Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Abonnere
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Helse Bergen

Vikariat for overlege, Spesialist i psykiatri ved Avdeling alderspsykiatri, Helse Bergen

Publisert 2021-04-07 13.59
Søknadsfrist: 2021-04-30

imagej6qjc.png

Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen image8kxqj.png

Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har tre avdelingar som er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), og tre avdelingar som er lokalisert på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin, Avdeling spiseforstyrringar og Avdeling alderspsykiatri.

Avdeling alderspsykiatri består av to seksjonar: Seksjon for ECT og Seksjon for alderspsykiatri. Seksjon for alderspsykiatri behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Seksjonen har 12 senger, poliklinikk og ambulant team. Seksjon for ECT er ein behandlingseining som gir ECT-behandling til pasientar i opptaksområdet. Vi er lokalisert i Glasblokkene, Haukeland universitetssjukehus.

Avdeling alderspsykiatri har ledig vikariat for overlege, spesialist i psykiatri, frå 20.09.2021 til 31.03.2022

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing/diagnostisering og behandling av enkeltpasientar ved seksjonane tilknytta Avdeling alderspsykiatri 
  • Arbeide i tverrfagleg team
  • Rettleie og formidle kunnskap internt og til samarbeidande instansar
  • Medverke til fagleg utvikling av tenestetilbodet
  • Vere ein aktiv bidragsytar for eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • Ved behov, utføre arbeidsoppgåver ved andre einingar i klinikken som er lokaliserte i BUS

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i voksenpsykiatri, eller i ferd med å sluttføre spesialisering
  • Det er ein fordel med erfaring frå behandling av alderspsykiatriske pasientar
  • Det er ein fordel med erfaring med ECT 
  • Det er eit krav at den som blir tilsett må meistre norsk, både skriftleg og munnleg
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Dokumenterte gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Du er motivert, fleksibel, initiativrik, interessert og har respekt og engasjement for dine medmenneske
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Trivast med å samarbeide på tvers av organisatoriske einingar, og utvikle gode samarbeidsrelasjonar med einingane både innanfor Divisjon psykisk helsevern, dei somatiske einingane i Helse Bergen og eksterne samarbeidspartnarar
  • Vi legg vekt på at søkjaren er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Fagutvikling og forsking
  • Løn etter avtale
  • Stillingar: 1
  • Tilsetjingsform: Vikariat
  • Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4368329203
 
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
 
image1b0ll.png
 
 
Turid Vetaas
Avdelingssjef
55 97 44 15
 
Eirik Kjelby
Overlege
55 97 44 32
imagej345o.pngHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

imagee1v5t.png

Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Overlege / spesialist

  • Arbeidsgiver

    Helse Bergen

  • Sted

    Bergen

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2021-04-30

  • Publiseringsdato

    2021-04-07

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

OMRÅDEGJENNOMGANG AV LEGEMIDLER PÅ BLÅRESEPT

DM Arena The Way Out Of The Pandemic

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!