Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Helse Bergen

Avdelingssjef ved Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi - Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus

Publisert 2019-04-12 12.26
Søknadsfrist: 2019-05-05

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Vår erfarne og dyktige leiar går av med pensjon og vi søkjer ny avdelingssjef ved Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi.

Avdelinga greier ut og behandlar pasientar med sjukdommar i skjoldbruskkjertel, biskjoldbruskkjertel, binyrer og den endokrine del av bukspyttkjertel. Brystundersøking av kvinner blir også utført her i samarbeid med Brystdiagnostisk senter. Avdelinga er ei av fem fagavdelingar ved Kirurgisk klinikk. Vi har ein stor poliklinikk med polikliniske operasjonsstover og vi deler sengepost med Urologisk avdeling ved Kirurgisk avdeling. Det er 9 årsverk ved avdelinga og omlag like mange legar som sjukepleiarar, budsjettet er på om lag 17 millionar kroner.
Les meir om Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi på heimesidene våre.

Som ny leiar vil du ha eit overordna og sjølvstendig ansvar for å sikre eit fagleg godt og triveleg arbeidsmiljø med påliteleg drift, god pasientbehandling og fokus på pasienttryggleik. Du vil også ha eit sjølvstendig personal- og økonomiansvar.

Som avdelingssjef skal du bidra til gode løysingar og pasientforløp i tett samhandling med fleire einingar ved sjukehuset.

Vi forventar at du som leiar varetek rolla som kulturbyggjar i avdelinga og vil bidra til at vi i Kirurgisk klinikk og ved Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi fungerer som eit positivt og fagleg fellesskap. Vi ønsker oss ein avdelingssjef med solide kunnskapar innan fagfeltet samt vilje til å prioritere satsinga på det pasientnære, kliniske arbeidet.

Avdelingssjef for Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi rapporterer og sit i leiargruppa til klinikkdirektør i Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre god og fagleg forsvarleg drift av Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi.
  • Overordna fag-, personal- og resultatansvar
  • Legge til rette for forsking, fagutvikling og kontinuerlig forbetringsarbeid
  • Ansvar for god resursstyring, pasienttryggleik og kvalitet i avdelinga
  • Mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammar og strategiar

Kvalifikasjonar

  • Høgare helsefaglig utdanning frå universitet eller høgskule
  • Kunnskap og relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • Relevant leiarutdanning og -erfaring er ønskjeleg
  • Erfaring frå prosjekt-, kvalitet- og forbetringsarbeid
  • Erfaring frå utvikling av team
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av yrkesgrupper, avdelingar og nivå i helsetenesta er ønskjeleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Opptatt av å gjere andre gode, er engasjert og engasjerer andre
  • Trivst med å motivere og samle dei tilsette om felles mål. Kan samstundes stille krav til seg sjølv og medarbeidarane for å nå desse måla
  • God økonomi- og organisasjonsforståing
  • Er analytisk og strategisk
  • Har gjennomføringsevne og tek avgjersler til det beste for heilskapen
  • Vektlegg tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Har fokus på å skape og å bidra til eit godt og lærande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og resultatorientert arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling, også som leiar
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Lønn etter avtale

Nøkkelinformasjon:

  • Ref. nr.: 4061740064
  • Stillingsbrøk: 100%
  • Fast heltid
  • Tal på stillingar: 1

Kontaktinfo:

John-Helge Heimdal

Klinikkdirektør

(+47) 932 69 470

Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Leder

  • Arbeidsgiver

    Helse Bergen

  • Sted

    Bergen

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2019-05-05

  • Publiseringsdato

    2019-04-12

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

DM Arena-møter

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!