
Prosessen i Helse Midt-Norge RHF er ein hån
Fagforbundet Helse Sunnmøre har ikkje lenger tillit til leiinga og styret i Helse Midt-Noreg RHF

Vi vil grunngje vår mistillit på fylgjande måte: Vedtaket i Helse Møre og Romsdal var basert på omfattande risiko – og sårbarheitsvurderingar der ein vekta pasienttryggleiken og forsvarleg drift. Dette vart avgjerande for at ein ikkje kunne fylgje den oppsette planen for innføring av Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal HF i april 2024.
Å trosse denne åtvaringa slik som leiinga i Helse Midt-Norge RHF har gjort, er mildt sagt overraskande, og framstår som risikosport der pasienttryggleiken blir lagd i potten. Det er dei tilsette nærmast pasienten som står ansvarleg for alle hendingane som skjer med pasienten. Å innføre eit system som set pasienttryggleiken i spel er fullstendig uansvarleg og ei absurd handling etter vår meining. Å vekte økonomi framfor pasienttryggleik er etter vår oppfatning straffbart, om en ser dette opp mot helseforetakslova og helsepersonellslova, og bør fylgjast opp av Statsforvaltaren og Stortinget om ikkje helseministeren grip inn. Vi har ikkje råd til fleire unødvendige dødsfall i vår helseregion som skyldast Helseplattforma.
Ein hån
Vi føler at prosessen i Helse Midt-Norge RHF er ein hån både mot dei tilsette og leiinga vår. Derfor meiner vi at både administrerande direktør Stig Slørdal og dei eigaroppnemnte styrerepresentantane må ta sin hatt og gå.
Styret i Helse Møre og Romsdal sitt vedtak var forankra i ein grundig prosess og ei vurdering som var samstemt av leiinga på alle nivå, samt tillitsvalde i fagorganisasjonen og vernetenesta.
Å sette ei slik vurdering til side fordrar sterkare argument enn det som kom fram i styrebehandlinga i Helse Midt-Noreg RHF.
Ingen oppgitte interessekonflikter