Demonar og relasjonar

Som fastlege føler eg meg ofte som ei blanding av lege, terapeut og coach når eg jobbar med pasientar som slit med relasjonane sine.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, fastlege ved Kurbadet legesenter i Oslo og seniorrådgiver i Helsetilsynet

Kva er det som gjer oss til den vi er? Er det slik at familien vår fargar liva våre og vala vi tek, sjølv når vi forsøker å fri oss frå kva foreldra våre og generasjonane før oss har gjort? Er det mogleg å fri seg frå fortida? Dette var utgangspunktet for debatten «Arv, miljø og hvordan vi arver våre foreldre», som Riksteatret arrangerte i høve oppsettinga av Ibsens «Gjengangere» i haust.

I eit forsøk på å få med meg aktuell kulturdebatt, møtte eg opp på Nasjonalbiblioteket ein mild måndagskveld i slutten av august.

ARV OG MILJØ. Det viste seg at fleire enn meg ville høyre Vigdis Hjort diskutere arv og miljø med mellom anna forfattarkollega Tore Renberg og psykoanalytikar Siri Gullestad. Køa utanfor var endelaus. Hundrevis av kvinner, og litt færre menn, stod i kø, men dei fleste måtte gå heim med uforretta sak.

Heldigvis tilbaud Aftenposten «live streaming» på nett, så sjølv blei eg gåande rundt i gatene i Oslo sentrum med debatten på øyret. Den starta med eit sveip gjennom litteraturhistoria. Heilt tilbake til antikken og Kong Ødipus, som drap far sin og gifta seg med mor si.

Arv og miljø har med andre ord vore eit sentralt tema i litteraturen i tusenvis av år. Det seier litt om kor sentralt temaet er for menneska.

SKAM. For dei av dykk som ikkje har skulepensum i norsk friskt i minne: Gjengangere handlar om lagnadstunge val i fortida som har fått alvorlege konsekvensar. Urett som er gjort, som ein prøver å gløyme og dekke over. Men er uretten alvorleg nok, vil den før eller sidan heimsøke oss – og dei som kjem etter oss. Det er dette som skjer når Osvald Alving kjem heim etter at faren er død. Mora hans, fru Alving, har sett fram til å få han heim, men vonbroten må ho innsjå at gjensynet med sonen ikkje blir slik ho hadde håpa. Osvald er alvorleg sjuk, han har fått syfilis, og han klandrar seg sjølv og det utsvevande livet han har levd i Paris.

Fru Alving – som aldri har fortalt sanninga om far til Osvald, som var tungt alkoholisert og notorisk utru– innser at årsaka er ei anna. Det er fortida som innhentar ho – og med det skamma over alt ho har halde skjult.

RELASJONSTRAUME. I Vigdis Hjort sin mykje omtala roman Arv og miljø, slit hovudpersonen Bergljot med overgrep som ho skal ha bli utsett for frå sin far i barndommen, minner ho har fått tilgang til gjennom psykoanalyse. I vaksen alder er det relasjonen til dei andre i familien ho slit mest med, at dei ikkje trur på henne, og at dei ikkje vil høyre hennar versjon.

På fastlegekontoret møter eg ofte pasientar som tek opp problematiske relasjonar til sine næraste. Det kan vere alt frå såre kjensler til alvorlege relasjonstraume knytt til rus, vald og overgrep. Men oftare ei kjensle av ikkje å bli sett eller forstått, stadig bli utsett for urimeleg kritikk, foreldre som behandlar sysken ulikt, sjølvopptatte foreldre – eller ein far eller ei mor som har reist frå partnar og barn.

PSYKISK HELSE. Som regel har eg berre tilgang til den eine sida av saka. Eg må ta høgde for at den andre parten ser ting annleis. Men eg må uansett ta pasienten på alvor, lytte, forsøke å hjelpe dei til å nøste opp i problema dei har. For det er ikkje tvil om at slike relasjonsvanskar påverkar helsa til folk. Det kan føre til alt frå lette tilpassingsproblem til alvorleg psykisk sjukdom.

Nokre opplever at dei får hjelp av å lufte problema med meg, fastlegen, og andre dei har ein nær relasjon til. Andre treng langvarig terapi hos psykolog for å klare å hanskast med familien og fortida si.

DEMONAR. Som fastlege føler eg meg ofte som ei blanding av lege, terapeut og coach når eg jobbar med pasientar som slit med relasjonane sine. «Det er ikkje meir synd på deg enn andre», har psykiater og hypokonderlege Ingvard Wilhelmsen sagt. For dei friskaste av oss er det eit sunt utgangspunkt og ein måte å handtere realitetane i livet på.

Dei færraste av oss treng psykoanalyse, eller annan langvarig psykoterapi. Dei fleste av oss finn andre metodar for å leve vidare med våre demonar. For vi har dei alle saman, i større eller mindre grad. Eit sjølvbilete som gir oss verdigheit. Livsløgner. Gjengangere.

Referanser:
Hjort, Vigdis: Arv og miljø, roman 2016
Ibsen, Henrik: Gjengangere, skuespill 1881

Kronikk og debatt/Legeliv, Dagens Medisin 16/2017

Powered by Labrador CMS