Misvisande om «skandalesjukehus»

Sørlandet sjukehus Flekkefjord har 30.000 pasientkontaktar per år, er akuttsjukehus for om lag 40.000 mennesker og lever av tilliten til pasientane. No opplever me at særleg NRK har forgifta tilliten med lettvinn, insinuerande og til dels misvisande journalistikk.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Hjalmar Ødegaard

Kronikk: Hjalmar Ødegaard, overlege ved Medisinsk avdeling, Sørlandet sjukehus Flekkefjord (SSHF)

NETTMEDIER LOKKAR med saftige overskrifter, og artikkeltekstane er stykka opp av vidarekoplingar til andre saker. Slik er forretningsmodellen: Å sørge for at lesaren blir på nettsida så lenge som råd, sikrar reklameinntekter. I konkurranse med anna nettinnhald blir journalistikk gradvis vatna ut av billige klikk-saker.

Mediene er tvungne inn i eit nedadgåande kappløp, som fyrst og fremst råkar seriøs dekning av verkelege nyheiter. Men kvifor er lisensfinansierte NRK med på runddansen som etter kvart utarmar kommersielle medier?

«NY AVSLØRING». NRK-oppslaget «Ny avsløring fra skandalesykehuset», som seinere har fått overskrifta «Ny tilsynssak mot lokalsykehus», viser til ei tilsynssak frå 2016. Helsetilsynet har kritisert verksemda ved Sørlandet sjukehus Flekkefjord fleire gonger i det siste, mellom anna for – som i dette tilfellet – å operere pasientar utan indikasjon. Sakene som no er ferdigbehandla, er tre–fem år gamle, men uforsvarleg og/eller utilstrekkeleg helsehjelp er alltid siste nytt. NRK lenkar til tidlegare saker, frå tida med låg aktivitet innan kirurgi – og til gamle forslag om å redusere akuttfunksjonane. I kvar påfølgjande sak blir lenkene fleire: NRK har skrevet flere saker om lokalsykehuset som har vært nedleggingstruet, og «Avhengig av å ha nok operasjoner» og «Opererte begge knær uten grunn».

Snart er dette bakteppet for alt som blir skrive: Kirurgar utset friske folk for skadelege inngrep i forsøk på å berge arbeidsplassen.

FORGIFTAR TILLIT. Pressen skal «sette søkelys på kritikkverdige forhold». Å halde helsevesenet til ansvar, avdekke kvalitetssvikt – og omtale pasientskader – høyrer openbart til i samfunnsoppdraget. Ved sidan av å yte rettferd og kompensasjon for skade, er klagesaksbehandling dessutan eit verktøy for å betre helsetenestane. Kritisk gransking frå styresmakter, kollegaer og mediene er i det store og heile avgjerande for å balansere fagutvikling, IT og omsorg i eit helsevesen i stadig omstilling.

Mediene er også i konstant endring: På same vis må dei avgjere korleis ny teknologi og nye måtar å formidle informasjon på, kan nyttast effektivt. Skildnaden på «Se hvem som krangler på Farmen» og «Ny avsløring fra skandalesjukehuset», er imidlertid denne: Me har 30.000 pasientkontaktar per år, me er akuttsjukehus for om lag 40.000 mennesker, og me lever av tilliten deira. Og langt viktigare: Når det hastar, lever dei også – for å sette det på spissen – av å ha tillit til oss.  Det er denne tilliten me no, dagleg, opplever at særleg NRK har forgifta med lettvinn, insinuerande og til dels misvisande journalistikk.

Dette er snart bakteppet for alt som blir skrive: Kirurgar utset friske folk for skadelege inngrep i forsøk på å berge arbeidsplassen

KONSEKVENSAR. Dei fleste, i alle fall dei som ikkje vaks opp på denne sida av årtusenskiftet, oppfattar framleis statskanalen som grundig, objektiv og upartisk, og det har alvorlege konsekvensar å bli «avslørt» som «skandalesjukehus». Ved Onkologisk dagenhet må kreftpasientane overtalast til å følgje cellegiftprogrammet (som faktisk er styrt av onkologane i Kristiansand). Elektive inngrep blir kansellert og akuttpasientar ber seg overflytta av frykt for kva me kan finne på å gjere mot dei.

Det er lett å bli konspiratorisk. NRK driv neppe nokon medviten kampanje for å sverte Sørlandet Sjukehus Flekkefjord, men ein kan lure på om dei gjer seg nyttige for kreftene som ser kirurgi på fleire lokasjonar som ein hemsko for ambisjonane om universitetssjukehus, eller synest vaktberedskap i Flekkefjord er eit urimeleg innhogg i felles budsjett. Kanskje har Fylkeslegen sine karakteristikkar av einskilde kirurgar gitt mediene los – kan det vere meir i vente enn berre kritikk?  Kan hende er forklaringa ein kombinasjon av alle desse, saman med tidspress, og heilt vanleg tankeløyse.

OMDØMMET. Tillitsvalde frå samtlege greiner av Sørlandet sjukehus har stilt seg bak ei klage til Pressens faglige utvalg (PFU) for fleire brot på Vær Varsom-plakaten. Dette innlegget er meint som ein refleksjon kring pressedekninga på klagesakene mot Flekkefjord, især i NRK, og kva verknader det har for eit lite sjukehus å stå aleine i ein slik situasjon.

Ingen av dei innklaga kirurgane arbeider til dømes hjå oss lenger. Om det er ein direkte samanheng, veit eg ikkje, men synd er det i alle fall for ei avdeling som arbeider hardt for å rekruttere dyktige folk. Og medan PFU i makeleg fart drøftar klagen vår, må me konstatere at omdømmet vårt er så skada at det både går ut over arbeidsplassen og pasientane me er til for.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Kronikk og debatt, Dagens Medisin 05/2019

Powered by Labrador CMS