Ein Solskjær for norsk helsevesen?

Helseministeren meiner at norske helseleiarar må bli som Ole Gunnar Solskjær fordi han har suksess som midlertidig manager i verdas største fotballklubb. Dømet er relevant for helsetenesta, men ikkje slik helseministeren trur.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Einar Vie Sundal

Kronikk: Einar Vie Sundal, overlege i anestesi ved Haraldsplass sjukehus, Bergen

HELSEMINISTER Bent Høie meiner at det viktigaste Solskjær gjer, er å sørge for at han har dei spelarane han treng, og at dette også må gjelde for leiarane i helsevesenet. Dømet er enkelt å gripe til i ein festtale om leiarskap. Det er knapt skrive om anna i landet sine aviser sidan juletider, og det er lite som sel så godt i Noreg som ei god norsk Oskeladd-historie.

Er suksessoppskrifta til Solskjær relevant for helsevesenet?

Ole Gunnar Solskjær har ei historie. Han har vore spelar i den same klubben. Han var den tolmodige superreserven som med teft, dyktigheit, og heilt sikkert også litt flaks, vart den avgjerande tunga på vektskåla for laget sitt ved mange og avgjerande viktige høve. Som spelar observerte og lytta han til Alex Ferguson – lagleiar for Manchester United gjennom 26 år.

SMÅ TANNHJUL. Ferguson står att som den mest suksessrike lagleiaren i den engelske toppdivisjonen gjennom tidene. Solskjær noterte flittig, og han lærte av den beste.

Historia stoppar ikkje der. Ole Gunnar Solskjær kjente privilegiet i posisjonen sin då han var spelar i klubben. På veg attende til treningskvardagen etter turar heim til Noreg, tok han med seg sjokoladeplater attende til Manchester. Desse delte han ut til menneske i klubben som gjorde jobbane som ikkje fekk merksemd i det daglege. Han hadde allereie den gongen eit blikk for dei som ikkje synast så lett, og visste å verdsette det faktumet at eit glattsmurt maskineri er avhengig av alle små tannhjul for å fungere godt.

OVERFØRINGSVERDI. Solskjær har bakgrunn frå «golvet» i engelsk fotball. Sjølv om lønningane ikkje kan samanliknast med dei på «golvet» i norsk helsevesen, har dømet overføringsverdi. Han har teke med seg observasjonane, lærdomane, notatblokka og blikket for menneska når han seinare har fått sjansen som lagleiar.

Med ein slik bakgrunn er det ikkje rart at eit problem som har si årsak i ein konflikt mellom arbeidstakarar og arbeidsgjevar – her ved José Mourinho og spelargruppa i Manchester United – ser ut til å løysast av eit menneske som heilt sikkert har store visjonar og hårete målsettingar, men som også evnar å lytte. For korleis oppnår ein noko med ei gruppe som har underprestert under verdas mest kjende lagleiar? I Manchester United var José Mourinho kjend for å styre hardt, med harde utfall mot enkeltspelarar i media, og med uføreseielege humørsvingingar.

Helsevesenet treng leiarar som behandlar menneska i systemet som menneske, ikkje som tal på papiret

AVSTAND. Solskjær har dei same maktmidla, men ein radikalt ulik stil – og ein annan måte å nytte midla på. United har vore mellom dei beste fotballaga i mange år. Dei har dei rette ressursane og dei rette spelarane. Det gjeld berre å legge til rette for at laget kan få fram sitt beste.

Helsetenesta har også vore prega av konflikt. Konfliktane skuldast avstand mellom dei som arbeider med pasientane og dei som arbeider med leiing, økonomi og planlegging. Den skuldast manglande forståing for arbeidet som skal utførast i det daglege, og strekk seg frå planlegging av bemanning i akuttmottak til planlegging av korleis framtidig sjukehusstruktur skal sjå ut.

NÆRLEIK. Helseleiarar prioriterer i dag tid til opphald i eigen krins framfor å gjere det viktigaste ein kan gjere for å finne ut kva problem ein bør ta tak i i eiga verksemd: Å ta på seg eit par slitte arbeidssko, gå ned på avdelingar, i akuttmottak og på operasjonsstover, i sjukehusgangar og på skrivestova, på vaskeriet og kjøkkenet, og lytte til kva dei tilsette fortel, sjå kva dei gjer, kvar dei slit, kvar systemet er til hinder framfor til hjelp – og vere til stades med auge, øyre og notatblokk.

Solskjær sine prestasjonar i dag er moglege fordi han har gått gradene. Han kjenner menneska i alle ledd av systemet, og dei kjenner han. Han behandlar menneska i systemet som menneske, ikkje som tal på papiret. Det er eksempelet Solskjær set som leiar – at ein spelar ikkje berre er ein spelar og ein resepsjonist ikkje berre er ein resepsjonist – men at dei alle er delar av ein større heilskap, og at dei alle må sjåast og lyttast til. Slike leiarar treng norsk helsevesen fleire av.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Kronikk og debatt, Dagens Medisin 06/2019

Powered by Labrador CMS