Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Helse Bergen HF

Avdelingsoverlege Regional sikkerhetsavdeling, Helse Bergen

Publisert 2019-11-14 11.09
Søknadsfrist: 2019-12-15

imagewwgju.png

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Avdelingsoverlege Regional sikkerhetsavdeling

Divisjon psykisk helsevern / Klinikk for sikkerheitspsykiatri

Haukeland universitetssjukehus, Klinikk sikkerheitspsykiatri har no ledig stilling som avdelingsoverlege. Det er 4 avdelingar ved Klinikk sikkerheitspsykiatri:
Regional sikkerhetsavdeling (RSA), Lokal sikkerhetsavdeling (LS), Fengselshelseteneste og Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri.

RSA tar imot personar med alvorlege sinnslidingar og stor risiko for alvorleg valdeleg atferd overfor andre, eventuelt med tilleggsproblem som alvorleg personlegdomsforstyrring og rusmisbruk. RSA skal gje eit tilbod til pasientar i Helseregion Vest. RSA har 10 sengeplassar fordelt på 2 postar. RSA har også oppgåver knytt til rettspsykiatriske døgnobservasjonar etter straffeprosessloven §167.

I samband med at vår Klinikkoverlege går om ikkje lenge av med pensjon lyser vi ut ein nyoppretta stilling som avdelingsoverlege. Avdelingsoverlegen vil vere ein del av leiarteamet i klinikken. Vedkomande vil rapportere til Klinikkdirektør og det må påreknast å vere hennar stedfortredar.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for all behandling som vert gitt ved RSA
  • Ansvar og myndigheit for beslutningar om inntak og pasientflyt i avdelinga.
  • Samarbeide tett og konferere om vesentlige avgjerder om inntak og drift med seksjonsleiar RSA.
  • Avdelingsoverlege skal i samarbeid med klinikkdirektør og leiargruppa i Klinikken vere pådrivar for klinisk arbeid av høg fagleg standard og fagutvikling.
  • Utstrakt samarbeid med dei Lokale sikkerheitsavdelingane i Helse Vest og nasjonalt med dei andre Regionale sikkerheitsavdelingane.
  • Undervising og rettleiing til kommunale helsetenestar, øvrig spesialisthelseteneste og internt i klinikken.
  • Stillinga er knytt til klinisk verksemd med å vere fagleg ansvarleg for pasientar.
  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar og risiko for vald.
  • Arbeidsoppgåver knytt til rettspsykiatriske døgnobservasjonar.
  • Det kan bli aktuelt å ta oppgåver ved andre avdelingar i klinikken ved behov.                   

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embedseksamen med spesialitet innan psykiatri.
  • Erfaring frå sikkerheitspsykiatri og akutt psykiatri vil bli lagt vekt på.
  • Norsk autorisasjon.    

Personlege eigenskapar

  • Evne til å sjå og tenkje heilskap.
  • Evne til å kombinere god leiing med høgt fagleg fokus.
  • God gjennomføringsevne.
  • Inkluderande samarbeidsstil.
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Kan trivast med å arbeide i team med ei krevjande pasientgruppe.
  • Vektlegg tverrfagleg samarbeid internt og eksternt

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gir gode utviklingsmoglegheitar for den rette person.
  • Gode høve til deltaking i interne og eksterne kurs/ konferansar.
  • Heiltid / Deltid: Heiltid
  • Tilsettingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Stillinger: 1

Webcruiter-ID: 4158663959

Arbeidsstad: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Norge

imagejsp8d.png

Kontaktinformasjon

Frøydis Haugan

Klinikkdirektør

908 25 279/ 55 95 83 32

froydis.haugan@helse-bergen.no

imageh8jpsj.png

Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Overlege / spesialist

  • Arbeidsgiver

    Helse Bergen HF

  • Sted

    Bergen

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2019-12-15

  • Publiseringsdato

    2019-11-14

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

Fastlege blir ny statssekretær

Helseministeren om IKT-kritikk

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!