Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • Abonnere
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Statsforvaltaren i Vestland

Assisterande fylkeslege – kommunehelse og -omsorg, Statsforvaltaren i Vestland

Publisert 2022-07-07 10.14
Søknadsfrist: 2022-08-30

Er du lege, og ønskjer nye utfordringar?

Om stillinga

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland har to ledige stillingar som assisterande fylkeslege. Avdelinga har tre seksjonar og kontorstader i Leikanger og Bergen. Desse stillingane er knytt til seksjon kommunehelse og -omsorg, der éi stilling høyrer til kontorstad Leikanger, og éi til kontorstad Bergen. Stillingane er faste, men vi kan om ønskeleg òg tilsette i eit tidsavgrensa engasjement.

Avdelinga har ulike rådgjevings- og forvaltningsoppgåver og fører tilsyn med barneverns-, helse-, omsorgs- og sosialtenestene. Avdelinga har brei kontakt med kommunar, spesialisthelstenester og nasjonale styresmakter.

Vi behandlar enkeltsaker og fører tilsyn med kommunar, helseføretak og institusjonar, gir råd og rettleiing og medverkar til gjennomføring av nasjonale mål. Fylkeslegen leier avdelinga som har tilsette med kompetanse innan barnevern, sosialfag, helse, rettsvitskap, pedagogikk, samfunnsfag og administrasjon.

Arbeidsoppgåvene omfattar medisinskfaglege vurderingar i enkeltsaker og klager, tilsyn med helse- og omsorgstenester og råd og rettleiing til kommunar, helsepersonell og enkeltpersonar. Andre aktuelle oppgåver kan vere innan folkehelse og samfunnsmedisin.

Vi har eit særskilt oppdrag som gjeld fastlegesituasjonen, og er ein pådrivar for systematisk arbeid med kompetanseheving og rekruttering i tenestene. Vi skal òg halde nasjonale styremakter orienterte om utfordringar i tenestene, samordne mellom ulike tenester, og setje i verk nasjonale tiltak.

Arbeidet er variert og inneber samarbeid på tvers av fagfelt. Oppgåvene blir tilpassa kompetansen til den som får stillinga og den samla faglege kompetansen i avdelinga. Vi legg til rette for at tilsette legar hjå oss får gå eit utdanningsløp for å bli samfunnsmedisinarar, dersom dei ikkje allereie er spesialistar ved tilsetting.

Kvalifikasjonar

  • Lege med erfaring frå og god kjennskap til helse- og omsorgstenestene, gjerne spesialist i eller under spesialisering i allmennmedisin eller samfunnsmedisin
  • God arbeidskapasitet

Personlege eigenskapar

Personen vi søkjer må ha gode samarbeidsevner og kunne kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte.

God skriftleg formidlingsevne på nynorsk og bokmål er ein grunnleggjande føresetnad.

Den som får stillinga, må kunne arbeide sjølvstendig innanfor dei fristane som er sett og vere innstilte på å samarbeide nært med kollegaer.

Personlege eigenskapar, fleksibilitet og omstillingsevne blir vektlagt.

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du

  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Omfang: Heiltid

Varigheit: Fast

Vilkår

Stillinga er lønna i stillingskode 0774 ass. fylkeslege, frå kr 920 000–1 000 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.      

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av:

Fylkeslege Sjur Lehmann, fmhosle@statsforvalteren.no,

tlf. 55 57 22 18/ 45 24 58 35

Seksjonssjef Linda Svori, fmsflsv@statsforvalteren.no,

tlf. 57643161/ 93 28 64 42

Om Statsforvaltaren i Vestland

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.

Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.

Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.

Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Lege, Lege i spesialisering

  • Arbeidsgiver

    Statsforvaltaren i Vestland

  • Sted

    Sogndal

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2022-08-30

  • Publiseringsdato

    2022-07-07

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!