Sukk frå ein DRG-produsent

Eg har alltid trudd at min jobb er å yte god pleie og omsorg for sjuke, og vere med i å behandle sjukdomen deira. Det eg eigentleg gjer, er å produsere DRG-poeng.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fire år gammel.

Eskild Hustvedt

Innlegg: Eskild Hustvedt, sjukepleiar og avdelingstillitsvald for Fagforbundet ved kreftavdelinga på Haukeland universitetssjukehus

EG ER tillitsvald. Da eg vart vald, måtte eg setje meg meir inn i korleis økonomien til sjukehusa fungerte. Da eg gjorde dette, skjønte eg at eg har fullstendig misforstått kva jobben min er.

Eg er sjukepleiar. Eg har alltid trudd at min jobb er å yte god pleie og omsorg for sjuke, og vere med i å behandle sjukdomen deira. Så feil kan ein ta. For det eg eigentleg gjer, er å produsere poeng for diagnoserelaterte grupper (DRG).

I norske sjukehus er 50 prosent av finansieringa såkalla innsatsstyrt finansiering (ISF): Ein får penger basert på kva ein gjer, målt i DRG-poeng. Det sjukehusa difor faktisk driv med, er å produsere DRG-poeng. Jo fleire DRG-poeng, desto meir penger får me.

DRG-GRUVA. DRG-systemet er eit rart monster. Det er i utgangspunktet ei inndeling av diagnoser i grupper basert på kor mykje ressursar dei tar, som er der namnet kjem frå – diagnoserelaterte grupper. I realiteten er det somme ting ein gjer som ikkje genererer poeng, i andre tilfelle genererer kanskje to heilt identiske oppgåver forskjellege poengsummar, fordi diagnosen er plassert i ei anna diagnoserelatert gruppe.

I DRG-gruva må eg prioritere medisin medan pasientane sine psykiske og eksistensielle/andelege behov vert nedprioritert. Det gjer vondt langt inn i sjukepleiar-hjartet

Sjukehusa er kronisk underfinansiert. Ein skal spare, spare og spare litt til. Samtidig skal me behandle fleire, med meir avansert behandling. Om dette skal gå opp, må ein auke inntekten, og då må me som jobbar i DRG-gruva, produsere meir. I somme tilfelle betyr dette at me må bruke meir tid på å registrere det me driv med, sånn at me får betalt for det. I andre tilfelle betyr det at me må omprioritere behandling til det som gir meir DRGull.

DET GJER VONDT. Samstundes har kvart DRG-poeng ein verdi i pengar. Denne verdien blir ikkje nødvendigvis justert for kvart år. Noko som i realiteten inneber at verdien av DRG-produksjonen går ned kvart år. Me må difor jobbe raskare, for å produsere fleire poeng, for å oppretthalde økonomien til den aktiviteten me har.

Eg har to føter og to hender. Det finst ei grense for kor fort eg kan springe. Så då må eg prioritere. Pasienter kan døy viss dei ikkje får medisinen sin, medan dei overlev sjølv om eg ikkje kan prate med dei. Difor må eg prioritere medisin medan deira psykiske og eksistensielle/andelege behov vert nedprioritert. Det gjer vondt langt inn i sjukepleiar-hjartet.

SPAREPRESS. Mi avdeling har hatt ei tosifra auke i aktivitet dei siste åra. Økonomien ligg på omtrent det den var før denne auka. Det inneber at me gjer meir, med same bemanning. Luftslottet «jobbe meir effektivt, ikkje fortare» har eg sett lite til.

Eg sit med inntrykket av at mine kolleger er under likt press. Leger, helsefagarbeidarar, portørar, sekretærar, reinhaldsarbeidarar – og alle dei andre uvurderlege kollegene som er med på å få sjukehuset til å gå rundt – me må alle spare.

DJUPT ALVORLEG. Det må pasientane óg. Beslutningsforum venter med å godkjenne. Pasientar med migrene venta lenge på ny medisin. Vaksne får ikkje Spinraza. Det er djupt alvorleg. Eg vil at folk skal vere trygg på at den offentlege helsetenesta gir dei god og nødvendig behandling og pleie. Men den politiske leiinga gjer dette vanskelegare og vanskelegare.

No skal eg tilbake til DRG-gruva, og så håpar eg at eg ein gang kan få jobbe med pleie og omsorg. Kanskje?

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS