Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Helse Bergen

Overlegestilling i allergologi ved Yrkesmedisinsk avdeling, Helse Bergen

Publisert 2018-10-12 10.20
Søknadsfrist: 2018-11-05

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

 

Overlegestilling i allergologi ved Yrkesmedisinsk avdeling

Ledig stilling som overlege i allergologi. Stillinga er knytt til Seksjon for klinisk spesialallergologi (SKS), Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har ansvar for helseregion III (Rogaland, Hordaland samt Sogn og Fjordane). Seksjonen utgjer også Regionalt senter for astma, allergi og anna overfølsemd i Helse Vest (RAAO Helse Vest), eit av 4 regionale allergisentre i Noreg.

Seksjon for klinisk spesialallergologi (SKS) er ein tverrfagleg spesialpoliklinikk som gjev eit utfyllande tilbod til utgreiing og behandling av allergiske sjukdommar, og såleis er eit tillegg til den allergologiske verksemda som elles finst ved Haukeland universitetsjukehus. SKS har over mange år bygd opp fagkompetanse innan allergi og annan hypersensitivitet. Særleg fokus har vore på å utvikle spesialallergologiske tilbod innan utgreiing av anafylaksi, yrkesallergi, matallergi/-intoleranse, legemiddeloverfølsemd, multiallergi, allergen immunterapi og allergologisk laboratoriediagnostikk. Ved yrkesmedisinsk avdeling tilbys også utgreiing ved hudlege og av yrkesastma med spesifikk bronkial provokasjon i provokasjonskammer.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga vil i tillegg til primært poliklinisk verksemd medføre undervising og annan kompetanseformidling til pasientar, helsepersonell, medisinske studentar og legar i vidare- og etterutdanning. Regionalt senter for astma, allergi og anna overfølsemd Helse Vest (RAAO Helse Vest) har viktige oppgåver knytt til undervising om allergi, både for anna helsepersonell og befolkning, utvikling av faglege allerginettverk i samarbeid med annan kompetanse ved sjukehuset og allergiforsking.

Kvalifikasjonar

  • Til stillinga søkjer vi ferdig spesialist med klinisk erfaring frå arbeid med allergirelaterte sjukdommar.
  • Særleg oppfordrast spesialistar i dermatologi, lunge- og barnemedisin å søkje.
  • Godkjenning i kompetanseområdet allergologi vil bli lagt vekt på.
  • Forskingserfaring er ønskjeleg.
  • Søkjar må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg.
  • Søkjar må ha norsk autorisasjon.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Personlege eigenskapar

  • Arbeidets karakter og at det er få tilsette ved seksjonen gjer at det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i tverrfaglege team og nettverk beståande av fagpersonell frå ulike fagspesialitetar og disiplinar.

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit aktivt miljø, med gode samarbeidsrelasjonar, og spanande arbeidsoppgåver.
  • Med SKS og seksjon for allergi- og proteinanalysar ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi som sentrale einingar er det etablert tverrfaglege og avdelingsovergripande nettverk i fagområdet allergologi ved sjukehuset, samt regionalt og nasjonalt.
  • I samarbeid med Universitetet i Bergen og andre lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar er det etablert brei forskingsverksemd ved avdelinga.

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Nøkkelinformasjon:

  • Ref. nr.: 3951083453
  • Stillingsbrøk: 100%
  • Fast heltid
  • Startdato: 01.01.2019
  • Tal på stillingar: 1

Kontaktinfo:

Torgeir Storaas

Seksjonsoverlege

(+47) 55 97 39 03

torgeir.storaas@helse-bergen.no

Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Overlege / spesialist

  • Arbeidsgiver

    Helse Bergen

  • Sted

    Bergen

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2018-11-05

  • Publiseringsdato

    2018-10-12

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

Utbetalinger fra legemiddelindustrien

Slik sikret Danmark full åpenhet om industripengene

Bilde av Joachim Henriksen

Utbetalinger fra legemiddelindustrien

Samarbeider kun med åpne leger

Utbetalinger fra legemiddelindustrien

Søk i utbetalingene fra legemiddelindustrien

Oslo universitetssykehus

Går av som HR-direktør ved OUS

Kommende DM Arena-møter

Tidligere DM Arena-møter

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!