Kjersti Toppes blogg

Om reservasjonsrett - eller moglegheit

Denne artikkelen er mer enn 10 år gammel.

Kjersti Toppe

Kjersti Toppe er stortingspolitiker for Senterpartiet fra Hordaland og er nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen. Ho har tidlegare vore medlem av Bergen bystyre og Hordaland Fylkesting, og er lege av utdanning.

Helseminister Høie sitt høyringsforslag om reservasjonsmoglegheit for fastlegar skapar debatt. Senterpartiet si stortingsgruppe er fristilt, og det er ulike syn i partiet. Eg er av dei som meiner at regjeringa sitt forslag er ei balansert løysing i ei komplisert sak. Eg ønskjer ingen omkamp om abortlovgivinga, eg meiner dagens lovverk og rettar må ligge til grunn. Eg støttar ikkje ein lovbestemt reservasjonsrett for fastlegar. Er ein til dømes lege i ein liten kommune, med få andre legar og/eller lang avstand til andre legar - skal det ikkje vere mogleg å reservere seg mot å tilvise for abort. Det vil gå ut over kvinner i ein sårbar situasjon, og vil gjere det vanskeleg for kvinner å få sine lovbestemte rettar innfridd. Ein fastlege skal derfor ikkje ha rett til å reservere seg.
Likevel har det heilt sidan abortlova vart innført, vore ein praksis i Norge til liks med fleire andre land, om ikkje å nekte kommunar å la enkeltlegar likevel få muligheit til å reservere seg, dersom bestemte kriterier ligg til grunn. Praksisen har ikkje vore omfattande, og har vore akseptert av både Helsetilsynet og Helse- og omsorgsdepartementet inntil 2011 .Til dømes kan det gjelde legar som jobbar fleire i lag på større legekontor, og som har avtalar med dei andre. Det overordna er at kvinnene er sikra sine lovbestemte rettar, på ein god måte, og sjølvsagt at det ikkje fører til endra praktisering eller respekt for abortlova - at den står fast.
I dag er det stor politisk semje om at legar skal ha ein lovfesta rett til å reservere seg mot å utføre abort. Vi aksepterer dermed reservasjonsrett for helsepersonell i saker som gjeld liv og død, som ein viktig verdi i eit liberalt samfunn. Men debatten no er om legar også skal ha ein mogligheit til å reservere seg mot å tilvise til abort. Den debatten har eg stor respekt for. Mange synes at det her er eit opplagt skilje, andre ikkje. Men kor går skilje for samvit, kven skal definere det og kortid skal ein ta omsyn til det?
I FNs erklæring om menneskerettar artikkel 18, står det klart at «Enhver har rett til tanke-, samvittighets- og religionsfrihet». Europarådets resolusjon 1763 (2010) aktualiserer dette for fastlegar ved å seie at «Ingen person, sykehus eller institusjon skal bli presset, haldt ansvarlig eller diskriminerast på bakgrunn av at man nekter å utføre, tilrettelegge, assistere eller henvise til abort». Europarådet skil altså ikkje mellom å utføre - og å tilvise/ tilrettelegging for abort. Dei oppmodar sine medlemsstatar til å utvikle klare og dekkande retningsliner som definerer og regulerer fridomen for helsepersonell til å reservere seg mot visse oppgåver av samvitsgrunnar.
Heller ikkje Legeforeninga lagar eit absolutt skilje mellom tilvising og behandling når det gjeld reservasjon: «Legeforeningen mener at alvorlige samvittighetsgrunner knyttet til liv og død kan gi grunnlag for at leger gis reservasjonsmulighet for deltakelse i henvisning og behandling. Legers reservasjonsmulighet skal ikke være til hinder for befolkningens lovbestemte rettigheter. Reservasjonsmulighetene må derfor vurderes lokalt i helsetjenesten på en slik måte at disse hensyn kan ivaretas. Pasientene skal alltid møtes med forståelse og respekt. Forutsigbarhet for pasientene må sikres gjennom god informasjon.»
At helsepersonell av samvitsgrunnar skal kunne reservere seg i saker som gjeld liv og død, er ein verdi, men også eit stort dilemma: Legen sin eventuelle rett til å reservere seg mot behandling, mot pasientens juridiske rett til å motta behandling. Eg har respekt for at enkelte legar finn det problematisk og i strid med eiga overbevisning å tilvise til abort. Men pasientane sine rettar må også sikrast. Det er overordna, og grunnen til at fastlegar ikkje bør få ein lovfesta rett til reservasjon.
Eg er derfor positiv til høyringssaka frå Regjeringa. Høyringsrunden vil vise om det mogleg å balansere dei to sidene i saka på ein god måte. Det er bra at Regjeringa i høyringsforslaget er tydeleg på at spørsmål om  reservasjon er avgrensa til abort, og ikkje gjeld prevensjon eller tilvising til assistert befruktning.
Det er også viktig å få fram at i følgje abortforskrifta §1 har alle abortsøkande kvinner ein  lovfesta rett til å ta  direkte kontakt med sjukehus. I dag er det markerte regionale forskjellar i sjukehusa sin praksis for å ta i mot abortsøkande kvinner direkte. Ordninga er for mange kvinner også lite kjent. Her bør helse- og omsorgsministeren syte for lik praksis i alle helseføretak, og betre opplysning om tilbodet.

Powered by Labrador CMS