seg om fellesskap og tverrfagleg samarbeid er mogeleg med eit utgangspunkt der nedarva forskjellar og statleg understøtta privilegium ligg i ryggmargen?

Arbeidsdeling ser eg ikkje som eit problem i seg sjølv. Men, privilegium kan vere problematisk når dei vert knytt til at nokon er viktigare og meir verdifulle enn andre. Eg trudde det var slik at alle yrkesgruppene i helsevesenet var nødvendige for at maskineriet skulle gå rundt. Biletleg vil det seie at om eit tannhjul vart vekke, stoppar maskina opp. Det er særleg problematisk når det skjer framfor augene på oss, initiert av høgtståande posisjonar i sjukehus og politisk leiing. Om det er slik at alle tannhjula er nødvendige, kunne ein tenke seg at retten til å tale og muligheitene for operettekonsert også vart fordelt.

TVERRFAGLEG SAMARBEID. Å arbeide saman – fellesskap og tverrfagleg samarbeid – er mantra som politikarar og leiarar ofte tek til orde for. Det aukar effektiviteten, det betrar kvaliteten og det styrkar velferdsstaten, seiest det. Ein kan spørje seg om det er mogeleg med eit utgangspunkt der nedarva forskjellar og statleg understøtta privilegium ligg i ryggmargen? For det er slik at det som ligg i ryggmargen, er med medisinsk terminologi noko automatisert som liknar på refleksar. Det kan også kallast umedvitne eller blinde flekkar i våre måtar å oppfatte verde omkring oss på, eller medvite om korleis vi oppføre oss.

Eg forstår godt at samarbeid er viktig og er stor tilhengar av samarbeid, og eg stiller meg klart og tydeleg bak ideen om at fleire hovud og hender utrettar meir ein kvar og ein. Men, vi er oppe mot djuptgåande strukturar i vårt samfunn som gjer dette vanskeleg. Eksempla med operakonsert og granskingskommisjon viser dette tydeleg om enn i symbolsk form.

KVA KAN VI FORVENTE FRAMOVER? I den nære tida vi no har vore igjennom med eit relativt lukka samfunn, alvorleg sjuke, døde, redsel for smitte og fare for at beredskapen i helsevesenet i Norge skulle kollapse, har det allereie komme fram av skuggen viktige forskjellar eg håpar skal bidra til starten på strukturelle forandringar, kor forskjellar mellom folk vert mindre og at vi kan verdsetje kvar og ein sin kompetanse på andre måtar enn gjennom hierarkiske strukturar.

Til dette trengs det andre kategoriar og mentale horisontar å sikte etter.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS