Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Abonnere
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Rehabiliteringssenteret AiR as

Lege – arbeidsretta rehabilitering - 100 % fast stilling, Rehabiliteringssenteret AiR as

Publisert 2020-06-02 14.31
Søknadsfrist: 2020-08-15

imageiu8s.png

Det er ulike spesialitetar som kan vera aktuelle for AiR, til dømes fysikalsk medisin og rehabilitering, arbeidsmedisin, allmennmedisin, eller andre. Teneste ved AiR – Klinikk er også godkjent som institusjonsteneste for legar i spesialisering som allmennlegar.

Vår profesjon:

AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse medverka til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning. Ofte er det snakk om fysiske eller psykiske utfordringar, som regel i ein kombinasjon.

  • AiR-klinikk har fire team som består av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idretts pedagog.
  • Me har i tillegg eit kartlegging- og vurderingsteam beståande av lege, arbeidskonsulent, samtaleterapeut og fysioterapeut.

Som lege bidreg du med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis, og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane. Du vil også delta i systematisk fagleg utvikling saman med medarbeidarane dine, noko som har stor prioritet i klinikken.

Faglege kvalifikasjonar:

  • God kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Blikk for tverrfaglege funksjonsvurderingar
  • Interesse for undervising og gruppeprosessar
  • Teamspelar som kan gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring med fagområdet er ei føremon, men ikkje eit krav
  • Personlege eigenskapar vert lagt vekt på.

Arbeid- og ansvarsområde:

Medverka til å styrka ressursar og moglegeheiter for personar med samansette plager og nedsett arbeidsevne gjennom:

  • Individuelle konsultasjonar og rettleiing
  • Medisinske vurderingar
  • Søknadsvurdering
  • Fortløpande journal- og epikrisearbeid
  • Undervising
  • Tverrfagleg sparring og samarbeid

Me tilbyr:

  • Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.
  • Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
  • Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
  • Hjelp til å skaffe møblert bustad

Søknadsfrist snarast – me tek søkarar inn til intervju fortløpande og avsluttar prosessen når me har funne den rette.

For meir informasjon, kontakt:

Klinikkleiar Matias I.S.W. Nielsen, tlf. 35 06 28 00, e-post: matias.i.s.w.nielsen@air.no

Ass. klinikkleiar, Siri Mørch på tlf. +47 474 63 408, e-post siri.morch@air.no.

Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/

imageze2im.png

Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Allmennlege, Andre legestillinger, Lege

  • Arbeidsgiver

    Rehabiliteringssenteret AiR as

  • Sted

    Rauland

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2020-08-15

  • Publiseringsdato

    2020-06-02

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

OSLO KOMMUNE OM OMSTRIDT JOURNALPROSJEKT

Helseråd Robert Steen

– Uaktuelt å forplikte oss ytterligere før vi får svar

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!