Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Helse Fonna HF

Overlege anestesi fast 75% stilling, Helse Fonna HF

Publisert 2019-11-01 12.03
Søknadsfrist: 2019-11-25

imagez7ds.png

I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Overlege anestesi fast 75% stilling

Seksjon somatikk Odda

Odda sjukehus er lokalsjukehus for Indre Hardanger omegn og dekkjer eit befolkningsgrunnlag på rundt 12000. Odda sjukehus har medisinsk- og kirurgisk akuttberedskap. Vi har eit godt tilbod til pasientar med akuttmedisinske tilstandar. Stabilisering av skadde pasientar før overflytting til større sjukehus. Odda sjukehus har akuttmottak,operasjon, anestesi, overvåking og sengepostar. Alle typar pasientar blir tatt i mot og vurdert for vidare behandling. Vi har godt etablert kirurgisk og medisinsk poliklinikk, dagbehandling, dagkirurgi, laboratoriet og røntgenavdeling. 

Odda er ein kulturby med naturskjøne omgivnader. Det er moglegheiter for mange ulike aktivitetar året rundt. Ein kan nemne turar i fjellet, toppturar, Trolltunga og klatring i Via Ferrata. Alpinanlegg, flotte skiløyper på vinterstid og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet er rikt og variert, som til dømes litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival og blueshelg.

Velkommen til Odda! Les meir om vakre Hardanger på www.hardangerfjord.com/odda

Odda sjukehus ynskjer å tilby fast overlegestilling til motivert og positiv anestesiolog.
Anestesiavdeling Odda sjukehus er organisert under Helse Fonna Haugesund sjukehus. Vi har eit høgt tverrfagleg nivå.

Helse Fonna søkjer ein spesialist med brei erfaring innan anestesi. Arbeidsplan med intensivt arbeid ein periode som består av både aktiv og passiv teneste, etterfølgt av ein periode med lengre fritid, gir muligheit for eit annleis liv og arbeidsliv. Arbeidstidsordninga krev ei stor grad av sjølvstendigheit og beslutningsevne.

  • Ber om at de legg ved kopi av relevant utdanning og attestar i søknaden.
  • Oppgje tre referansar, der ein skal være siste arbeidsgiver

 Arbeidsoppgåver

  • Allsidige arbeidsoppgåver knytt til akutt og elektiv verksemd.
  • Supervisjon/vegleiing og undervisning av LIS 1, medisinstudentar og andre profesjonar

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon og beherske eit skandinavisk språk både skriftlig og munnleg
  • Den som blir tilsett, må om nødvendig, delta i undervisning av leger i spesialisering
  • Personleg eigna blir vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til både samarbeid og sjølvstendigjobbing
  • Faglig interesse og engasjement for spesialiteten
  • Strukturert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Personlig eigna, herunder ansvarsfølelse, gode samarbeidsevner og pasientomsorg, vil bli vektlagt.
  • ​Stor arbeidskapasitet.

Vi tilbyr

  • Totallønn i henhold til individuell avtale
  • Tilsetting skjer på dei vilkår som til ei kvar tid framgår av gjeldande lover, tariffavtaler og reglement
  • Det er pliktig medlemskap i pensjonsordning
  • Om ein treng hybel/leilighet, så kan sjukehuset være behjelpleg
  • Heiltid / Deltid: Deltid
  • Tilsettingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 75
  • Stillinger: 1

Webcruiter-ID: 4149351846

Arbeidsstad: Sjukehusvegen 1, 5750 Odda, Norge

imagemvtlr.png

Kontaktinformasjon

Kari Marie Tjelmeland
Seksjonsleiar Somatikk Odda
53 65 11 20

imagehu8yl.png

Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Overlege / spesialist

  • Arbeidsgiver

    Helse Fonna HF

  • Sted

    Odda

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2019-11-25

  • Publiseringsdato

    2019-11-01

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

Helseministeren om IKT-kritikk

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!