Ei venta AMK-krise

At helseføretaka i Helse Sør-Øst har valt å organisere AMK-tenestene slik at dei er kritisk sårbare, er det no 1,7 millionar innbyggarar som ber risikoen av. Ein har valt å samle alle egga i ei korg, og blir samstundes overraska over at så mange egg vert knust samtidig når korga ramlar i bakken. AMK Oslo har blitt eit risikoprosjekt, der kritiske røyster ikkje blir høyrt.

Publisert
Kjell-Wernik Nystøyl

Kronikk: Kjell-Wernik Nystøyl, sjukepleiar, samfunnsvitar og * seniorrådgjevar hos Pasient- og brukarombodet Vestland


TO PERSONAR TIL
å svare 113-samtaler i eit område med 1,7 millionar menneske? Dette er konsekvensen av ein ønska politikk – og burde ikkje overraske nokon av dei ansvarlege.

NRK har publisert ein serie artiklar om bemanningskrise ved Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Oslo. Vi les om ein søndag morgon der det berre møtte to personar på jobb som kunne svare naudtelefonen for AMK Oslo sitt dekningsområde. Fråfall av personell kan alle verksemder oppleve, men AMK Oslo er så store at ingen andre aktørar kan overta drifta når det skjer. Dette er eit problem i eit samfunnstryggleiksperspektiv, og bør bekymre langt fleire.

RETORISK PARADOKS. Organisering av AMK-sentralar var tema i mi masteroppgåve ved Høgskulen på Vestlandet i 2021. Korleis kunne Helse Vest og Helse Sør-Øst velje to ulike løysingar for å svare på same problem – nemleg kapasitetsproblemet som 113-sentralane opplevde under terroråtaka 22. juli?

Kva skjer om eit smitteutbrot råkar mange tilsette på kort tid og lammar AMK-sentralen? Ingen AMK-sentral i landet er i stand til å ta over drifta av AMK Oslo

Eg tok òg utgangspunkt i Gjørv-kommisjonen sin rapport, som peika på ei rekke feil som skjedde 22. juli, og på at vi må gå i retning av større og meir robuste fagmiljø. I rapporten er storleik og robustheit kopla saman fleire gangar, som om det skulle vere ein automatisk samanheng i at noko blir betre berre det blir stort nok.

At kommisjonen la fram at ein av dei største svikta 22. juli skjedde hjå den største operasjonssentralen i landet, operasjonssentralen i Oslo politidistrikt, er for meg eit retorisk paradoks.

KAPASITET – OG RISIKO. I min studie fann eg at aktørane som organiserte AMK-tenestene, var mest opptekne av å bygge kapasitet. Ein er avhengig av å ha kapasitet til å handtere kvardagslege hendingar, men på same tid må ein ha kapasitet til å handtere ekstraordinære hendingar. Så langt var både Helse Vest og Helse Sør-Øst samde, men dei vurderte risiko ulikt.

Det å slå saman AMK-sentralar til fysisk større einingar var i Sør-Øst sett på som ei løysing som ikkje ga særleg uro kring risiko, medan det i Vest vart sett på som altfor risikofylt. Helse Sør-Øst har samla ansvaret for fleire AMK-områder til AMK Oslo, noko som gjer at AMK Oslo i dag har ansvaret for 1,7 millionar innbyggarar. I norsk samanheng er dei gigantiske.

Helse Vest har gjort vedtak om å organisere AMK-tenestene i eit virtuelt fellesskap. Det betyr at dei beheld alle AMK-sentralane sine lokasjonar som i dag, men samlar alt i ei organisatorisk eining der alle skal jobbe saman virtuelt. Dei meiner dette sikrar stor kapasitet og ikkje minst reservekapasitet, samstundes som ein spreier risikoen.

INNHALD – ELLER STORLEIK? Argumenta for å slå saman fagmiljø til større og færre einingar, handlar ofte om kvalitet – på tross av lite faglitteratur som seier at ein stor organisasjon leverer kvalitativt betre tenester enn ein liten. Fordi det så ofte er gjentatt at tenestene blir betre og tryggare berre ein blir stor nok, kan det etablere seg som ei sanning. Burde ikkje fokus vere langt meir på innhald enn storleik?

Å ha større fagmiljø treng ikkje vere synonymt med å samle personell fysisk på same lokasjon, men krev ei felles overordna leiing og strategi. Å fysisk samle tenester, særleg samfunnskritiske tenester som naudmeldesentralar, er unekteleg problematisk i eit risiko- og sårbarheitsperspektiv. Kva skjer om ein AMK-sentral må evakuerast? Anten på grunn av trugsmål, terror eller kanskje brann. Vi har fersk erfaring med pandemi. Kva skjer om eit smitteutbrot råkar mange tilsette på kort tid og lammar AMK-sentralen? Dette viser sårbarheita og at konsekvensane blir enorme, særleg der det er lite eller ingen folk i backup.

Backup er eit sentralt omgrep her. Ein AMK-sentral kan ikkje vere ute av drift. I Helse Vest er dei fire AMK-sentralane parvis dekker opp for kvarandre. I teorien betyr det at ein sentral kan ta over drifta av ein annan. Backup gjeld og ved stor pågang der naudtelefonen automatisk går vidare til backup-sentralen om den ikkje vert svart i tide. I Helse Sør-Øst eksisterer det liknande løysingar, men i praksis ikkje ein backup. Det er ingen AMK-sentral i landet som er i stand til å ta over drifta av AMK Oslo.

ALLE EGG I EI KORG. AMK Oslo er blitt eit risikoprosjekt, der kritiske røyster ikkje blir høyrt. Det er ikkje dei tilsette sin feil at AMK-sentralen i Oslo får retta søkelyset mot seg. Eg tenker ikkje anna enn at dei som går på jobb i AMK Oslo gjer sitt ytterste kvar dag for å levere gode tenester til innbyggarane. Leiinga seier dei har vurdert risikoen som akseptabel, men kva skjer om AMK Oslo må evakuere, eller det oppstår brann i teknisk rom eller sentralen brått blir sett ut av spel av andre årsaker? Det vil gå lang tid før ei reserveløysing er oppe og går, fordi ingen AMK-sentral i landet er verken bemanna til, eller har teknisk og fysisk kapasitet til, å ta over drifta av AMK-sentralen i Oslo.

Ein har valt å samle alle egga i ei korg, og blir samstundes overraska over at så mange egg vert knust samtidig når korga ramlar i bakken. At helseføretaka i Helse Sør-Øst har valt å organisere AMK-tenestene slik at dei er kritisk sårbare, er det no 1,7 millionar innbyggarar som ber risikoen av.


* Tilleggsinformasjon:
Artikkelforfatteren presiserer at synspunktene i artikkelen er hans egne, og ikke et uttrykk for arbeidsgiverens standpunkter. Han er sykepleier og samfunnsviter med master i organisasjon og leiing. Tidligere har han arbeidet i mange år ved AMK-sentralen i Helse Førde.


Dagens Medisin
, fra Kronikk- og debattseksjonen i 17-utgaven

Powered by Labrador CMS