Maktsjuke folk som ser psykose over alt?

Å gå ut frå at psykiaterar er maktsjuke folk som ser sjukdom og psykose over alt, framstår som lite konstruktivt for meg.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.

JEANETTE BJØRKE-BERTHEUSSEN, lege i spesialisering (LIS) psykiatri, Stavanger Universitetssjukehus

I DAGENS MEDISIN (15/2012) skriv Dag Coucheron om psykiatri i krise med utgangspunkt i rettssaka etter 22/7. Han skriv blant anna om si erfaring med at makt til å diagnostisere, blir misbrukt, og det minner han om forhald i statar «vi ikke ønsker å sammenligne oss med».

Like lite som eg personleg har snakka med den domfelte terroristen, og difor ikkje kan seie noko om hans psykiske tilstand, antek eg at Coucheron ikkje har personleg kjennskap til korleis eg jobbar som psykiater.

Generalisering
Eg reagerer difor når han gjer ei slik generalisering – og tillegg meg dunkle motiver og ønsker om makt som eg slett ikkje har.

Eg gjer jobben ut frå eit ønske om å gjere livet betre for pasientane. Tvangsinnlegging, eller tvangsbehandling «så lenge psykiatrien ønsker det», er ikkje eit ønske i seg sjølv, men av og til naudsynte tiltak for mennesker med alvorlege psykiske lidingar.

Ikkje ei straff
Likeeins kan medisiner vere eit supplement til anna behandling, av og til essensielt, og ikkje ei straff eller eit utslag av maktsjuke, slik uttrykket «Sprøyta som sløver» kan gi inntrykk av.

Psykiatri, som fagfelt, er sjølvsagt ikkje ufeilbar, slik ingen andre spesialitetar er. Men å gå ut frå at psykiaterar er maktsjuke folk som ser sjukdom og psykose over alt, framstår lite konstruktivt for meg.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS