Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Lærdom frå framand land

Heretter skal eg vere meir audmjuk og lyttande når eg møter pasientar frå andre land og kulturar.

Annons:
Lisbeth Homlong

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, fastlege i Oslo (permisjon) og seniorrådgiver i halv stilling i Helsetilsynet

EG HADDE NETTOPP trakka i ein hundeskit og stod ved ein fortauskant og prøvde å skrape vekk skiten med ein pinne. Så datt det eit fire meter høgt tre ned i vegen, rett fram for nasen min. I ei gate i West Village på Manhattan, New York. Det er heilt sant. Det var ein av dei dagane. Kanskje venta det ei større katastrofe rundt neste sving? Kva visste eg?

Regnet hadde bøtta ned i strie straumar heile formiddagen. Då kunne eg i det minste skylje resten av hundeskiten vekk i regnvatn. Eg prøvde å kjenne på takksemd for at eg hadde flytta frå Bergen for lenge sidan. Der venta dei på ei atmosfærisk elv. Det var nok verre.

ANGST OG URO. Eg hadde flytta til New York nokre veker tidlegare. Etter dei første kaotiske dagane med jet-lag, men med begeistring over alt som var nytt og spennande, byrja eg å bekymre meg for at det kunne skje alvorlege ting her. Kven skulle eg i så fall ringe? Ville ambulansen kome dersom eg fekk hjartestans? Kva sjukehus ville dei i så fall køyre meg til? Kva viss borna blir alvorleg sjuke eller ektemannen knivstukken på subwayen? Kva med masseskyting, terror og orkan? Slikt skjer stadig vekk i USA. Og eg kjenner ingen.

No følte eg meg aller mest utrygg. Eg sov uroleg om natta og lengta etter skogen og fjellet. Asfaltjungelen på Manhattan var brått ikkje like attraktiv lenger.

STRESS. Eg byrja å fundere på kva det gjer med folk å flytte langt vekk frå familie, vener og lokalsamfunn – vekk frå språket og kulturen som ein kjenner? Etter eit kjapt google-søk kunne eg lese at dei fleste som flyttar utanlands, opplever eit slags kulturelt sjokk – etter dei første «kveitebrødsdagane» der alt er spennande og positivt.

“Mange manglar nettverk der dei kan dele spørsmål, sorger og gleder.”

Det psykologiske stresset kan variere i intensitet og varigheit. Ein kan kjenne på angst, uro, sinne og frustrasjon. Det er ikkje uvanleg at ein byrjar å tenke negativt om folket og kulturen i det nye landet. Dette kunne eg kjenne meg igjen i. For min del var flyttinga eit høgst friviljug prosjekt, så eg kjente også på skam for at eg ikkje var glad og fornøgd. Samtidig tenkte eg med større medkjensle på alle dei som vert tvinga til å reise.

NETTVERK. Migrasjonshelse er eit fagfelt som handlar om korleis det å vere innvandrar, påverkar helsa til folk. Sentrale spørsmål i fagfeltet er korleis migrasjonsprosessar kan påverke helsetilstand og utbreiing av sjukdom. Flyktningar og andre migrantar kan oppleve mange utfordringar når dei kjem til eit nytt land.

Mange manglar nettverk der dei kan dele spørsmål, sorger og gleder. Samtidig har dei ikkje lenger heimlandets referanseramme til å fortolke situasjonen sin i.

RESPEKT. Migrantar kan også oppleve utfordringar i møtet med helsetenesta. Det kan vere problem med både tilgangen – og med kvaliteten på tenesta dei får. Dei som flyktar frå krig og elende, vil sjølvsagt vere glade og takksame for å få bu i fredelege omgjevnader. Men vi må samtidig vise forståing og respekt for at dei kan få negative tankar, eksistensielle vanskar, kjenslemessige reaksjonar og helsemessige utfordringar som reaksjon på alt som er nytt og framandt.

Eg er klar over at det er litt tendensiøst å trekkje parallellar mellom eit sabbatsår i New York og situasjonen til flyktningar rundt omkring i verda, men eg trur at eg allereie har lært at eg heretter skal vere meir audmjuk og lyttande når eg møter pasientar frå andre land og kulturar.

INDRE MONOLOG. Eg har kanskje større hang til bekymring enn gjennomsnittet, og derfor var dei første vekene i utlandet litt tøffe. Lev her og no, Lisbeth Homlong, hugs at du er privilegert. Det er ein del av min indre monolog for tida.

Frå Messenger har eg lasta ned ein «stoicbot» – chatbot med stoisk livsdom – slik at eg dagleg får levert eit filosofisk sitat, til dømes dette: «Det finst berre ein veg til lukke, og det er å slutte å bekymre seg over forhold som det ikkje står i vår makt å endre».

KVALITET. Det går seg til. Eg jobbar mindre enn vanleg. Eg ser film midt på dagen. Eg set meg på ein benk i parken og les ein roman eller høyrer ein podcast. Eg sit og ser utover Hudson River, der eg mot sør kan skimte Fridomsgudinna i det fjerne.

Det bur cirka 600.000 hundar i New York, dei fleste av dei lever betre liv enn mange menneskei dette landet. Sjølv skal eg skal passe meg, så eg ikkje trakkar i ein hundeskit igjen, men eg skal ikkje gå rundt å vere redd for at eit tre skal falle ned i hovudet mitt.

Kronikk og debatt/Legeliv, Dagens Medisin 19/2018

Kommentarer

Nyheter fra startsiden

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!