Rask eller langsam medisin?

Lækjaren må jobbe som ein gartnar, «pusle rundt» og bruke tid saman med pasienten.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Lisbeth Homlong

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, fastlege i Oslo (permisjon) og seniorrådgiver i halv stilling i Helsetilsynet

EIN SØNDAG ettermiddag etter nyttår datt mor mi på glattisen og brakk lårhalsen. Ho bur 15 minutt unna lokalsjukehuset og blei raskt henta av ambulanse og køyrt til akuttmottaket på Volda sjukehus. Nokre få timar seinare same kveld låg ho på operasjonsbordet og fekk sett inn ei splitter ny hofteprotese.

Dagen etter gjekk ho rundt i sjukehuskorridorane med preikestol. To dagar etter var ho heime i si eiga stove, smertelindra og ved godt mot. Det kommunale hjelpeapparatet var allereie sett i sving. Heimesjukepleie kom innom same kveld, dagen etter fekk ho besøk av ergoterapeut, og trening hos fysioterapeut var planlagt. Kan ein ønskje seg eit betre og meir effektivt pasientforløp? All kred til lokalsjukehuset i Volda og alle dei gode hjelparane i kommunen!

KVALITET. Historia over er eit godt døme på det som den amerikanske lækjaren Victoria Sweet kallar «fast medicine». I boka «Slow medicine – the way to healing» skriv Sweet om sine eigne røynsler frå ei lang karriere som lege i California, om kollegaer og pasientar ho har møtt – og kva ho har lært om kva som skal til for å stille rette diagnosar og fremje tilfriskning hos pasientar.

Ho kritiserer kommersialiseringa av helsetenesta, og ho er klar på at marknadstankegang, eit framandgjerande språk og eit for stort fokus på kostnadseffektivitet, går utover kvaliteten på pasientbehandlinga. I det moderne helsestellet har medisin blitt til «health care», lækjarar er «health care providers» og pasientane er «health care consumers».

LANGSAM MEDISIN. Ifølgje Sweet har vi i kjølvatnet av denne tankegangen til dels gløymt korleis vi skal praktisere det ho kallar «slow medicine» - eller langsam medisin. Vi har gløymt at medisin både er vitskap, handtverk – og ein kunst.

«Slow medicine» er ei rørsle i medisinsk praksis som var inspirert av den såkalla «slow food»-rørsla. «Slow food», i motsetnad til «fast food», handlar om å dyrke dei enkle gledene ved god mat og kople matglede med pliktkjensle overfor dyr, natur og menneske. Langsam medisin i denne samanhengen betyr at vi må tillate at lækjaren får nok tid saman med pasienten. Som i «slow food»-rørsla handlar det om ein balanse mot dei raska prosessane som reduserer kvaliteten på det du produserer – om det er mat eller helsehjelp.

RASK MEDISIN. Rescusitering ved hjartestans, behandling av livstrugande blødingar, antibiotikabehandling ved sepsis og behandling av brotskader som hos mor mi – alt dette er døme på praktisering av «fast medicine». Alt dette reddar liv og er ein sjølvsagt del av moderne medisin. Og kven vil ha ein treg doktor, langsam kirurgi eller eit saktegåande sjukehus?

«Slow living» handlar om ikkje å springe så fort at vi mistar oss sjølv

Vi kan sjå på kroppen som ei maskin, hjernen ei datamaskin og hjartet ei pumpe. Då er det lækjaren sin jobb å finne ut av kva som er øydelagt og reparere det. Det skjer i den raske delen av medisinen. Men menneskekroppen er meir enn summen av dei enkelte delane. Lækjaren må også jobbe som ein gartnar, «pusle rundt» og bruke tid saman med pasientane for å finne ut av kva som feilar dei, endre det som kan endrast, fjerne det som kan fjernast, slik at kroppen kan lækje seg sjølv.

Sweet illustrerer dette poenget gjennom fleire pasienthistorier i boka si, der ho har brukt tid for å kome fram til rett diagnose og der det har tatt tid å finne den rette behandlinga for å få folk friske.

SANSANE. Eg bur for tida i New York, eg har heimekontor og eg har etter kvart byrja å sette pris på det som eg opplever som eit slags «slow life», i kontrast til det travle livet heime. Når eg ikkje har ein jobb å gå til, kan eg disponere dagane mine mykje etter eigne ønskjer. Eg har fått gjort mange ting som eg ikkje har hatt tid eller krefter til heime, til dømes å lese slike bøker som den over – og ta for meg meg av byen sitt rikhaldige kulturtilbod. Noko av det beste eg veit, er å ha høve til gå på kino på dagtid, slik eg gjorde i studietida.

Mange menneske i det moderne samfunnet opplever at kvardagslivet er hektisk og kaotisk. Ved å ta eit steg tilbake opplever mange at dei får ei større glede ved livet og at dei blir betre i stand til å sanse verda rundt dei. Verda er hektisk, det kan vi ikkje gjere så mykje med. Men vi kan bestemme oss for korleis vi vil leve i den.

«Slow living» handlar om ikkje å springe så fort at vi mistar oss sjølv. Vi må hugse at forskjellige oppgåver treng forskjellig tempo, både i livet og i medisinen.

Referanse: Sweet, Victoria: Slow Medicine. The way to healing, Riverhead Books, New York 2017.

Kronikk og debatt, Dagens Medisin 03/2019

Powered by Labrador CMS