
Vestre på ville vegar
I staden for å opprette ei parallell digital teneste med legar utan pasientansvar, må ressursar brukast til å styrke den eksisterande fastlegeordninga.
Fastlegeordninga i Norge er ein suksess som utgjer sjølve grunnmuren i helsetenesta vår. No vil regjeringa innføre konkurrerande tiltak som vil bidra til å sette heile fastlegeordninga i fare. Helseminister Vestre vil opprette ei ordning med kommunal nettlege heilt ved sidan av fastlegeordninga. Slik vil han ta opp kampen mot Dr. Dropin. Forslaget er ein dårleg ide.
Legeforeninga er sterkt i mot forslaget. Dei meiner det ikkje kan forsvarast av faglege grunnar. Likevel vil regjeringa true det i gjennom. Det er uforståeleg. Fastlegar åtvarar mot at tiltaket er eit feilgrep som også vil sette digitalisering av fastlegeordninga på pause, og omtalar forslaget som ein digital skandale ( Dagens medisin 27.05) .
Prosjektet er skissert å trenge over 50 millionar kroner i statlege midlar. Pengar skal også takast i frå andre digitaliseringsprosjekt som skulle kome fastlegeordninga til gode. I staden for å opprette ei parallell digital teneste med legar utan listeansvar eller krav til oppfølging av pasient, må ressursar i staden brukast til å styrke fastlegeordninga og kommunal legevakt.
I ei tid med mangel på helsepersonell, bør ein ikkje opprette konkurrerande tenester som vil svekke tilgangen på fastlegar og legevaktslegar. Framleis er det for mange innbyggjarar utan fastlege i Norge. Då er det ganske så uklokt å opprette nye offentleg finansierte legetenester som vil dra legeressursar vekk frå fastlegeordninga. Kor skal dei kommunale nettlegane kome frå? Bemanningsselskap?
Fastlegeordninga er ei teneste som befolkninga er svært fornøgd med. Problemet er at det har vore for få fastlegar. No er dette på veg til å betrast, og rekrutteringa av fastlegar er styrka. Men fastlegeordninga er ikkje friskmeldt. Den treng å stabiliserast og utviklast med meir digital tilgjengelegheit. Samtidig må vi bevare kontinuiteten - at pasient og lege kjenner kvarande over tid.
I staden for å opprette ei parallell digital teneste med legar utan pasientansvar, må ressursar brukast til å styrke den eksisterande fastlegeordninga. Digitale løysingar må i utviklast innanfor rammene av fastlegeordninga, ikkje utanfor i ei konkurrerande teneste. Fastlegeordninga treng eit løft, ikkje ei svekking.
Her er helseminister Vestre og Arbeiderpartiet på ville vegar. Vi treng ikkje fleire nye digitale eingongslegar. Vi treng fleire fastlegar, og legevakt der folk bur.