Norge har svikta dei alvorlegaste psykisk sjuke

Er det ikkje i heile samfunnet sin interesse at vi avdekker kvar det går galt, og syter for at sjuke menneske skal sleppe å bli drapsmenn før dei får hjelp for psykisk sjukdom? Kvifor har ikkje helseføretaka starta ei gransking av eigen praksis for behandlingstilbodet til psykisk sjuke?

Publisert
Astrid Gytri

Kronikk: Astrid Gytri, psykiatrisk sjukepleiar, styremedlem i Landsforeningen for pårørende innen Psykisk helse (LPP) i Sogn og Fjordane og brukarrepresentant i Regionalt brukarutval i Helse Vest

I NOVEMBER 2022 presenterte Kripos-rapporten Vold begått av personer med alvorlige psykiske lidelser. Politiet har her ein grundig gjennomgang av drap og drapsforsøk i Norge i perioden 2011–2020. Det blir slått fast at andelen av drap og drapsforsøk som blir begått av alvorleg psykisk sjuke, har auka etter 2014.

Kripos si hypotese er at både reduksjon av døgnplassar og lovendring i 2017 har medverka til dette.

KVA ER RETT MEDISIN? Hadde det ikkje vore på sin plass at psykisk helsevern tek ein like grundig gjennomgang av behandlingstilboda som desse pasientane faktisk får i helseføretak og kommunar, før dei blir så sjuke at politiet og domstolane må sørge for at dei får hjelp?

Er det ikkje på sin plass at psykisk helsevern tek ein like grundig gjennomgang av behandlingstilboda som psykisk syke pasientar faktisk får i helseføretak og kommunar, før dei blir så sjuke at politiet og domstolane må sørge for at dei får hjelp?

Fagfolk er ueinige om kva som er rett medisin for den situasjonen Kripos no beskriv, og helseministrar oppnemner stadig nye utval som skal utgreie og gi ekspertuttale. Men det minste helseføretak og kommunar kan gjera, er å sjå til at behandling og oppfølging skjer i samsvar med allereie gjeldande lover, forskrifter, faglege råd og rettleiarar. For er det ikkje i heile samfunnet sin interesse at vi avdekker kvar det går galt, og syter for at sjuke menneske skal sleppe å bli drapsmenn før dei får hjelp for psykisk sjukdom? Både menneskelege og økonomiske omsyn tilseier det.

FYLGJER IKKJE LOVVERKET. Når det skjer lovbrot i andre deler at samfunnet, gir det ulike former for straff for den som bryt lova. Når psykisk helsevernlova og pasient- og brukarrettigheitslova blir brote, og det har store konsekvensar for både den sjuke og familien, blir det bagatellisert. Det som kjenneteiknar mange av tilsynssakene og rapportar frå Sivilombodet og Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten (Ukom) er at leiinga i helseføretaka ikkje har sørga for at lovverk og retningslinjer for pasientbehandling er godt nok innarbeidd i rutinar for avdelingane som er ansvarleg for pasientbehandlinga: Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring blir ikkje fylgt opp godt nok innan det psykiske helsevernet.

I 2020 kom Statens helsetilsyn med ein rapport etter eit dobbeltdrap som var utført av ein alvorleg psykisk sjuk person, og helseføretaket fekk kritikk for at klinikken mangla rutinar for å sikre at fagleg ansvarlege innhenta informasjon frå pårørande før det vart fatta vedtak om tvungent psykisk helsevern, jamfør lov om psykisk helsevern §3–9. Denne lovparagrafen kom i 2001 da ny lov om psykisk helsevern vart gjort gjeldande. Hadde ein godtatt at det gjekk nærmare 20 år før lovverk innan til dømes vegtrafikk eller eigedom vart innarbeida i bedriftene sine rutinar?

ANSVARET. I perioden 2017–2019 avdekka media overgrep og svikt knytt til tvangsmiddelbruk i psykisk helsevern -- ved å gå gjennom tvangsprotokoller ved dei psykiatriske institusjonane. Har føretaka sjølve granska årsakene til at eigne institusjonar i årevis hadde ein praksis som ikkje var i samsvar med lovverket, og har helseføretaka sett på konsekvensane for den einskilte pasient når dei blir utsett for lovbrot og dårleg behandling?

I 2001 kom fleire nye lover, men ikkje før i 2007 vart pasient og brukarrettighetslova (PBRL) fullt ut gjort gjeldande for psykisk helsevern. Pasientar og pårørande sine rettar vart styrka når PBRL vart gjort gjeldande, men diverre vart mange av desse lovendringane ikkje fylgt opp i psykisk helsevern. Erfaring tilseier til dømes at

  • pasientar som manglar samtykkekompetanse, er innlagt på frivillig paragraf
  • pårørande som har varig og løpande kontakt med den sjuke, får ikkje rettigheiter som næraste pårørande, trass i at dette står i PBRL §1-3b
  • psykiatrar hevdar framleis at pasientar er samtykkekompetent til å nekte pårørande informasjon, sjølv om pasienten er innlagt på tvungen observasjon/tvungent psykisk helsevern og manglar samtykkekompetanse
  • det blir ikkje innhenta informasjon frå pårørande før det blir fatta vedtak (jmfr. §3-9 PHVL)
  • pasientar og pårørande får ikkje informasjon og opplæring i samsvar med loven om spesialisthelsetjeneste
  • n det blir ikkje nytta individuell plan og koordinator i samsvar med lovverk for denne pasientgruppa, og
  • pasientane får dårlegere behandling for somatiske helseproblem, og det blir ikkje gjennomført systematiske helsekontroll i samband med medisinbruk som ofte gir somatiske helseutfordringar.

STORE SKILNADER. For pasientar med psykoselidingar er det store skilnader i behandlingstilbod både mellom helseføretak og innan helseføretak. Det kan synes som det er psykiatrar og leiarar sine interesse som styrer tilbodet meir enn nasjonale retningslinjer. Psykoedukativt familiearbeid i lag med legemiddelbehandling og kognitiv terapi er viktigaste behandling ved psykose. Denne anbefalinga gjeld også ved tilbakefall. Mange pasientar med psykoselidingar og deira familie får ikkje dette tilbodet fordi institusjonen ikkje prioriterer å etablere eit slik tilbod.

Det manglar kontinuitet i oppfylginga. Pasientane blir flytta mellom ulike avdelingar og ulike nivå både i helseføretaka, og kommunane og både pasientane og deira pårørande må forhalda seg til stadig nye behandlarar og eit stort tal miljøpersonell. Dette blir påpeika både i rapport frå Statens helsetilsyn og Ukom. Det er dårleg samarbeid mellom kommunane og psykisk helsevern – og usemje om ansvarsfordeling i høve til pasientar som er på tvang utan døgnopphold.

EIGENGRANSKING? Brot på lovverk og manglande etterleving av retningslinjer for mellom anna psykosebehandling held fram også i 2023. Stadig nye pasientar opplever at dei ikkje får nødvendig behandling og oppfylging. Familiemedlemmer og andre opplever vold og trugsmål, og i verste fall drap, utført av alvorleg sjuke og lidande menneske. Politikarar og leiarar blir sittande i stadig nye råd og utval, men  utan å rette opp kjente feil og manglar.

Så, kvifor har ikkje helseføretaka sjølve starta ei gransking av sin eigen praksis når det gjeld behandlingstilbodet som denne pasientgruppa faktisk får i norsk helsevesen?


Ingen oppgitte interessekonflikter


Dagens Medisin, fra Kronikk- og debattseksjonen i 01-utgaven

Powered by Labrador CMS