Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Helse Fonna HF

Overlege - Liason, Helse Fonna HF

Publisert 2019-09-11 09.19
Søknadsfrist: 2019-09-29

imagetih2e.png

I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Overlege - Liason

Spesialisert behandling seksjon Haugesund

Liason teneste ved Haugesund sjukehus er i ein oppbygging, og vi har fokus på å tidleg fange opp helseskadeleg bruk av rus og psyksike lidelser da desse gjerne først kjem i kontakt med somatiske helsetenestar.

Utover det interne samarbeidet inn mot somatiske avdelingar, samarbeidar vi tett mot DPS, rusinstitusjonar og kommunale tenestar. Stillinga gir god moglegheit for å bygge kompetanse innen psykosomatikk og det vil være gode moglegheiter for å være med å utforme tenestene.

Seksjonen er i ein svært spennande prosess med både nybygg og integrering av psykiatrisk og somatisk mottak.

Stillinga er knytt til behandlerteam som har ansvar for akuttpost og liasonverksemd ved Haugesund sjukehus. Teamet har samla sett følgande stillinger: 2 overlegar, 2 psykologspesialistar, 2 LIS, 1 turnuslege og 1 Rus/Liaison sjukepleiar.

Ved Helse Fonna skjer mykje spennande forsking, både innan feltet med psykisk utviklingshemming, alderspsykiatri og kvalitetsforbetring. Fire ansatte i seksjonen har fullført PhD.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre tilsyn på pasientar innlagt ved somatiske sengepostar for vurdering av behandlingsbehov/suicidalitet m.m
  • Bistå ved behov i andre enheter i seksjonen
  • Undervisning
  • Veiledning 

Kvalifikasjonar

  • Søkar må ha norsk spesialistgodkjenning innen psykiatri
  • Erfaring fra CL psykiatri er ønskeleg.
  • Ønskeleg med erfaring frå somatiske avdelingar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. "Ikkje-nordiske statsborgarar" må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tilpassar deg lett, og er løysningsorientert og fleksibel

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Heiltid / Deltid: Heiltid
  • Tilsettingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Stillinger: 1

Webcruiter-ID: 4123239350

Arbeidsstad: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

image6se5d.png

Kontaktinformasjon

Heine Hagenberg
Seksjonsleiar/psykologspesialist
942 46 548
heine.hagenberg@helse-fonna.no

imagez0aq.png

Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Overlege / spesialist

  • Arbeidsgiver

    Helse Fonna HF

  • Sted

    Haugesund

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2019-09-29

  • Publiseringsdato

    2019-09-11

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

REGJERINGENS PLANER OM SAMMENSLÅING AV SYKEHUS I NORD

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!