Plass til fleire i medisinutdanninga

Det er vanskeleg å sjå korleis ei offensiv oppdemming mot fleire medisinske utdanningsmiljø kan vere eit svar på det store nasjonale behovet for å utdanne fleire legar. Utdannings- og forskingskapasiteten kan i staden styrkast ved det tredje største akuttsjukehuset i landet, og betre legedekninga i og rundt den tredje største byregionen.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.

Klaus Mohn

Innlegg: Klaus Mohn, rektor og professor, Universitetet i Stavanger

DAGENS MEDISIN bringer fredag 26. februar ei sak knytt til oppbygging av medisinutdanning på Vestlandet, under tittelen Full krangel om medisinutdanning på Sør-Vestlandet.

Som respons på Grimstad-utvalet si utgreiing har rett nok Universitetet i Stavanger (UiS) og Universitetet i Bergen (UiB) kvar sine forslag til løysing. Likevel er det fleire forhold i saka som fortener eit motsvar.

Vinklinga av saka og utvalet av kjelder har ei slagside i favør av dei etablerte universiteta. Om ein spør dei fire universiteta som i dag kan utdanne legar om dei ønsker seg eitt til fagmiljø, kan ein ikkje bli overraska over at svaret er nei.

KLASSISK FENOMEN. Dei privilegerte sitt forsvar av særrettar er eit klassisk fenomen, også når det gjeld medisinutdanning i Noreg. Etablerte universitet har demma opp mot nykomarar heilt sidan etableringa av Det Kongelege Fredriks Universitet i Christiania i 1811. Haldningane frå dei etablerte i denne saka følgjer nett det same mønsteret.

Det er vanskeleg å sjå korleis ei offensiv oppdemming mot fleire medisinske utdanningsmiljø kan vere eit svar på det store nasjonale behovet for å utdanne fleire legar. Vår bodskap til politikarane er difor at medisinutdanning til UiS vil representere god utdanningspolitikk, god helsepolitikk og god forvaltning av fellesressursane.

AV DET GODE. Ved UiS tenker me på korleis me, på eiga hand og i samarbeid med andre, kan bygge kompetanse og kapasitet til å løyse store samfunnsoppdrag. Samstundes er me opne for at ein viss konkurranse kan være av det gode – både for kvalitet og kostnadar.

Medisinutdanning ved UiS vil representere god utdanningspolitikk, god helsepolitikk og god forvaltning av fellesressursane

Eit tilbod om medisinutdanning ved UiS vil bidra til å styrke utdannings- og forskingskapasiteten ved det tredje største akuttsjukehuset i landet, og samstundes betre legedekninga både i og rundt den tredje største byregionen i landet, etter som legestudentane har ein tendens til å etablere seg der dei har studert.

SAMARBEID – OG FAKTA. Med vilje til samarbeid, både i og utanfor Stavanger-regionen, kan me verkeleg ikkje sjå korleis vår løysing skal svekke legedekninga i distrikta, slik det blir hevda av ordføraren i Haugesund. Me har etablert avtalar om samarbeid med ti kommunar i Rogaland, og er opne for å samarbeide med fleire. Dette vil styrke utdanning og legedekning i både i spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i kommunane langs heile Vestlandet.

Dekan Per Bakke ved UiB visar elles ein fleksibel omgang med fakta på fleire område. Dei 70 studieplassane me siktar mot for ei medisinutdanning ved UiS, tek utgangspunkt i ledig tilleggskapasitet for utdanning og rettleiing – slik denne er innrapportert frå Stavanger universitetssjukehus (SUS) til Grimstad-utvalet.

At ei opning for vårt forslag skulle innebere ei nedskalering for UiB, stemmer dermed ikkje med dokumentasjonen som ligg føre i saka.

DELT PÅ MIDTEN. Det stemmer heller ikkje med våre observasjonar at eit fleirtal i Grimstad-utvalet gikk inn for å avgrense talet på medisinske fakultet til dei fire ein har i dag. I dette spørsmålet var utvalet delt på midten. Halvparten av utvalet meinte at retten til å tildele graden cand.med. kunne utvidast til å omfatte fleire universitet enn i dag. Me er difor glade for at Helse Stavanger støtter opp om vår forventning om gradsrett og studieplassar som føresetnad for eit eventuelt trepartssamarbeid.

Bakke hevdar vidare at Universitetet i Stavanger er invitert til eit samarbeid om Vestlandslegen, men at me har takka nei. Sjølv har eg hatt god og regelmessig kontakt med rektor ved UiB gjennom dei siste to åra, og i mi tid som rektor har det ikkje kome korkje initiativ eller invitasjon frå UiB til samtaler eller samarbeid om medisinutdanning.

Ved fleire høve har leiinga i Helse Vest teke initiativ til samtaler på høgt nivå om eit slikt samarbeid, med deltaking frå UiB, UiS og Stavanger universitetssjukehus, med siste runde på nyåret i år. I desse møta er det Universitetet i Stavanger som har vore opne og inviterande til samarbeid. Det same kan diverre ikkje seiast om haldninga frå UiB si side, som har hatt vanskar med å artikulere kva som kunne være UiS sin rettmessige del av medverknad, rettar og ressursar i eit slikt samarbeid.

JA TIL SAMARBEID. La meg difor gjere det klårt: Ved UiS er me opne for samarbeid med andre universitet om medisinutdanning. For oss er føresetnaden at samarbeidet er balansert, med gradsrett og studieplassar til begge partar i samarbeidet.

Ved UiS er me overtydde om at eit bidrag frå vår kant til medisinutdanninga i Noreg vil representere eit nyskapande og framtidsretta tilbod, prega av høg kompetanse og låge kostnadar, mykje teknologi og lite byråkrati. Dette vil vere til inspirasjon for gamle og nye lærestadar – og til beste for legestudentane, for Helse-Noreg og for pasientane.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS