NYE FUNN: Helseatlas i ortopedi for Noreg er det første helseatlaset produsert i Helse Førde. Prosjektleiar Marte Bale presenterte funna tirsdag. Foto: Per Marifjæren

Dobbelt så vanleg å bli handoperert i Førde som i Finnmark

Det er meir enn dobbelt så vanleg å bli operert for handleddsbrot i Førde og Vestfold, som ved Helgeland- og Finnmarkssykehuset.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Det viser det nye helseatlaset i ortopedi frå Helse Førde som blei presentert tysdag. Analysen av store datamengder viser at forbruket av visse ortopediske helsetenester varierer stort rundt om i landet. Det gjeld blant anna for handleddsbrot.

Her ligg buområde Førde høgast med 148 operasjonar per 100.000 innbyggjar, mens Helgelandssykehuset ligg lågast med 63 operasjonar per innbyggar per år. Det er altså meir enn dobbelt så vanleg å bli operert i Førde og Vestfold, som for dei som bur nær Helgelandssykehuset og Finnmarkssykehuset.   

Variasjonen minkar
Det var ein viss variasjon i førekomsten av brot i landet, men denne variasjonen var ikkje stor nok til å kunne forklare skilnadene, og arbeidsgruppa karakteriserer difor variasjonen som uønska.

Rapporten har tatt for seg perioden frå 2012 til 2016. I 2013 blei det publisert nasjonale retningsliner for behandling av handleddsbrot, og etter dette har behandlingspraksisen blitt noko meir einsarta. Variasjonen har minka ved at buområda med færrast og mest operasjonar har nærma seg gjennomsnittet, ifølge rapporten.

Skilnader i liggetid ved hoftebrot
Bruken av plater som fiksasjonsmetode, som er tilrådd i retningslinene, har også auka og blitt den mest brukte metoden i dei fleste buområda.

Rapporten avdekker store geografiske skilnader i operasjonspraksis for slitne kle, ryggsmerter og handleddsbrot, mens variasjonen var minst for hoftebrot. Derimot var det store skilnader i gjennomsnittleg liggedøgn på sjukehus ved hoftebrot. Dette varierte frå 4,7 døgn i Stavanger til 7,8 døgn i Førde.

– Det kan være at dei som har kort liggetid har kommunale avdelingar som tek imot pasientane, mens andre ikkje. Liggedøgn på sjukehus er dyrt, så her ser vi at dei ulike helseføretaka bruker ulike ressursar på dette, seier leiar helseatlastenesta i Helse Førde, Marte Bale.

Powered by Labrador CMS