Bjørg Bakkes blogg

Tips til deg som søkjer turnus

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Bjørg Bakke

Bjørg Bakke er 6.års medisinstudent ved Universitetet i Bergen.
Hun var tidligere leder i Norsk medisinstudentforening (Nmf).

Med ei lita dose humor.

1. Det er for seint å tenkje på turnus rett før du skal søke – bruk studietida! Tida er over for å surre den vekk. Skal du ha turnus må du ha gjort ein innsats, elles kjem andre å tek plassen din. Er tross alt titals fleire studentar enn plassar. Dette er ein test på om du er god i matte, elles er det kanskje lurt med endå eitt år på Bjørknes.

2. Dei fleste av dei større sjukehusa verdsett akuttmedisinsk erfaring – søk deg sommarjobb i ambulansen, arbeid på ferdighetssenter på universitetet ditt eller få deg jobb i akuttmottak. Helst bli ambulansesjåfør.

3. Reis på utveksling, og lær deg eit ekstra språk. Løner seg å ha foreldre som snakkar framand til deg, men overtal dei til å gje deg eit norsk namn. You get my point?

4. Det lønner seg å forske, sjølv om du kanskje ikkje er så interessert i temaet. Dei største sjukehusa byrjar å ha som mål at alle ein tilsett som LIS skal ha, eller vere i ferd med å ta ein doktorgrad. Masseproduksjon av vitskaplege artiklar FTW! Tenk doktorgrad før du er ferdig med studiet.

5. ARBEIDSERFARING som lege. Essensielt! Her gjeld det å ha foreldre med rett yrke. Eventuelt ein onkel. Du kan også søke, men då ring ring ring! Dette er det viktigaste punktet, min gode ven. Men hugs at psykiatri er annanrangs. Det tel ikkje like mykje som erfaring innanfor somatikken.

6. Verv, tillitsverv, og andre engasjement utover det å vere medisinstudent. Viser at du mestrar det å vere kronisk overarbeidd. (les: visstnok livet som lege!)

7. Ikkje ha kroniske sjukdommar eller vere gravid. På Haukeland Universitetssjukehus og Voss sjukehus er dei opptekne av dette. Dei ynskjer å tilrettelegge (les: makulere søknaden din) for at du skal gjere ein god jobb, viss du til dømes skulle vere gravid eller ha rusproblem. Ikkje nøl viss dei spør om dette på intervju. Tenk pokerfjes, eventuelt sei at du har ete veldig mange bollar i det siste.

8. Helst vere overlege. Det beste er om du er utlært på forhand. Så slepp ein å tilsette fleire LIS og overlegar. Læring skjer før barnehagen, kjære deg. Etter det er barndommen til for systematisk læring.

9. Ring ring ring! Det sit langt inne, men det løner seg. Dei mindre og mellomstore sjukehusa tilsett deg ikkje om du ikkje har ringt. Dei tenkjer "Har du ikkje ringt, vil du ikkje ha turnusplass." Sørlandet spesielt! På Sørlandet brukar dei eigentleg ikkje turnusportalen – dei nyttar telefonen. Ver klar over at du må skjønne dialekten deira. Det kan vere lurt å ha ei ordbok i nærleiken.

10. Gjerne ha andre relevante utdanningar. Det beste er om du er både hjelpepleiar og sjukepleiar, så får sjukehuset 3 i 1. Super innsparingsmoglegheit! Du kan også gjerne hospitere litt, gratis sjølvsagt. Då får du garantert turnus på mindre sjukehus.

11. Prøv å overtal foreldra dine før du blir fødd til å bli gut. Dei fleste gutar får turnus. Eventuelt kan du bruke lausskjegg, og trene kjempemasse på forhand.

12. Sel deg sjølv, kvinne og mann! Ikkje ver redd for å vise kva du kan, men du treng ikkje vere arrogant av den grunn. Fokuser på dine styrker – ikkje dine svakheiter. Fake it til you make it!

13. Har du karakterar, og helst A og B, legg dei ved. Vis at du er eit medisinsk leksikon. Har universitetet ditt ikkje karakterar, bør du ta ein alvorsprat med rektor.

14. Det lønner seg kanskje også å vere litt eldre enn akkurat ute av barnehagen (les: universitetet). Reis og lev livet! Bare hugs at du må oppfylle alle dei andre krava også. Få alle borna du ynskjer i studietida. Ingen ynskjer ei snelle med bolle i ovnen, vertfall ikkje på Vestlandet.

15. Alternativet er å gå på NAV, eventuelt bli saksbehandlar der.

16. Det finst stader med oversiktlege søknadssystem, sikt deg inn mot det dei ynskjer.

17. Får du SMS frå ein leiar på sjukehuset i Førde seint ein laurdagskveld, så er ikkje dette ein god gamaldags "booty call". Unngå å svar som om du skulle vere med i tv-serien Førdes Anatomy. Unnskyld, Grey´s Anatomy var det vel?

18. Pris deg lykkeleg viss du får turnus, og viss du ikkje får turnus, så skaff deg arbeidserfaring som lege til neste runde.

Alt er mogleg – ikkje gjev opp!

Powered by Labrador CMS