Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Helse Fonna HF

Overlege nevrologi, Helse Fonna HF

Publisert 2019-10-29 10.57
Søknadsfrist: 2019-11-17

images4sqs.png

I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Overlege nevrologi

Nevrologi/slag seksjon

Helse Fonna, Haugesund sjukehus, har ledig ein fast 100% stilling som overlege i nevrologi.

Nevrologisk seksjon er organisert i medisinsk klinikk, saman med indremedisinske seksjonar, habilitering og pediatri. 
Seksjonen har poliklinikk (generell og spesialpoliklinikker), nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med 9 senger til generell nevrologi og 6 senger til slagpost.
Sjukehuset har ein radiologisk avdeling med bl anna MR og DATscan.

Innan nevrologi har vi for tida 7 overlegestillingar og 8 stillingar for LIS.

Arbeidsoppgåver

  • Overlege jobbar på sengepost saman med LIS, har eigen poliklinikk, og har vakter etter fast turnus
  • Det er moglegheit for subspesialisering innan nevrologi
  • Undervisning og supervisering av LIS
  • Det er for tida 6-delt vakt for overlegane, med aktiv vakt fram til k 20 og døgnkontinuerlig tilstedevakt for LIS
  • Dersom søkjaren har godkjenning som nevrofysiolog kan det bli aktuelt med delt nevrolog-/nevrofysiolog stilling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som nevrolog er eit krav 
  • Det er eit krav at søkjaren meistrar norsk eller anna skandinavisk språk godt, skriftleg og munnleg
  • Kandidatar som er snart ferdige som spesialist og kan konstituerast er også velkomne til å søka

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein entusiastisk og omgjengeleg nevrolog
  • Du har god motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Høg arbeidskapasitet
  • Fokus på kvalitet
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Arbeid- og lønnsvilkår blir avtalt på grunnlag av gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Årleg 10 dagar fri med lønn til kurs / kongress og NOK 20.000 til fordjuping 
  • Sjukehuset kan hjelpa til med å skaffa personalbustad og barnehageplass
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå, moglegheit for deltaking i relevante studiar
  • Deltid stiling kan drøftast om ønskeleg
  • Heiltid / Deltid: Heiltid
  • Tilsettingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Stillinger: 1

Webcruiter-ID: 4150915767

Arbeidsstad: Karmsundgata 120, 5504 Haugesund

imagesw499.png

Kontaktinformasjon

Ineke Hogenesch
Seksjonsleiar
52 73 25 90
ineke.hogenesch@helse-fonna.no

imageczda.png

Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Overlege / spesialist

  • Arbeidsgiver

    Helse Fonna HF

  • Sted

    Haugesund

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2019-11-17

  • Publiseringsdato

    2019-10-29

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!