Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Helse Bergen - Haukeland universitetssjukehus

Helse Bergen, Avdelingsdirektør ved Lungeavdelinga

Publisert 2019-07-09 11.06
Søknadsfrist: 2019-08-11

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Avdelingsdirektør ved Lungeavdelinga

Helse Bergen - Haukeland universitetssjukehus

Vi søkjer etter ein avdelingsdirektør som ønskjer å leie ei ambisiøs avdeling med stort fokus på kontinuerleg forbetring i pasientbehandling og pasientforløp 
  
Lungeavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus er ei av landets største lungemedisinske einingar og er leiande innan lungemedisinsk pasientbehandling, utdanning og forsking. Avdelinga har både nasjonale og regionale oppgåver og dekkjer alle områda innan fagfeltet.
 
Du skal leie dyktige fagfolk og leiarar. Du evner å setje i verk tiltak og prosessar gjennom godt samarbeid, eit solid forbetringsperspektiv og handlekraft.
 
Om Lungeavdelinga
Lungeavdelinga har som mål å gje god behandling og omsorg som byggjer på nyaste forsking innan lungesjukdommar, pusteproblem eller respirasjonssvikt grunna andre sjukdomar. Vi tilbyr diagnostikk, behandling, rehabilitering og førebygging av sjukdommar i respirasjonsorgana. Avdelinga er eit ressurssenter for lungemedisin i Helse Vest og har eit høgt internasjonalt nivå og eit sterkt forskingsmiljø. Avdelinga har to sengepostar, eit senter for søvnmedisin samt ei avdeling for poliklinikk og dagbehandling. Pasientar med lungekreft, cystisk fibrose, tuberkulose og heimerespiratorbehandling sokner alle til Lungeavdelinga. Det er omlag 200 tilsette ved Lungeavdelinga og eit budsjett på rundt 200 millionar kroner. Les meir om Lungeavdelinga her.
 
Lungeavdelinga arbeider aktivt og kontinuerleg med fagutvikling og tverrfagleg systematisk forbetringsarbeid gjennom blant anna mikrosystem og forløpsarbeid.    
 
Du er ein leiar som ønskjer å vidareutvikle det kontinuerlege forbetringsarbeidet i avdelinga. Som leiar for Lungeavdelinga må du ha god fagleg innsikt og forstå balansen mellom god klinisk drift, forsking og utvikling. Som direktør for Lungeavdelinga vil du rapportere til administrerande direktør og være ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus.          

Arbeidsoppgåver
  • Skape effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
  • Gjennomføre strategi-, verdi- og haldningsarbeid
  • Sikre rett utvikling av behandling gjennom medisinsk prioritering. Være ein aktiv bidragsytar for å leggje til rette for pasientens helseteneste
  • Samarbeide tett med andre einingar på sjukehuset
  • Samhandle med primærhelsetenesta, universitet og høgskular
  • Sikre koordinering av den daglege drifta, god kvalitet og medisinsk prioritering, innanfor tildelte rammar
  • Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønskje om kontinuerlig å forbetre tenestene og eigen arbeidskvardag
  • Bidra til vidareutvikling i forbetringsarbeidet i avdelinga og på sjukehuset
  • Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
  • Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
  • Medansvar for at føretaket når sine mål
Kvalifikasjonar
  • Helsefagleg, medisinsk-, eller anna relevant høgare utdanning på masternivå
  • God og relevant leiarerfaring og/eller -utdanning
  • God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
  • God kunnskap og erfaring innan forbetringsarbeid og -prosessar
  • Erfaring med mål- og strategiarbeid
  • Erfaring frå resultatoppfølging
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid 
Personlege eigenskapar
  • Handlekraftig, inspirerande og inkluderande
  • God kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • Overordna styrings- og gjennomføringsevne
  • Heilskapleg og samfunnsmessig forståing
  • God økonomi- og organisasjonsforståing
  • Strukturert og planmessig i arbeidet
  • Robust
  • Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
  • Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft
Vi tilbyr
  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste
  • pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale
Søknadsfrist:
11.08.2019
Arbeidsgivar:
Helse Bergen
Stad:
Bergen
Tittel:
Avdelingsdirektør ved Lungeavdelinga
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsettingsform:
Fast
 
Webcruiter-ID:
4100452276
 
 
Tove Huse Bjerkevoll
Rådgivar innan leiarrekruttering
48073834
Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Leder

  • Arbeidsgiver

    Helse Bergen - Haukeland universitetssjukehus

  • Sted

    Bergen

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2019-08-11

  • Publiseringsdato

    2019-07-09

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!