Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Helse- og omsorgsdepartementet

Direktør for Helsedirektoratet

Publisert 2018-10-11 15.05
Søknadsfrist: 2018-11-05

Helsedirektoratet er eit fag- og styringsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Direktoratet har ca. 590 tilsette i Oslo og Trondheim. Helsedirektoratet skal vere med på å styrkje folkehelsa og utvikle gode helsetenester gjennom heilskapleg og målretta arbeid på tvers av tenester, sektorar og forvaltingsnivå. Det tyder mellom anna at verksemda skal vere ein fagleg rådgjevar, setje i verk vedteken politikk, og forvalte lov og regelverk innanfor helsesektoren. Attåt dette har Helsedirektoratet eit heilskapleg ansvar for den nasjonale helseberedskapen. Les meir på helsedirektoratet.no.

Helsedirektøren har ansvar for å leie og utvikle organisasjonen både fagleg og administrativt. Direktøren representerer Helsedirektoratet overfor ei rekkje samarbeidspartnarar i offentleg forvalting og i forskings- og fagmiljø.

Vi søkjer ein direktør som:

  • er strategisk orientert
  • har fagleg autoritet
  • har god rolleforståing og høg personleg integritet
  • er resultat- og utviklingsorientert og har god gjennomføringsevne
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evner å byggje gode samarbeidsrelasjonar med andre styremakter, sektoren og brukarorganisasjonar

Vi søkjer ein direktør med desse kvalifikasjonane:

  • medisinsk embetseksamen eller anna høgare utdanning
  • erfaring som toppleiar frå større verksemder
  • brei samfunnsforståing og innsikt i politiske prosessar
  • god kjennskap til helse- og omsorgssektoren og utfordringane på området
  • erfaring frå beredskapsarbeid og krisehandtering
  • erfaring med mediekontakt og formidlingsarbeid

Den som vert tilsett, må vere norsk statsborgar og kunne verte tryggingsklarert for strengt hemmeleg.

Vi tilbyr:

  • løn etter avtale innanfor statens leiarlønssystem
  • utfordrande arbeidsoppgåver
  • ei fagleg spennande verksemd med engasjerte og dyktige kollegaer
  • fem veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar

Tilsetjing skjer i eit åremål på seks år, med høve til éin ny åremålsperiode.

Interesserte kan før søknadsfristen ta konfidensiell kontakt med Geir Fottland i ISCO Group, tlf. 22 06 87 00 eller fottland@iscogroup.no. Meir informasjon får du òg ved ekspedisjonssjef Espen Aasen i Helse- og omsorgsdepartementet på tlf. 913 53 290.

Søknad med CV må registrerast så snart som råd, og seinast innan 5. november 2018.

Etter at søknadsfristen er ute, vert det utarbeidt ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at dersom du har ønske om unnatak frå offentleggjering, må du grunngje dette og leggje ved søknaden. Søkjarar som har bede om konfidensiell handsaming, kan likevel førast opp på søkjarlista. I så fall vert søkjaren varsla før offentleggjering.

bilde.png

Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Direktørstillinger, Leder

  • Arbeidsgiver

    Helse- og omsorgsdepartementet

  • Sted

    Oslo

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2018-11-05

  • Publiseringsdato

    2018-10-11

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

Utbetalinger fra legemiddelindustrien

Slik sikret Danmark full åpenhet om industripengene

Bilde av Joachim Henriksen

Utbetalinger fra legemiddelindustrien

Samarbeider kun med åpne leger

Utbetalinger fra legemiddelindustrien

Søk i utbetalingene fra legemiddelindustrien

Oslo universitetssykehus

Går av som HR-direktør ved OUS

Kommende DM Arena-møter

Tidligere DM Arena-møter

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!