Helsetilsynet får språkrefs

Statens helsetilsyn klarer ikkje å oppfylle krava i mållova, påpeiker Språkrådet.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Kvart år må statlege organ rapportere om eigen språkbruk til Språkrådet, som fører tilsyn med bruken av bokmål og nynorsk i staten. Statsorgan er pålagt å veksle mellom målformene – og kravet er at minst 25 prosent av tekstane skal vere på nynorsk, ifølgje mållova.

I 2015 oppfylte ikkje Helsetilsynet kravet verken på nettsidene eller i sosiale medium.

«Vi ser svært lite nynorsk på framsida dykkar og i dei øvste laga av nettstaden. Vi må opplyse dykk på nytt om at kvar fjerde, helst kvar tredje, nyheitssak må vere på nynorsk om de skal oppfylle dei krava som mållova stiller. Vi kan ikkje sjå at det er tilfelle no, korkje på nett eller i sosiale medium», skriv Helsetilsynet i fjorårets rapport.

«Lang veg å gå»
«Vi er diverre klar over at vi ikkje har klart å oppnå krava i mållova i fleire kategoriar i 2015, og seier oss lei for det», skriv Nina Vedholm, kommunikasjonsdirektør i Statens helsetilsyn i eit svarbrev til Språkrådet i fjor vår.

Ho varsla ei ny rutine der kvar fjerde nett-tekst og innlegg i sosiale medium skulle skrivast på nynorsk. Men då Språkrådet tok ein ny sjekk på nettsidene til Helsetilsynet i desember i fjor, var dei ikkje imponert over det dei såg. 

«Vi har nyleg vore inne på nettstaden dykkar for å vurdere vekslinga mellom målformene, men kan diverre ikkje sjå at de har teke råda våre frå i vår til følgje, og heller ikkje tiltaka i planen som de sende oss i etterkant av Språkrådets tilbakemelding på målbruksrapporten. Det er lite synleg nynorsk på framsida, og av dei siste ti nyheitssakene er det framleis få eller ingen som er skrive på nynorsk. Vi ser litt bruk av nynorsk på Facebook-sida dykkar, og det er bra, men de har framleis ein lang veg å gå før de når målet om minst 25 % nynorsk», skriv seksjonssjef Kristin Solbjør i Språkrådet.

– Ikkje tilfredsstillande
Ho peiker på at statlege organ har eit spesielt ansvar for å legge til rette for god kommunikasjon, og at nettsider og sosiale medium er kanalar som treff mange. Solbjør ber Helsetilsynet legge ein plan for det språklege arbeidet – og følge den.

«Tekstane de skriv her, er dessutan så korte at alle tilsette burde kunne våge seg på å skrive nynorsk, også om det skortar på kompetansen i organisasjonen», påpeiker Språkrådet, som minnar om at det snart er tid for ny rapportering.

– Kvifor klarer de ikkje å følgje mållova?

– Det er ikkje tilfredsstillande at vi ikkje klarer å oppfylle krava i mållova i alle kategoriar kvart år. Årsakene er samansette. Mellom anna har vi i 2015 og 2016 brukt mykje tid på å arbeida for eit betre og enklare språk i organisasjonen vår. Vi har oppdatert språkprofilen, og halde ei rekkje kurs for sakshandsamarane våre. I tillegg har vi følgd opp med skrivetrening i avdelingane knytt til vedtak i tilsynssaker. Vi har vidare utarbeidd malar for rapportar og vedtak, som skal gjere dei meir lettleste. Dette arbeidet har gått ut over anna viktig arbeid, som til dømes å oppfylle mållova, skriv kommunikasjonsdirektør Nina Vedholm i ein e-post til Dagens Medisin.

– Kva vil de gjere med dette framover?
– For 2017 må vi sørgje for å ha fleire nyhendesaker på nettsida på nynorsk. Vi har ein god del faste tekstar der på nynorsk, men desse er ikkje synlege på førstesida, peikar Språkrådet på. Vi må også klare å få mange nok rapportar på nynorsk. I sosiale medium skal kvar fjerde tekst vi publiserer vere på nynorsk.

Powered by Labrador CMS