PÅ BAKKENIVÅ: Forfattaren av innlegget har valt å møte personar i krise på «bakkenivå»: – Om det er noko av vårt menneskelege som kan vere med på å hjelpe pasienten, er det sjeldan feil å bruke dette i behandlinga, skriv ho.

Kvar går grensa for å bruke seg sjølv i møte med ein pasient?

Di eldre eg har blitt, og di meir erfaring eg har fått, ser eg at det er mykje godt som kan kome ut av å vere open og transparent. Å vise den menneskelege delen av seg sjølv i møte med eit anna individ i krise, kan vere gull verdt.

Publisert Sist oppdatert
Jeswanthiny P. Mayooran

Som psykiatarar er det vi som blir det diagnostiske verktøyet. Noko som er det fine med dette faget

«EG SER JO at du har ein annan hudfarge. Så kvar er du eigentleg i frå?» Eg ser ham djupt inn i augene, undrar over kva eg skal svare. Er det greit å gje eit svar på dette? Går eg ut av psykiaterrolla mi? Kvar går grensa?

Eg kjenner eg blir heilt tørr i munnen. Begynner å leite etter ord. Etter nokon sekundar, som føltes ut som fleire minutt, bestemmer eg meg for å svare: «Eg er født i Noreg, men foreldra mine er ifrå Sri Lanka.»

«EG SER DEG». Det hender ofte at pasientar kjem med spørsmål om kven eg er, om eg har barn, kor gamal eg er, og liknande. Lenge hadde eg ei tanke om at ein ikkje skulle svare på slike spørsmål, særskilt i eit fag som psykiatri. At det er å trø over grensa til det private, og at psykiateren skulle halde seg mest mogleg nøytral.

Eg hadde lenge ei tanke om at å svare på private spørsmål, er å trø over grensa

Di eldre eg har blitt, og di meir erfaring eg har fått, ser eg at det er mykje godt som kan kome ut av å vere open og transparent. Å vise den menneskelege delen av seg sjølv i møte med eit anna individ i krise, kan vere gull verdt: Ein måte for å fortelje pasienten at: «Eg ser deg, lyttar til deg, og skal gjere mitt beste for å forsøkje å forstå deg.»

FORTVILING – OG STIGMA. Sjølvsagt er der grensar på kva ein skal dele. Relasjonen mellom psykiater og pasient, er profesjonell, og desse rammene er det psykiateren som har ansvar for å oppretthalde: Rammer som skal ha ein fagleg forankring, men som samstundes gjev løyve til mjukare kantar, særskilt i møte med pasientar der ein vurderer at dette kan vere nyttig eller naudsynt.

Eg hugsar svært godt pasienten nemnt ovanfor. Ein ung mann, også med utanlandsk bakgrunn. Fyrste møte med psykiatrien. Han bar på eit tungt lass av skam og skuld. Korleis kunne dette skje? Kva ville familien tenkje? Måten psykisk helse var representert på i heimlandet hans, gjorde alt verre. Mykje stigma. «Eg er ikkje gal. Men eg trenger hjelp. Familien min forstår ikkje dette. Dei ber meg heller be og vende meg til religion, for at eg skal bli glad att.»

Han var så fortvila. Fortvila over familien sin tankegang, stigmaet han kjende på, og ikkje minst: kom vi i psykiatrien til å forstå denne kulturelle forskjellen?

Om min bakgrunn og mine erfaringar kan bidra til betre forståing og relasjon mellom ein pasient, tenkjer eg at det er verdt det

PÅ BAKKENIVÅ. At eg der og då valte å dele min bakgrunn, gjorde det lettare for han å føle seg forstått.

Eg tenkjer det er viktig å møte pasienten på «bakkenivå». Om det er noko av vårt menneskelege som kan vere med på å hjelpe pasienten, er det sjeldan feil å bruke dette i behandlinga.

Som psykiatarar er det vi som blir det diagnostiske verktøyet. Noko som er det fine med dette faget. Om min bakgrunn og mine erfaringar kan bidra til betre forståing og relasjon mellom ein pasient, tenkjer eg at det er verdt det.

Interessekonflikter: Artikkelforfatteren oppgir ikke andre interessekonflikter enn profesjonen og yrkesrollen hun besitter.

Powered by Labrador CMS