Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Abonnere
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Merkelege utslag ved prosedyrekoding i poliklinikk

Ved å unnlate å kode for noko ein gjer på to polikliniske pasientar per dag, genereres like mykje inntekt til helseføretaket som om ein pressar ein pasient til inn på timelista for dagen.

Publisert: 2020-02-23 — 05.40
Einar Solheim

Innlegg: Einar Solheim, ØNH-spesialist og overlege ved Førde sentralsjukehus

ALLE KONSULTASJONAR ved sjukehuset skal registrerast med minst ein diagnosekode og ein takst. For eksempel J 32.0: kronisk maxillarsinusitt (kjevebiholeinfeksjon), takst 201b (som utløyser at pasienten skal betale eigendel). Om det i tillegg vert utført ei prosedyre som til dømes endoskopisk undersøking av nase (nasoskopi), kan det registrerast prosedyrekode DUH 02 for det.

Vi har alltid blitt fortalt at koding skal vere så korrekt som mulig, og avspegle aktiviteten. Dette for at statistikk og refusjon skal bli rett, og for at vi raskt får oversikt over kva som er gjort då desse kodane ofte står innleiingsvis i epikrisa.

KORREKT – ELLER KREATIVT? Vi skal ikkje drive med såkalla kreativ koding, det vil si å kode på ein måte der vi med kodinga lurer systemet og får meir refundert enn det som var tenkt som ein rimeleg betaling for arbeidet som er gjort.

Vi er opplærde til å kode det vi gjer. I enkelte helseføretak sine Dips-system kan ein ved nokre sjukehus ved eit tastetrykk i registreringbiletet (ein liten blå sirkel øvst til høgre), sjå kor mange DRG-poeng og kor mange kroner ein poliklinisk konsultasjon genererer.

Koding tek tid, og eg tok meg difor nyleg tid (januar 2020) til å sjekke kva ein har att for å bry seg med koding ved en ØNH-poliklinikk – ved to hyppige tilstandar som ein har hundrevis av kvart år.

LØNSAMT SLURV. Om ein ved kronisk maxillarsinusitt skriv diagnose J32.0, prosedyrekode DUH 02 (nasoskopi) og takst 201b, utløyser dette 647,48 kroner. Om ein ikkje registrerer skopien DUH 02, og altså slurvar, aukar inntekta av konsultasjonen til 803,27 kroner.

Liknande for behandling av R 04.0 epistaxis (naseblødning) med etsing av blodkar på naseskilleveggen: Der genererer ein 647,48 kroner dersom ein registrerer prosedyrekoden DUH 02 (nasoskopi ) og DKW00 (etsing av naseskillevegg). Dersom ein ikkje registrerer prosedyrekoden for nasoskopien og kun for etsing blir refusjonen 1004,72 kroner.

Eg håpar nokon som har ansvar for kodeverket, kan svare ut dette

SYSTEMATISK? Kor mange tilstandar liknande skilnader føreligg ved, veit ikkje eg. Heller ikkje om dette er typisk for andre spesialitetar. Ved mange andre diagnosar får ein ikkje fram slike skilnader, og eg ser ikkje noko system i dette.

I tider der helseføretaka er pressa på økonomi, og der ein stadig må presse fleire pasientar inn i poliklinikken for «å produsera meir», vert dette meiningslaust: Slik dette fungerer, vil ein ved å unnlate å kode for noko ein gjer på to polikliniske pasientar per dag, generere like mykje inntekt til helseføretaket som å presse ein pasient til inn på timelista for dagen.

UFORSTÅELEG. Eg veit kva eg ville valt om eg var avdelingssjef. Og dersom ein gjorde dette valet, kan ein verte skulda for kreativ koding?

Dersom denne kodinga hadde hatt noko å seie for inntekta mi på sjukehuset, hadde eg vore endå meir frustrert over det uforståelege i dette.

For avtalespesialistar veit eg at liknande utslag ikkje viser seg når ein tilføyer prosedyrekodar.

Eg håpar nokon som har ansvar for kodeverket, kan svare ut dette.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Dagens Medisin 03/2020, fra Kronikk og debatt-seksjonen

 

 

Nyhetsbrev
Følg med på siste nytt fra Dagens Medisin ved å abonnere på vårt gratis nyhetsbrev og følge oss i sosiale medier.
Del:

Kommentarer

OBS! Du må logge inn for å kommentere

Bli medlem

Nyheter fra startsiden

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!